torsdag 29. november 2007

Peparkaker




Denne oppskrifta har eg sikkert liggande på ein minnepenn på nynorsk til skulebruk. Til dobbel oppskrift går det med ein fløytekartong og ein liten boks sirup.

Samtidig vil eg reklamere litt for denne kokeboka skriven for born. Her finn ein sunne og gode middagsoppskrifter, saltmat til selskap i tillegg til kaker og "godteri".

Årets bok?



Då eg høyrde at dei skaffa lydbøker etter ønske i Ørsta, tenkte eg at eg skulle vere like frimodig. Eg nemnde at eg hadde sett at forfattaren av Drageløperen hadde kome ut med ny bok og lydbok. Dei hadde trongt budsjett, men ville ringe meg om dei fekk tak i henne. Eg må innrømme at eg tok det som eit vennleg "dessverre", og tenkte eg fekk sette lydboka på ønskelista.
Men i dag ringta altså biblioteket!
Eg gler meg! No står første CD-en til ripping.
Drageløparen gjorde eit sterkt inntrykk på meg, og viss denne kjem i nærheita, vert det bra!

søndag 25. november 2007

Lefsebakedag


To av kollegaene mine har lenge snakka om at vi burde hatt oss ein lefsebakedag på kjøkenet. Det er kjekt å vere fleire saman, sjølv om vi baka kvar sine deigar. Olaug vart med og røpa talent både i deiglaging, smøring og ikkje minst kjevling. Dette lovar bra for framtida!

Lefsebaking






fredag 23. november 2007

Hareid Junior (G 19)

Då eg starta denne bloggen, trudde eg det skulle bli mykje fotballprat. Men så kom sesonslutt, og det har vore ein roleg periode. Denne helga er det innandørs KM for juniorane. Hareid har vunne si gruppe i dag og går dermed vidare søndag. Dei interesserte kan lese på hareidil.no. Dei svært interesserte kan klikke seg vidare til brattvåg si side.

onsdag 21. november 2007

Besteforeldrefest



I dag har vi hatt besteforeldrefest.
Kunst og handverk dekka og pynta bord medan Mat og helse smurde rundstykke, laga til lefser og søst, blanda saft og kokte kaffi. Blomsterdekorasjonane laga hjelpte Signe oss med å lage i går. Dei lodda vi ut. Klassene laga program til festen.

Det er åttande året vi har hatt dette opplegget. Vi synest det er kjekt at besteforeldra kan få kome på skulen ein gong i løpet av dei tre ungdomsskuleåra. Ungdomane får lære tradisjonsmat av besteforeldra. Det er alltid god stemning både under bakinga og på festen!

p.s. Det nedste bildet har eg scanna frå Vikebladet tysdag.

søndag 18. november 2007

Eg gler meg til undergangen!



Og det er denne undergangen det er snakk om!
Eg veit at ikkje alle er enige med meg, men eg meiner det blir eit stort framsteg å køyre under fjorden! Det siste vi veit no, er at opninga er utsett til 23. februar.
Bilda er tatt i 12-tida i dag.

Gutane




Erlend, Eirik og Håkon.

Jentene


Tre av dei 10 søskenbarna i morsslekta er jenter.
Olaug, Ingeborg og Amanda.

laurdag 17. november 2007

Karamellpudding


Bror min laga eit ordtak då han var liten: "Det er verre med litt karamellpudding enn ingen karamellpudding". Desse to har eg laga til i morgon.
--
Slik lagar eg karamellpudding:
Set først ei tolitersform på plata.
Ha i 1 1/2 dl sukker som du smeltar til karamellsaus.
Fordel karamellsausen litt oppover kantane.
--
7-8 egg
1/2 dl sukker
1 1/2 ts vaniljesukker
1 l mjølk
1. Pisk lett saman egg og sukker.
2. Spe med mjølka.
3. Sil mjølkeblandinga ned i forma.
4. Set forma inn i omnen i vassbad.
--
Det er mange måtar å steike karamellpuddingen på. I dag hadde eg god tid, så eg sette den i kald omn på 125. Etter ca 1/2 time slo eg den ned på 110-15 og let den stå til den hadde fått farge og blitt stiv. Det kan ta nokre timar. Då sette eg den ned på 100 og let den stå til den hadde fått eit par sprekker. Eg stakk ein kniv ned i ei av sprekkene for å sjekke at den er gjennomsteikt. Det er den i grunnen alltid når den har fått sprekker.

På ønskelista?

Eg ser at nokre har begynt å legge ut julegåvetips på bloggane sine.
Her er eit påar frå meg:
--
Desse kjøkenreiskapa kjøpte eg til meg sjølv på hos Åse Dimmen i Ulsteinvik torsdag. Røreskeia i silikon erstattar tresleiver. Eg har ei raud frå før som eg til og med har steikt bacon med. Kjekt med alt som kan vaskast i maskin. Steikespaden er same sort som vart steikt på den kasserte steikepanna mi. Eg har vore på jakt etter ny ei stund. Den er brei og høver godt m.a. til å steike fisk.

Engletrompet



For vel ei veke sidan klipte eg ned engletrompeten.
Eg rista av han all molda og hadde han over i ei plastpotte.
På nærbildet kan de sjå friske skot.
Slyngplanten er ein pasjonsblomst som eg kjøpte på Lidl i vår.
Framhald følgjer, håper eg.
p.s.
Der ligg eit bilde av engletrompeten under Brugmansia i september.

fredag 16. november 2007

Lefser

5 1/2 dl mjølk

700 g kveitemjøl
50 g mjuk margarin
2 ms sukker

1/2 pk gjær
2 ms vatn
1 ts bakepulver

1. Kok opp mjølka.
2. Smuldre margarinen i mjøl blanda med sukker.
3. Hell kokande mjølk over mjølblandinga.
Stamp mjølka inn i mjølet med ei tresleiv.
Rør så lite som muleg så deigen ikkje vert seig.
Lat deigen kjøle seg litt ned.
4. Rør ut gjæren i i vatnet og ha han i deigen saman med bakepulveret.
5. Arbeid deigen saman med hendene.
Form deigen som ein rull og del i 12 emne.
6. Kjevle ut lefsene på eit godt underlag t.d. seglduk.
7. Steik lefsene på ei takke.
Den sist steikte sida er pensida og skal vere ut når vi smør.
8. Legg lefsene i ein stabel med fuktige handdukar imellom.
(Vri opp eller sentrifuger dei på 600)
9. Snu bunken. Smør og brett lefsene.

Smøring/klining til 36 lefser
1 kg smør/margarin
4 1/2 dl sukker
Rør til sukkeret løyser seg.
No er lefsene klare til servering eller frysing.

onsdag 14. november 2007

Lefsebakeveke

Denne veka bakar vi lefser saman med bestemødrer/fedrar.
D.v.s. det dukkar opp både tanter og oldemødre.
I dag stilte ei bestemor på 88 år saman med systra si på 84.
Det trur eg er aldersrekord oppover.

Lefsene skal vi servere på besteforeldrefesten neste onsdag.
Vi smaker sjølvsagt på dei den dagen vi bakar dei også.
Då smør vi også på rundstykke og drikk te/kaffi.
I år er det 8. året vi har dette opplegget.

Eg skal legge ut lefseoppskrift på bloggen i morgon.
Då kan de legge inn spørsmål viss de har lyst å prøve å bake
og lurer på noko.

Spennande slutt.


TV-serien enda like spennande som boka. Men då vi las ferdig boka, eksisterte det ikkje noko framhald. No har eg lånt boka og lese dei to første sidene. Eg seier ikkje meir enn at det var akkurat dette som måtte skje, heilt typisk Anne B. Ragde.

tysdag 13. november 2007

Dei vi fikk han med sa at han ikkje kom til å bli tam!



Dei tok feil....Dei sa at han ikkje kom til å bli tam, men sjå her! I dag var han inne og eg lærte han å hoppe opp i senga med kant. Fyrste gongen hang føtene att men det gikk bra som vanleg.( med teppe på) På bilde er han heilt avslappa..
~^^Olaug^^~

søndag 11. november 2007

laurdag 10. november 2007

Samanhekling

Eg fekk ein brosjyre av mamma i Ørsta, så no trur eg at eg veit korleis eg skal hekle saman rutene. Det må først vere fastmaskar rundt alle rutene. Eg kjem til å ha dei i mellomblått, trur eg. Etterpå heklar ein dei saman med fastmaskar eller ein slags kjedemaskar. Der kjem eg til å bruke same farge.

Bigsetmessa


Øystein og eg var på bigsetmessa eit par timar i dag.
Odd og Ronald song, og Øystein las frå boka i tillegg til å signere bøker.
---
Eg var rundt og såg på alle standane. Der var sal av alt frå honning og elgpølse til handarbeid av alle slag og bøker. Eg enda med å kjøpe ei bordkonkurransebok.
---
Medan Øystein signerte, kjøpte eg meg kaffi og kaker og prata med kjentfolk.

Utsikt mot melshornet


Fredag kom snøen hit også! Dette er utsikt frå altanen vår.
---
Olaug har vore i kyrkja saman med 10-åringane og øvd til i morgon.
Dei har hatt to samlingar på Bigset bedehus med godt oppmøte.
I dag var dei visst heller få.
---
Håkon skal på Open hall 20-24. Det er for alle ungdomsskuleelevar. Dei kan vere med på aktivitetar i hallen eller sjå film. Eg veit ikkje om der er ope basseng.
Det brukar å vere open hall cirka ein gong i månaden.

søndag 4. november 2007

Handarbeid

Då vi fekk dei nye stolane i hus forrige helg, fekk eg ein idé om at det hadde vore fint med eit gammaldags hekleteppe i eine stolen. No har eg tatt fram heklekroken og gjeve meg sjølv løyve til å hekle ei rute for dag og feste trådane. (Eg har ei vond skulder som eg ikkje bør irritere.)

Det eg ikkje veit, er korleis eg skal feste dei saman. Skal eg sy eller hekle saman? Her tek eg imot tips. Korleis går det med strikkemor(o) sitt?

Hareid i dag


I dag sette eg ei svinesteik i omnen og gjekk ein tur midt på dagen saman med ei venninne av meg. Det gjer godt å kome seg ut i sola. Vanlegvis går vi tur kvar tysdag halv åtte saman med dei av kollegaer og tidlegare kollegaer som dukkar opp. Forrige tysdag gjekk vi rundt vatnet i måneskin.

P.s. Eg hadde planer om å ta bilde inn mot Ørsta, men stygge telefonstolpar stod i vegen.

Hareid Skule

Olaug går for tida på Bigset skule saman med alle andre 5.-7.-klassingar frå Hareid. Det er meininga at dei skal ned att til Hareid neste skuleår. Gymsalen skal stå ferdig til neste jul.

Bildet viser at dei er ferdige med å rive den gamle delen med gymsal.

fredag 2. november 2007

Seibiff med løk

Denne veka har vi laga seibiff til middag og semulepudding til dessert.
Eg registrerer at dette framleis er den mest populære fiskeretten.
Semulepudding er ikkje i den nye kokeboka, så vi fann oppskrifta i den gamle.

P.s.
I går såg eg Kokebok for alle i bokhandelen på Amfi i Ulsteinvik på nynorsk til 99 kr.

Haustkaktus




No står tre hauskaktusar/novemberkaktusar i full blomst medan 10-12 andre står med knuppar!

torsdag 1. november 2007

Ny steikepanne


Eg har vore på utkikk etter ei ny steikepanne.
I dag fann eg ei på Christiania Glassmagasin til 499,-.
Jarnsteikepanna er omtrent like fin etter 20 års bruk.
Til kjøt og pannekaker er den best, men eg likar å ha ei
med anna belegg til fisk.

Denne skal tole metallreiskap og oppvaskmaskin,
men eg trur eg skal vere forsiktig med begge deler.