torsdag 1. november 2007

Ny steikepanne


Eg har vore på utkikk etter ei ny steikepanne.
I dag fann eg ei på Christiania Glassmagasin til 499,-.
Jarnsteikepanna er omtrent like fin etter 20 års bruk.
Til kjøt og pannekaker er den best, men eg likar å ha ei
med anna belegg til fisk.

Denne skal tole metallreiskap og oppvaskmaskin,
men eg trur eg skal vere forsiktig med begge deler.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Steikepanne i oppvaskmaskin er kanskje for godt til å vere sant?

Besta sa...

Kjøpte meg ei ny steikepanne på Moa ifjor, med teflonbelegg.Men eg brukar like mykje feitt på den som på andre steikepanner. Jernpannene dreg kanskje LITT meir og så er dei tunge. Men gir best steikeresultat-også på fisk.
Har eit steikepannelager i kjellaren som du kan få sjå på.........

Besta sa...

Gløymde å seie at du aldri må sette steikepanna tom på full varme, det er slik eg har øydelagt mine teflonpanner, trur eg.

solveig sa...

Det var ikkje eg som sette på den forrige skikkelege teflonsteikepanna mi med steikespaden i og gjekk frå den - for å seie det sånn.
s