onsdag 21. november 2007

Besteforeldrefest



I dag har vi hatt besteforeldrefest.
Kunst og handverk dekka og pynta bord medan Mat og helse smurde rundstykke, laga til lefser og søst, blanda saft og kokte kaffi. Blomsterdekorasjonane laga hjelpte Signe oss med å lage i går. Dei lodda vi ut. Klassene laga program til festen.

Det er åttande året vi har hatt dette opplegget. Vi synest det er kjekt at besteforeldra kan få kome på skulen ein gong i løpet av dei tre ungdomsskuleåra. Ungdomane får lære tradisjonsmat av besteforeldra. Det er alltid god stemning både under bakinga og på festen!

p.s. Det nedste bildet har eg scanna frå Vikebladet tysdag.

1 kommentar:

Milena sa...

Flott pynta!
Mykje arbeid...
He ikkje laga lefser enda,blei litt travelt med bakinga til andre.