fredag 2. november 2007

Seibiff med løk

Denne veka har vi laga seibiff til middag og semulepudding til dessert.
Eg registrerer at dette framleis er den mest populære fiskeretten.
Semulepudding er ikkje i den nye kokeboka, så vi fann oppskrifta i den gamle.

P.s.
I går såg eg Kokebok for alle i bokhandelen på Amfi i Ulsteinvik på nynorsk til 99 kr.

2 kommentarer:

Besta sa...

Du får kreve provisjon av salet på boka slik som du reklamerer.
Vi hadde seibiff på min måte sist onsdag.Heldt på å ete oss forderva.Det er så godt. I dag hadde vi kokt salta lange. Kjempegodt det også. Fisk er topp!!!!!!!!
Eller for å rime litt: Fisk er sunt, året rundt!!Hørt den før, eller?

arieldog sa...

Ingeborg og klassa laga grove horn og pølsegryte torsdag. Ho seier det var godt, men smaksprøva eg fekk på horn gav meg ein kraftig hikke medan eg kjørte heim frå jobb. I morgon skal eg prøve ei ny oppskrift, sidan eg har mista yndlingsheftet mitt med kakeoppskrifter. Skal bake noko som heiter "Death by Chocolate" og ta med på Jane Austen-klubben.