søndag 30. september 2007

Sunnmørssopp langs stien


Vart inspirert av strikkemor(o) sitt soppbilde.

Søndagstur til Eikå



I dag gjekk vi over den nye Eiksundbrua og over Eikå.
Vi gjekk saman med eit par naboar.
Det vart ein del "gøyme og leite" og klatring undervegs.
Ingen av oss hadde vore der før.

Bryllaup Laurdag








Laurdag var eg i brullaup, begynte kl.2 og eg var heime ca.halv 8
Eg for med veninda mi , ho med vart bedd i bryllaup. Det var
Victoria og Patrick som skulle gifte seg .
Olaug-

laurdag 29. september 2007

Flott fjellver




Gjekk ein flott tur i eit fantastisk haustver i dag! Løset - Kvamstua - Kongsvollen - Blåtind - Eiksund. Nydeleg utsikt mot Liadalsnipa-Ørstafjorden og Eiksundbrua-Rovdefjorden. Varmt i sola! Hareidstrimekspressen (Solveig i Opel Zafira) bringa og henta.
Ø

fredag 28. september 2007

Solveig sjuk


Det starta onsdag ettermiddag med at det var eit ork å lette på seg i 5-tida for å vaske kle.
Eg trudde eg berre var slapp. Dagen før var eg i full form og gjekk rundt vatnet saman med ei venninne.Så eg unte meg ein sløv ettemiddag. Dessverre gløste eg på eit jordmorprogram samtidig som eg var på nettet.Det resulterte i at eg svima av. (Sist eg svima av var då dei tvinga meg til å dusje etter at Audun var fødd"Må eg?Eg kjem til å svime av?" Det vart avfeia, og eg veit ikkje kven som var bleikast då eg svima av. Dette er altså snart 18 år sidan).
Så vart eg kvalm og kasta opp to gongar i løpet av kvelden. Eg sat i stolen og halvsov og var kvalm. (Sist eg kasta opp er 14 år sidan.)
Torsdag morgon sat eg med telefonkatalogen i handa og penn og papir i den andre for å skrive vikarinstruks. Men så fekk eg lyst på mat og kom meg litt. Eg hadde tre timar der eg også tok imot varer. Eg prøvde å løfte ein mjølpakning, men fekk fort ein elev til å hjelpe meg. Etter at den siste eleven gjekk ut døra, måtte eg sette meg ned for å ikkje svime av.
Så køyrde eg heim og orka ikkje sitte i ein stol, men låg for det meste i sofaen resten av dagen.
(Sist eg låg i sofaen var ved millenniumskiftet.) Tilsaman tok eg 5 paracet, utan at det hjelpte
mot hovudverk.
I dag er eg mykje betre. Eg har ete og drukke kaffi. (Var hovudverken kaffiabstinens?)
Eg er framleis svimmel og sveittar lett, men det er bagatellar!
Konklusjon: Eg er sjeldan sjuk, og har berre godt av å bli det for å sette pris på å vere frisk!
s

måndag 24. september 2007

MINNESTEINEN I SCALLOWAY, SHETLAND





Søndag 23.september kom Øystein att frå ein 12-dagars tur til Shetland, Orknøyane og Skottland (med endestasjon i London). I Scalloway fann han denne minnesteinen over dei nordmennene som omkom på Shetlandsbussane sine turar over Nordsjøen. Ein av desse var Sjur Olai Trovåg, som var mannskap ombord i Brattholm. Kvar kommune som miste folk i denne trafikken under krigen, sende ein stein som dette monumentet er bygd av.
Elles var folket i Scalloway svært medvitne om det tette sambandet mellom Shetland og Noreg. Og det var fleire av dei litt eldre innbyggjararane som kunne snakke ganske godt norsk.
Ø

søndag 23. september 2007

Nusse og gensaren 23.september


Her er Nusse.I dag har han komt inn ,og han kosar seg.Han kosar seg når eg har på meg gensaren.Han er veldig tam. Før hadde vi ei kanin som heitte Sniffe.Han brukte god tid på å slikke den rein.Nusse slikkar den ikkje han berre ventar på at han skal på kos og at vi skal klappe han .( Dei er like tame)

laurdag 22. september 2007

Balljente på Aksla

I dag har eg vore balljente på Aksla.Eg tok hurtigbåten til Ålesund( var veldig mykje bølger på sjøen!!!!!alle holdt seg fast) vi gikk opp trappene til Aksla.Vi måtte holde kvar si jente frå Fortuna.Eg fikk plass rett bak målet,der kom ikkje meir enn 2 balla .Fortuna hadde ein god keeper så de fleste ballane vart redda.I pausa fikk vi gratis pølse og brus.Når det hadde gått ei stund vart det 1-0 til Fortuna deretter 2-0..Vi måtte rope heiarope som fotballaget vora har Sjølv om vi ikkje hadde spelt.Det er altid ein som blir heven i lufta,denne gongen vart det nok eg.
Kampen kjem på TV mandag TVsunnmøre halv sju og utover. ~olaug~

fredag 21. september 2007

Vaflar


For nokre år sidan laga vi vaflar kvar fredag. Det var nok Asgeir som inspirerte oss.
Så oppdaga vi at vaflar er reinsleg samanlikna med brødskiver når ein har reine golv.
I år er eg så heldig å ha undervisningsfri fredagane. Barneskulen låner kjøkenet i utbyggingsperioden på Hareid Skule. Så no får eg vaske fredag føremiddag.
Olaug kjem heim klokka elleve. I dag kosa vi oss med "Brustadvaflar".


Vaflar med havregryn

1 1/2 dl havregryn
1 dl kveitemjøl
2 ms sukker
1 ts bakepulver
1 krm salt
1 ts kardemomme/vaniljesukker
3 dl mjølk søt/syrna
2 egg
2 ms flytande margarin

Nye støvlettar


Plutseleg er alle skorne og støvlettane til Olaug to nummer for små.
Eg prøvde meg med at det er vel cherroxver heile året, men ingen forstod ironien.
Det enda med desse "waterproffe" i størrelse 37.


p.s. Ho som arvar skal få svarte bestestøvlettar, brune støvlettar (Hugsar du cowboy-Laila?) og raude snøjoggarar.

måndag 17. september 2007

Nye lydbøker


Måndagane er biblioteket ope til 19, så det passar godt å gå seg ein ettermiddagstur då.

Forrige veke leverte eg berre inn ei bok utan å finne noko nytt å lese.
I dag hadde dei heldigvis fått inn ny forsyning med lydbøker.
Det var nesten vanskeleg å velje!
Eg har nettopp lese ut "Dyp" av Mankell,
og det vert nok til at eg startar på "Leopardens øye" i morgon.


Det er plass til 4 bøker på MP3-spelaren min.
Olaug fekk arve den det berre var plass til ei bok på.
Eg høyrer ca 1 CD kvar dag. Det vert mest når eg går i staden for å sykle.
Vaskedagen rekk eg 2....

søndag 16. september 2007

Dimnaleikane











I dag har Olaug vore på Dimnaleikane på høddvol.
Eg har tatt in del bilder.
Ei som heitte Andrea var veldg god.
Olaug hadde aldri sett ho før,
ho varfrå Måløy trur vi.
o
p.s.
Viss nokon lurer på kvifor Håkon ikkje er med, så er han skada.
Han fekk ein strekk på ein fotballkamp for 13 dagar sidan, og skal ta det med ro i 2 veker.
D.v.s. litt småtrening no, men han skal ikkje spele kampar denne veka.
Forrige helg gjekk han glipp av NCC leikane i Stjørdal.
Elles saknar to lag spissen sin.
s

laurdag 15. september 2007

Kristtorn og Klematis



Kristtornen kjem frå Nåra.
Var det i påska 99 eg fekk ein avleggar av onkel Rolf?
Klematisen er ikkje så fin lenger, men framfor kjem ein høg plante som har gule blomster.
Eg kjøpte den på Pecas i fjor, men har gløymt namnet.
Det er ofte slik at ein set mest pris på det første og det siste som blomstrar i hagen.

Smuldrepai med eple

Einar reiste til Trondheim torsdag, så det vart ikkje laga nokon stor eplepai.
Han skal vere der eit par dagar før han reiser til Bodø att.
Men oppskrifta skal de få. Eg får legge til bilde ein annan gong. (Det innlegget finn de her)

Eplepai

2 dl kveitemjøl
2-3 ms sukker
(1/2 dl nøttekjernar)
75 g smør

Fyll:
500 g eple
1/2 dl sukker

1. Set omnen på 225 grader. Smør ei paiform.
2. (Mal nøttene) Bland alle ingrediensane i ein foodprosessor.
Køyr på middels fart til deigen er grovknudrete.
3. Skrell epla og skjer dei i båtar/bitar og legg dei i forma.
Dryss på sukker og fordel deigen over.
4. Steik ca 25 minutt.

Dette er oppskrifta eg tek utgangspunkt i når eg lagar smuldrepai.
Til ei stor lasagneform gongar eg eplefyllet med tre og doblar smuldredeigen.
Eg brukar alltid meierismør - ikkje margarin.
Viss ein har litt rosiner i, svell dei ut med væske frå epla.

Server denne kaka lunken med krem til!

Handarbeid

Handarbeid var yndlingsfaget mitt både i grunnskulen og på lærarskulen.
Men ei vond skulder gjer at eg har lagt hobbyen til side.
Men sjå kva ein får kjøpt for ei 50-lapp på Kid!
Heilt etter Olaug sin smak!

Grønkål


Eg likar å dyrke noko nytt kvart år.
I år sådde eg grønkål, men har enno ikkje laga noko av han.
Først forsynte kålsommarfugllarvane seg av han, og den vart kaninfor.
No har larvane flytta til blomkarsen.
I går sende eg ein pose grønkålblad med ei venninne.
Eg får studere litt oppskrifter seinare, for no er grønkålen fin og apetittleg.
Elles har eg sådd isbergsalat, purre, skvåsj og ulike graskar.
Isbergsalaten prikla eg ut litt for tett, men vi åt ein del av den i sommar.
No har det vore så mykje regn at den rotnar. Men kanina lever godt!
Purreløken kan eg nok begynne å høste av.
Skvåsj brukar eg å ha altfor mykje av, men i år fekk han ein dårleg start.
Eg har nok til meg sjølv, men lite å gje vekk.
Kva det vert av graskara, står att å sjå.
Eg strødde dessutan utover nokre asiatisk kål-frø.
Det kom ulike sortar. Mykje kaninmat for 5 kr i frø.

Brugmansia


Denne engletrompeten fekk eg i mai av ei venninne som takk for ei teneste.
I løpet av sommaren har den vorte ei busk. No håper eg berre at eg greier å ta vare på den til neste år!

Datatrøbbel

Datamaskina vår står i sju steinar. (Den stasjonere, vi har to berbare og eg har ei berbar på jobb som eg ikkje gidd å bere.)
D.v.s den viser oppstart av Windows i eitt sekund og så begynner den med svart oppstart igjen.
Eg veit ikkje om det kan ha noko med det store straumbrotet/utkoblinga i går. Dette skjedde i går kveld medan Håkon var på internett.
T.o.m. naudnummeret virka ikkje i går, berre lensmennene hadde telefonnr, høyrde vi på radioen.
Og kva kan de gjere?
Sidan eg må inn på telenor for å lese e-post, hadde det vore kjekt om de sende ein e-post til meg med "God helg", så får eg lagra dykk. Kun mamma si e-postadresse ligg lagra frå før.

God helg til alle!

fredag 14. september 2007

IDOL 2007

Olaug har lyst til å diskutere Idol med søskenbarn og tremenningar, og "Besta" sjølvsagt.
Viss nokon veit korleis vi lagar skravlebrett???
Elles kan de sjølvsagt skrive kommentarar til dette innlegget!

Muffins

Eg såg desse muffinsformene i Jerniakatalogen.
Det er silikonformer som kan brukast om att.
Olaug og eg baka eplemuffins etter skulekjøkenboka.
Ein sparer steiketid og ein slepp å skjere opp ei kake,
så det er praktisk til skulekjøkenbruk.
Formene var nesten reine etter bruk. Dei toler oppvaskmaskin.


Berbar PC


I går kjøpte Audun seg berbar PC.

torsdag 13. september 2007

Sommaren er slutt?

Om sommaren kjøper eg ikkje så mange inneplantar.
Eg vil vere mest muleg ute.
Men i dag lokka Lidl med plantar til 20 kroner.
Då er det freistande å fornye stove og kjøken.
Dei gule krysantemene passar godt til kjøkengardinene,
sjølv om det ikkje er påske.

Formfeitt


Denne flaska går under "Kjekt å ha".
No når formfeittflaskene er fjerna frå hyllene eller erstatta med flasker av dårlegare kvalitet, er dette eit godt og miljøvennleg alternativ.
Ein fyller flaska med t.d. rapsolje og pumpar før ein sprayar. Greit til vaffeljernet også.

Denne kjøpte eg for 149 kr på Christianina Glassmagasin. Jernia og Eurospar har billegare alternativ.

tysdag 11. september 2007

Håkon har tatt av strengen.


No har Håkon endeleg tatt av strengen.
Han stiller ikkje opp til fotografering, så de får nøye dykk med eit bilde frå hagen i dag
Audun og Einar er på Color Line.
Dei som er interesserte i fotball må gå inn på www.hareidil.no og trykke på fotball.
Einar er redaktør for den sida ut sesongen.
Ørstingane får trøste seg med at på Hareid har Frp gått kraftig tilbake.
Proteststemmene gjekk til Folkelista i år.
SV stod lenge utan mandat, men fekk inn ein representant som før.

søndag 9. september 2007

Kokebok for alle


I år har alle 93-modellane fått seg ny, flott kokebok.
Dei har fornya "Frå bollar til burritos".
Elevane mine har den med på skulen kvar gong, og vi brukar den mest muleg.

Kva skil den nye frå den gamle?
Først og fremst er ho ryddigare og har større bilde.
Der er lagt til mange nye spennande rettar med grønsaker i.
Det har vorte sagt at nordmenn godt kunne byte ut poteta med andre grønsaker.
Denne boka viser korleis.

Oppskriftene er grovare. Forrige veke laga vi vaflar med havregryn.
Dei var lette å steike og smakte kjempegodt.
Komande veke skal vi lære å lage grove rundstykke. Dei er også med havregryn.

Nokre sider saknar eg allereie t.d. sidene om frukt og bær og saft og sylting.
Elles er faktasidene om gjærbakst vekke.

Det skal visst vere råd å kjøpe bokmålsutgava for ca 100 kr.
Neste år vert det vel fleire i slekta som får den. Var ikkje 94 eit godt år?

Eplekake


I dag har eg laga mat og høyrt "Dyp" av Henning Mankell.

Først laga eg eplekake frå den nye kokeboka for ungdomsskulen, så laga eg omnsteikte grønsaker og steikte nakkekotelettar til. Eg tok beinet av kotelettane og delte dei i to før eg steikte dei. Beina la eg i ein plastpose med eit par teskeier salt, så vert dei suppekraft seinare i veka.

Einar er heime frå Bodø, og han er spesielt glad i eplekake.

Eg brukar å seie det finst tre typar elevar; dei som vil ha eplekake utan eple, dei som likar eplekake og dei som spør om å få krem til........

Oppskrifta var grei, der var nøtter og rosiner i også. Dette er dobbel porsjon.

Nusse på tur


Olaug brukar å trille kaniner saman med to venninner.Næraste nabo har to hermelinkaniner og nabojenta tvers over vegen har ein dvergvedder. Nusse er ein bastard, faren er dvergvedder og mora er løvehode. Denne blandinga har gjeve sterk avkom.

Midt på dag i dag glimta det til med fint ver, så kaninene fekk seg ein luftetur.

For dei handarbeidsinteresserte, så er teppet det siste eg laga til Baby Born.

Fritidsaktivitetar for Olaug


Jazzballett , Fotball, Friidrett og Klarinett.

laurdag 8. september 2007

Laurdagskveld


No er det fotballkamp i stova.Vi damene har bestemt oss for å lage blogg utan hjelp...
For det er ikkje råd å få. Kjem det ut text og bilde i dag er vi stolte av oss sjølve.