fredag 2. juli 2010

Når katten er borte ...

Band på katten?  Frøkna har forlangt at viss katten skal ut, ja så skal han gå i band!  Kattepassarane har tatt litt lett på det.  Katten har storkosa seg med å gå i hælane på oss.  Innimellom har han erta kaninane.  Eg har enno tilgode å leie ein katt i band.

I går skjedde det som ikkje skulle skje.  Medan eg stod og hengte opp kle, kom der ein traktor nedanfrå og svinga rett inn på marka ovanfor oss så det dundra i bakken.  Katten, som er livredd motoren på plenklipparen, vart plutseleg søkk vekk.  Vi leita rundt om på eigedomen, men tenkte at så snart traktoren tek kvelden, så ville katten dukke opp.  Men nei, ingen katt å sjå!

Kattar kjem heim når dei er svoltne.  Kattar finn alltid heim att. Det er mykje trøyst å få.  Men kva om katten har dotte i drensrøret og runne rett i havet?  Slike tankar held eg for meg sjølv, eller kanskje ikkje.  Skal ein førebu seg på det verste?  Det er berre å innrømme at ein har blitt glad i dette vesenet.

Vi gjekk kvar sine runder i nabolaget.  Eg gjekk den siste etter midnatt.  Det einaste eg følte meg  rimeleg sikker på, var at han ikkje var påkøyrt.  Vi måtte berre legge oss og la døra til katterommet stå open.  Eg må berre tilstå at eg var oppe i femtida og sjekka. Då eg sovna igjen, drøymde eg at eg fann katten og alle vart lykkelege!

Er eg sanndrøymt?  Nå, ja.  Frøkna hadde laga etterlysingslappar til å henge på postkassestativa.  Venninnene stod klare til å vere med.  Det er mykje støtte å få. Eg skulle til å vatne skvåsjen då eg høyrer mjauing, og katten står der som om ingen ting hadde skjedd.  Men svolten var han, og trøytt.

Før han fekk seg mat og kvile, måtte han innom kaningarden.  I dag gjekk Nusse rett på sak.  Ingen flira då eg spurte kva dette kunne bli?  Kaninpusar?
Gardsarbeidet går raskt føre seg.  I dag var to traktorar i sving og laga rundballar.  Katten var sjølvsagt innestengd.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Det var ei lette at denne historia hadde "happy ending"!

solveig sa...

;-) men eg trur Nusse skal få fred for katten. Håper ho tok skrekken.

Anlen sa...

Gratulerer med dagen:)

solveig sa...

Takk for det!