onsdag 21. juli 2010

Bok 33: Nynorske noveller

Då eg skulle begynne på denne novellesamlinga, oppdaga eg at den hadde same forfattar som den førre nynorskboka eg hadde lånt.  Kanskje eg ville like novellene betre enn kortprosaen? 

For å yte tekstane størst muleg rettferd, valde eg å ikkje lese for mange om gongen.  Likevel må konklusjonen bli at der er eit par gode, og at resten er heller inkjeseiande, slik det ofte er når ein kjøper ein CD.

Av og til glimtar forfattaren til med gode bilde og uttrykk. No meiner eg framleis at språket øydelegg mykje, i alle fall for meg. Det kling ikkje. Eg har lært at hennes er klammeform i nynorsk.  Men forfattaren burde vite at det heiter kaffi. 

I morgon skal eg stikke innom og levere inn att bøker og lydbøker.  Så får eg sjå om eg finn meg ei ny nynorskbok av ein annan forfattar.


1 kommentar:

Besta sa...

På GOD BOK på Face Book finn du mange gode tips om bøker som folk likar. Sjølv har eg mange liggande, kjem liksom ikkje av flekken med den eg held på med.