søndag 31. mai 2009

Bok 31: Siste i serien


Eg har lese nokre i denne serien på 10 bøker om detektiven som er onkel til ein kokk. Saman eller kvar for seg, løyser dei ulike gåter. Bøkene har element av miljøvern, helst "redd regnskogen".
---
Boka er absolutt fengande med element av eventyr.
Les gjerne meir her eller her.

Hagen i dag

No står peonar og roser i knopp.

Plantekjøp

Når ein står midt i eit drivhus med hundrevis av plantar, må ein ha ein plan. Kvart år prøver eg å finne ein "ny" plante. Denne gule har eg ikkje sett før, og namnet har eg gløymt. Dei hadde planten i fleire fargar. Rosavariantane hadde ein kvitgrøn farge på blada.
Nellikar i tre fargar. Eg likar å "kræsje" raudt og rosa. Desse kan eg plante i bed til hausten, og er eg heldig, kjem dei att neste år.
Fargevalet mitt i år vart gult, blått og rosa.
Spanske margerittar finn ein på tilbod både i blomsterbutikkar og daglegvarebutikkar. Men denne varianten har eg ikkje sett før. Den skal få stå saman med den kvite engletrompeten.

I taket på drivhusa heng der hundrevis av amplar. I år valde eg å kjøpe to små til 99 kr pr stk, i staden for ein stor til 199,-. Eg fall for kombinasjonen mørk rosa og gult.

Denne blå heng over engletrompeten.

I ampelen frå i fjor planta eg gul bidens saman med mørk rosa surfina (?). I fjor vart ampelen eg planta i sjølv flottast på seinsommaren.

laurdag 30. mai 2009

Flora Norvegica



I år rakk vi berre ei rask butikkrunde i Fosnavågen. I fjor handla vi begge på eit glasmagasin. Det vart ikkje kjøpt noko i dag, men vi vart ståande å beundre dette flotte serviset. Berre klikk dykk inn og sjå alle kombinasjonsmulegheitene. Her er det både sommarfuglar, bjørk og jordbær.
---
Om eg skal kjøpe noko? Nei då, eg berre kikar!
---
p.s
For oss som har kvitt servise; dei hadde serviettar i same mønster.

Staden er Syvde

I dag var mi venninne M og eg på det som har vorte den årlege turen til plantesenteret på Nerlandsøya. Vi stoppa og i Fosnavågen og åt ostekake og drakk kaffi. For første gong var det så flott at vi kunne sitte ute på bryggja.
I år la vi inn ei ekstraoppleving; ein tur til Syvden. Bilda er tatt frå utedekket oppe på ferja.
Ein kollega av oss har salsutstilling i eit galleri i Syvden. Utstillinga opna no i "kostarikjedagane" der.



fredag 29. mai 2009

Den som er verd å elske

Korleis vel ein namn til eit barn? 3. klassingen skreiv om dette emnet på sidemålsstilen sin onsdag. Utgangspunktet var ein tekst om korleis samiske born får/fekk namnet sitt.

Skal ein sjå kva namn som vil passe eit barn? Skal ein gje barnet eit namn med eigenskapar ein ønskjer det skal få? Skal ein kalle opp att? Er det oppattkalling om ein berre vel første bokstaven i eit namn?

Amanda er oppattkalla etter vår mormor, Amanda Margrete, som var fødd i 1904. På kurva over ser vi at namnet var populært frå ca 1880-1900. Så gjentek populariteten seg 100 år etterpå. Kva har skjedd? Er det oppattkalling av alle oldemødrene - eller er det den vakre, snille Amanda i Dynastiet som gjer at namnet får fokus att?

Uansett er Amanda eit flott internasjonalt namn som det er kjekt går vidare i slekta!

Då Amanda vart fødd, troppa heile familien opp på Føden i Volda.

Ikkje så lenge etter får vi besøk på Hareid. Her er eit av dei første bilda av dei tre jentene i familien.

Gratulerer Amanda



I dag vil vi gratulere Amanda med 9-årsdagen!
Kanskje du likar denne songen?

onsdag 27. mai 2009

Kvardagsliv

Her går det i eksamenar og fotballkampar.

Måndag var keeperen oppe i hovudmål. I går slo han graset på kyrkjegarden. I dag var han oppe i norsk sidemål.

I går spelte dei to yngste fotballkampar. Resultata har vi gløymt. I dag er dei to eldste i elden. Dei satsar på å rekke heim til kampen startar på TV. Eldstemann var oppe i Mediehistorie i går.

Dei grøne Nike-skorne har konfirmanten kjøpt i bya for eigne pengar.

Elles får eg plage blogglesarane med litt skvåsjnytt. Bilda er frå i går og i dag. Kanskje røtene veks? Veret er kaldt og vått her. Men eg trur det er lurt at plantane får stå ute og herde seg.

tysdag 26. mai 2009

Susan har sunge



...i semifinalen. Ho har fått mange stemmer. Finalen er laurdag.
BBC skriv.

måndag 25. mai 2009

Stillstand

Ein av grunnane til at det er så kjekt å dyrke skvåsj, er at ein omtrent kan sjå korleis plantane veks. Planen var å dokumentere veksten dag for dag. Men kva skjer. Desse bilda er tatt med eitt døgns mellomrom. Den dårlege utviklinga kan kanskje forklarast med at dei nettopp er flytta ut, eller med kulde og lite sol.







søndag 24. mai 2009

Arme riddarar

Denne veka har vi restemat på menyen på skulekjøkenet. Det vil seie, på skulekjøkenet har vi ikkje restar, noko eg er snar å fortelje elevane. Men vi lærer om å ta vare på matrestar. Punkt ein er sjølvsagt å lage til omtrent passeleg.

Det vert kasta mykje mat i private hushaldningar i Noreg. Eg likar ikkje sløsing. Det irriterer meg når vaksne tek to pappbeger til kaffi i staden for å brette ut hanken. Mange dreg lange remser med papir for å tørke seg på hendene. I Sunnmørsposten laurdag var ei dame fornærma for at ho ikkje fekk bruke brødposar på bananane. Kvifor putte bananklasar i plastposar?

Restemat er ikkje dårleg mat. Vi lagar ein gryterett på skulekjøkenet der ein kan bruke restar av ketsjup og riven ost. Vaflar er vel typisk restemat. Eg lagar vaflar i alle fall anna kvar veke og kvittar meg dermed med vaniljesaus, fløyte- og rømmerestar.

Desserten denne veka er arme riddarar. Det er ikkje kvart år vi lagar det. No har eg funne ut at retten er ukjend for mange vaksne og. Elevane hadde smakt det på barneskulen og var skeptiske. Men vi bruker ei anna oppskrift med meir mjølk i. Og den smaka mykje betre, sa elevane etterpå.

Til arme riddarar brukar ein gjerne "gammal" loff. men ein kan sjølvsagt bruke grovare brød.

4 skiver loff

1 egg
1 ms sukker
1 1/2 dl lettmjølk
1 krm kardemomme/kanel

margarin/smør til steiking
(eg bruker flytande Bremykt)

1. Legg brødskivene på eit flatt fat.
2. Visp saman egg, sukker, mjølk og krydder og slå det over brødskivene. La dei stå til dei er gjennomblaute.
3. la margarinen bli varm i steikjepanna og steik brødskivene pent gulbrune og sprø på begge sider.

Server med syltetøy.

laurdag 23. mai 2009

Bok 30: Lydbok Live


I dag har eg arbeidd i hagen og høyrt denne boka. Eg likte boka. Temaet er vanskeleg. Tankar vert sett i sving.
---
Om forfattaren burde lese boka sjølv, er ei anna sak. Boka er lesen opp med publikum. Lyden vert ikkje så god, og ho les ein del feil. Det gjer kanskje ikkje noko. Men opplesinga er noko heseblesande. Det verkar som ho vil bli fort ferdig.

Bok 29: Om å finne seg sjølv.


Denne romanen kan de lese om her.
---
Starten på boka gjer at ein vert dradd inn i boka, og at ein held fram med å lese. Etter mi meining er boka temmeleg "forutsigbar". Kanskje ho høver best for dei som er 10-15 år yngre enn meg?

fredag 22. mai 2009

Detaljar i hagen

Ballblom og forglemmegei i svenske fargar. Eg såg på ein blogg ar ei hadde laga løytnant av løytnantshjerte?


Ålreite naboar

Sauene er komne for å bli. Dei er no innegjerda og kan ete så mykje gras dei vil, men helst et dei på dei einaste buskane i innhegninga.
Kaninane stortrivst i utebur, sjølv om dei helst vil gå heilt fritt.

Her ser de kjøtmeisungane katten spionerer på når dei vert fora. Det er vel helst foreldra han vil fange.

Elles kan vi melde om ein nydeleg dag her. Akkurat no ser det ut til å skye over. Det blæs også.

torsdag 21. mai 2009

Fy pus!

Viss de ser godt etter, ser de ei fuglekasse oppe i treet. I fuglekassa bur det kjøtmeis. Viss de ser endå betre etter, ser de at oppå fuglekassa sit det ein katt. Kjøtmeisa seier ikkje så mykje, men skjorene varslar om trøbbel.

Katten veit godt kva eg meiner når eg ropar "Fy pus!" og klappar hardt i hendene. Då pitlar han seg heim att fortare enn svint. Men kjem han att?

Peonar i sol og regn

Midt på dagen fekk hagen seg ei skikkeleg rotbløyte. Kvar vart det av grillveret?

Eit par timar skein det skikkeleg opp. Så no har vi grilla og kosa oss på altanen.

Peonane på bilda kjøpte eg for fire år sidan, trur eg. Ei venninne av meg tel stilkane for å dokumentere veksten. Desse mørkeraude har no seks stilkar. Så får vi sjå neste år.



tysdag 19. mai 2009

Utsikt oppover

Eg tek som regel bilde frå altanen når eg skal vise forholda her. Då vil ein tru vi bur i eitt byggefelt, og det gjer vi. Men tek vi bilde frå baksida av huset, så vil ein sjå at næraste nabo i nord er ein gard. Dei har slutta med mjølkekyr, men har dei fått sauer? Eg har høyrt breking siste dagane, og i dag var marka plutseleg full av sauer og lam. Eg har ein mistanke om at det er sauer som har rømt frå ei anna mark.

Då Olaug var lita, oppdaga eg at det kom hjort heilt ned til gjerdet midt på natta.

Vermelding


Ein av blogglesarane er i utlandet og stikk kanskje innom bloggen for ei vermelding? I går vatna eg nokre krukker på framsida. Elles er det vått i marka. No kom det nokre dråpar, men dei tørka fort vekk frå asfalten.

måndag 18. mai 2009

Bok 28: Ungdomsroman


Dei første 30 sekunda i denne romanen er geniale. Egt prøvde første sporet ut på elevane mine. Der vert sagt så mykje mellom linjene. Vi driv og repeterer til munnleg eksamen, og eg prøver å gje dei nokre knaggar å henge kunnskap på. Kanskje kan det å høyre stemma til ein forfattar hjelpe nokon til å hugse lettare.
---
No held ikkje heile boka same nivået etter mi meining. Eg meiner denne kritikaren treffer spikaren på hovudet.

søndag 17. mai 2009

17. mai 2009

...kjem nok til å gå inn i historia som ein av dei finaste. Her har vore litt meir skyer enn i går, men varmt og fint.
---
For nokre år sidan fann 17. maikomitéen ut at det var nok med eitt tog. Så no kan ein ta det med ro fram til 12.00, eller sjølvsagt gå til kyrkje om ein ønskjer det. Dagen vert meir komprimert, noko eg set stor pris på.



Olaug spelte i korps.

Håkon gjekk saman med speidarane.





Siste bildet er frå friluftsmøtet ved sjukeheimen der Øystein las dikt.




Syttandemaistemninga sikra



Melodien vert nok å høyre i mange tog ut over dagen!

Dette var gøy!

Og eg trekker tilbake all skepsis til kommentatoren. Ho gjorde ein strålande jobb!

laurdag 16. mai 2009

Vi er budde-

- eller held på å bu oss til 16.- og 17.mai

Samanlikna med førebuingane til ein konfirmasjon er førebuingane til 17.mai "a piece of cake". Her vert det baka Kvæfjordkake fordi Olaug spelar fotball.

I 17. maikassa fann eg fire pakkar serviettar å velje mellom. Så eg kjøpte berre eitt lys på Nille i dag.



Konfirmanten, viss eg kan kalle han det lenger, sel Fotbladet for fotballgruppa.

Journalisten er i bya og dekker Aafk-kamp for VG Nett.

Russen (ei skjorte mindre å stryke)er ute og fartar. Han har lova å dukke opp i toget i morgon.













Eg må berre innrømme at Grand-Prix-interessa mi har vore dalande siste åra.
Det kan skuldast:
1. For mange land har kome med.
Eg ber på førehand om orsaking til mine aust-europeiske venner. Eg berre slår fast at vi har ulik musikksmak.
2. Ingen andre i familien er interesserte. Eg vert sitjande åleine.
I år ser det ut til at Olaug i alle fall har tenkt å følgje med.
3. Eg har ikkje tru på Norge sin låt.
I år har vi ein låt som eg absolutt har tru på!
4. Kommentatoren.
Underhaldningsverdien av programmet sokk ti hakk då vi måtte greie oss utan stemma(Norges vakraste) og dei treffande kommentarane til Jostein Pedersen. Etter mitt syn burde NRK legge seg på kne og trygle han om å kome tilbake. Vi må vel gjere som i fjor; rigge oss til med berbar PC på bordet framfor TV-en og følgje med på VG Nett.

I fjor hausa media så høgt opp den norske låten at alt anna enn 1. plass vart skuffande. I år gjer dei det same. Men i år vi har vi den beste låten. HEIA NORGE!

Gratulerer Eivind!


I dag vil vi gratulere Eivind med 7-årsdagen!
Vi håper at du får ei fin feiring! Du skal vere glad du er fødd før og ikkje etter 17-mai, for i dag er alle svoltne på brus, is og kaker!

fredag 15. mai 2009

Den store is-dagen


Snart kan vi vel kalle 70-talet "gamle dagar". Elevane mine har vakse opp med internett, fleire TV-kanalar og is heile året.
---
Slik var det ikkje på 70-talet. Då starta is-salet 17. mai. Og vi hadde masse pengar å kjøpe is og brus for. Det var Sol-is, saft-is og det var Krone-is.
---
- Hæ? Kosta kroneisen ei krone kanskje?
Her vert eg svar skuldig. Eg er fæl å hugse prisar, men isprisane på 70-talet er strokne frå hukommelsen.
- Ein gong må han ha kosta ei krone.