Sjølve boksen kom ikkje med på bildet, men den har ein slags harddisc i seg. I dag tidleg valde eg ut nokre program og la dei i ei opptaksliste. Ein kan velje program ei veke fram i tid i alle fall. Kva ein ser på gjennom dagen, har ikkje noko å seie. Vil ein sjå eit av programma, leiter ein det fram på lista og trykker på "spill av". Olaug har sprunge stafett i dag, og no vil ho sjå "Home and ..." - ikkje noko problem!
p.s.
No viser eg fram TV-en. Den skal skiftast ut i nær framtid med ein flatskjerm.
5 kommentarer:
Du får ta deg ein tur innover etter konf. og oppdatere meg på MP3, og faren din på TV.
TV-en skal liksom vere hans arbeidsområde, mens dataen er mitt. Vi held visst på å sakke akterut begge to, og så snart vi har lært oss noko "nytt" er det forelda.
Her måtte det bruksanvisning til. Og så får ein prøve å bruke det, og utvide til litt nytt kvar dag....
Det med å programmere inn det ein vil sjå er utruleg kjekt. Eg kan sjå eitt opptak samtidig som eg ser eit anna. I tillegg kan eg stoppe midt i eit program eg ser t.d. viss telefonen ringer.
Arbeidsdelinga her i huset er at Øystein set inn i alle ledningar, og så får eg fjernkontrollen og bruksanvisninga.
Det er litt slik her også.Men eg er ikkje glad i bruksanvisningar, og det er ikkje far din heller....
Vi har ein vanleg HDD/DVD-opptakar som vi har mykje glede av. Dette er vel noko anna?
Eidabesta
Hm... Vi går rett frå kassett så vi vert vel ekstra imponerte...
Laurdag gjekk korslaget inn i Med hjarte på rette staden. Då er det ikkje noko problem å begynne å sjå på det sjølv om ein tek opp.
Elles ser vi på eitt opptak medan vi tek opp eit anna. Kjempegreier!
Legg inn en kommentar