For meg er vel dette det næreste ein kjem "slukebok". Om innhaldet kan de lese her.
Det kan vere vanskeleg å seie eksakt kva ein likar med ei bok eller ein forfattar. Felles for dei to bøkene eg har lese av denne forfattaren, er at dei rullar opp heller tragiske barndomshistorier. Vi får også stadig meir innblikk i krimhelten sitt privatliv.
No har eg liggande dei to siste bøkene i serien. Dei to biblioteka eg har vore innom, har ikkje hatt inne dei to i midten. Eg har begynt å lese ei ny bok, men slit litt med å kome inn i ho, og så har eg desse to bøkene som freistar meir. Men som eg har sagt før, så prøver eg å lese vanlege bøker innimellom krimbøkene...
3 kommentarer:
Trur eg var den første i "slekta" som las desse bøkene.Eg har anbefalt dei til mange, og alle har likt dei. Dei er så annleis enn andre krimbøker fordi vi møter eit "nytt" miljø med gammal folketru o tenkjemåtar. "Krimmen" er underordna for mitt vedkomande.
Ystad, Fjälbacka, kanskje Island vert det neste?
Eg har lenge hatt lyst å reise til Island og køyre bil ...slik vi ser på filmane. Kunne også tenkt meg å bade i ei varm kjelde.
Legg inn en kommentar