tysdag 9. november 2010

Bok 52: Finsk krim på nynorsk

Høyrest ikkje det spennande ut? Det syntest i alle fall eg!  Nynorsk krim har eg ikkje lese før.  Dessverre spørs det om det vert både første og siste gong. Verken miljøet eller mordgåta fengja meg.

Forfattaren fekk Glassnøkkelen i 2007 for beste nordiske krim i 2007. Blogglesarane må gjerne lese og legge ned protest!
P.S. Eg hadde med boka då eg var vikar lesetime, slik at eg kan lese saman med elevane. De kan no gjete kva fjortisane fekk ut av namnet til forfattaren.

4 kommentarer:

Besta sa...

Synest du får lese mykje. Her går det heller treigt, har lett for å somne når eg skal slappe av med boka mi. Og det eg les om natta, må eg lese om att dagen etter, kan ikkje vere trygg på at eg har fått med alt.Du kan no få med den nye MP3-spelaren min ut att og legge diverse inn på den om du vil.
Eg er ofte forundra over kva bøker som får prisar.

solveig sa...

Vi får ha din MP3 som stafettpinne!

Besta sa...

Då må eg ha eit kurs.

solveig sa...

Kurs på bloggen, kanskje?