fredag 29. februar 2008

Vår

Det er vår i lufta. Og like sikkert som at påska nærmar seg, er det at ein finn freistande løkblomster i blomster- og matbutikkane. Det er lite som blomstrar i hagen enno, så det er freistande å fylle utepottene. Ekstra kjekt er det at ein kan plante dei ut i beda, og så kjem dei att neste år.

I fjor kjøpte eg tulipanar, perleblomster, kvite påske/pinseliljer i tillegg til vanlege gule påskeliljer. Og så kjem spørsmålet: Kvar gjorde eg av dei? Det vart ikkje til at eg skreiv det ned i fjor heller, så sikker var eg på at eg skulle hugse det til våren.

torsdag 28. februar 2008

Vikar

I morgon er visst folk sjuke, på kurs eller i gravferd.

Eg veit at eg ikkje vert spurt om å ta vikartimar på fridagen dersom der er folk på skulen som kan ta timane. I morgon skal eg til og med ta ein gymtime, så då forstår eg kor langt ned på lista dei har kome.

onsdag 27. februar 2008

Mammutsal: Boka eg ikkje skulle kjøpe, men kjøpte likevel

Forfattaren fortel i forordet at ho "møtte veggen", og at delar av inntektene går til Rådet for psykisk helse.
Boka inneheld mange "runde kaker", meir moderne enn dei eg brukar å lage om att og om att. Kanskje ein kan utvide repertoaret litt.
I boka finn ein oppskrifter frå profesjonelle.
Kva er det denne dama ikkje kan?
Forfattaren sine eigne kaker er kanskje dei mest freistande. Denne har eg tenkt å lage ved neste høve.

måndag 25. februar 2008

På flukt


I dag var eg innom biblioteket og var så heldig å finne denne. Den kjem før "Aldri mer fri".
Begge dokumentarromanar. No gler eg meg til å lese denne først.

laurdag 23. februar 2008

Ferje og tunnel

I dag skulle Håkon vere i Volda på sonesamling klokka 11. Vi for frå Hareid 9.30. Sjølv ergrar eg meg over at eg gløymde fotoapparatet. De får sjå for dykk flagga utanfor tunnelopninga og enormt med bilar. Journalistar var sjølvsagt på plass.

Vi vart svært overraska då vi såg den lange bilkøen. Det var vanskeleg å få gehør for at ein skulle ta 10-ferja. Det var litt "mot normalt". Køen var ikkje for ferjereisande. Vel over fjorden møtte vi gratisbussen med handlelystne(?) i.

Olaug og eg gjekk i kjøpesentra i Ørsta til nærare 12, medan karane var i Volda. Kundane hadde ikkje begynt å strøyme på enno.

I 15-tida braut vi opp frå Starevegen, mot normalt ikkje i forkavelse. Ein kunne slå av ein prat på tunet.

Dei verste køane hadde lagt seg då vi reiste utover. Hallinga ned mot botnen var fin. Her var det to køyrefelt. Frå botnen og opp var det brattare stigning med to felt oppover. Turen utover tok ikkje 40 minutt. Vi braut aldri fartsgrensa. Det gjekk heller i 60-70 i 80 sona.

De får vel sjå mykje om saka på nyheitene. Vi er i alle fall godt nøgde med å sleppe å ta omsyn til ferjetider. Når vi skal besøke Margrete m/fam, har det alltid vore ventetid mellom dei to ferjene. No vert reisetida ei heilt anna.

fredag 22. februar 2008

Jubilanten


Audun 18 år

Audun vart fødd på farfaren sin 75 årsdag. Her er eit av dei første fotballbilda av han. Omtrent all fritid vert brukt til fotball. Vi sende han på eit par keeperskular på Hødd for fleire år sidan. Etter det har han stått i mål.

Her er guten 4 år og har teikna barnedåpen til lisjebroren. Faren, oppe til venstre, bar han. Presten, nede til venstre, er Håland.

måndag 18. februar 2008

MRF-sveler 2

Oppskrifta datt ut av det forrige innlegget. Dette er den same oppskrifta som eg fekk tak i for ca 20 år sidan. For ca 10 år sidan kjøpte eg meg ei stor takke der eg kan steike 7 sveler om gongen.
Då steiker eg dobbel røre på under ein halv time. Oppskrifta mi har eg i hovudet. Den har forandra seg litt etter kvart som eg har fått meir erfaring.

Sveler
6 egg
1 1/2 dl sukker

1 l kulturmjølk (mørk blå, kefir vert for tamt)
1 l kveitemjøl
1 1/2 ts natron
1/2 ts hornsalt

75 g (meieri!) smør


Kommentar:
Røra bør svelle ca 1/2 time. Skal ho stå lenger bør du vente med hevemiddel og litt surmjølk.
Eg har erstatta litt av hornsaltet med natron for å ikkje risikere hornsaltsmak.
Steik sveler så store som asjettar!

Nokre rører smør og sukker før dei smør svelene.
Eg er ikkje glad i sukker som knasar, men her meiner eg det høyrer til.

Utan å fornærme nordfjordingane som les bloggen: Sunnmøringane kan dette med sveler!
Vel bekomme!

p.s
Ei anna mulegheit er å ta turen under fjorden og få smake mine sveler!

MRF-sveler

Eg sikra meg Trude Teige si kokebok på Mammutsal for eit par år sidan. Boka fekk heller dårlege kritikkar då ho kom ut. Kanskje fordi Trude Teige hadde hatt suksess med romanane sine og no skulle takast? I tillegg til oppskrifter og mimring inneheld boka ein del stykke som sunnmørskjendisar har skrive. Min favoritt er Are Kalvø når han smakar pizza for første gong: "Eg tok to bitar og svor på at eg aldri skulle ete slikt igjen".
SVELE- Sunnmørs tradisjon på sitt beste.
I 1971 begynte Steinar Slettestøl å steike sveler på ferja "Hjørungavåg" som gjekk mellom Hareid og Sulesund. - Det vart visst ganske populært, seier han sjølv.
De hugsar kanskje "Juleferjå" der Wenche steikte sveler?
(Oppskrift i dette innlegget.)

1. mai 1991. Gro Harlem Brundtland et svele med kniv og gaffel. Det vekte oppsikt.

søndag 17. februar 2008

Stygg sykje

Ikkje sidan millenniumskiftet har nokon her i familien lagt ein heil dag. Markeringa av det nye tusenåret gjekk meg hus forbi. D.v.s. eg fekk med meg alt som skjedde via fjernsynsskjermen frå Maori og utover, men ikkje det som skjedde her. Øystein og eg låg i kvar sin ende av buesofaen i fem dagar og konkurrerte om kven som var låkast, altså kven som slapp å reise seg. Eg treng vel ikkje seie korleis det gjekk. Snille naboar tok med seg dei to eldste ned på kaia.

Trøysta etterpå var at no skulle ein vere immune mot influensaen i kanskje 10 år fram i tid. Det har vi flote på hittil. Men fredag gjekk Øystein heilt ned for telling og låg heile dagen med forkjølelse, feber og verk i kroppen. Framleis slit han med slappheit og hoste. Det store spørsmålet står att: Kva med oss andre???? Olaug og Håkon har vore forkjøla og låke i halsen. No håper eg berre at eg slepp unna.......

Matpakkebrød

I går kom eg endeleg på å sjekke eit innslag om matpakkelaging på NRK-FrukostTV etter tips frå Signe. Der var det psykisk utviklingshemma i Asker som laga matpakkar på bestilling. Dei hadde vore på kurs med Brimi og lært om sunn mat.

Eg la merke til at dei brukte firkanta brød, og tenkte det kunne vere noko for vår kantine. Der brukar eg å lage deigar av 2 kg grovbakst og så veg elevane 80 g emne som dei trillar ut. Det er ei god øving i trilling av rundstykke, men kanskje vi kunne variere med å kjevle ut og dele opp? Desse vert litt større, og ein kan då ha både ost og skinke på i tillegg til litt grønt. Utsalsprisen hos oss vil då bli 5 kroner sidan ein må ha to pålegg. Eit vanleg rundstykke med ost eller fårepølse tek vi 3 kroner for.

32 stk
Deig:
2 pk gjær
1 liter mjølk
3 dl (kokande varmt)vatn
2 dl rapsolje

2 ts salt
1 kg sammalen kveite, grov
200 g store havregryn
800 g kveitemjøl

1. Lag gjærdeigen i ein bolle i ei stor kjøkenmaskin.
Maskina bør gå i minst 5 minutt.
2. Når deigen er heva let du maskina kna deigen til han er glatt og fin.
3. Del deigen i to og kjevle emna ca 30x40 cm.
4. Legg emna på bakepapir på bakeplata og del dei i 16 med t.d. ei deigskrape.
5. Hev til dobbel storleik.
6. Pensle med egg og dryss på havregryn. (På skulen brukar vi ikkkje egg.)
7. Steik ved 225 grader i 20-25 minutt.

Øystein og eg har nettopp smaka på baksten. Nydelege nysteikte med ost!

Utfordringa på skulekjøkenet vert oppdelinga.
Det står att å sjå kor enkelt det vert å få 16 like bitar.







Madame Tussaud's

Jose Mourinho


Angelina Jolie


David Beckham


Albert Einstein

onsdag 13. februar 2008

Eg og Håkon i skogen

------------------------ I skogen

--------------------------eit tre som har dåtte ned

--------------------------Oss er i skogen på Holstadhornet og bildet viser Melshornet

------------------------------elva i skogen


--------------------------------- nedbørmålar


--------------------------------- nedbørmålar


------------------- Det er vel noko lignande telt som barnehagen har laga


------------------------- dyrespor


-------------------------noko som var i grøfta/lita elv






I dag har eg og Håkon vore i skogen. Eg har tatt litt bilder.


Kanskje barnehagen har vore der pga. nedbørmålar og der er såtte opp eit slaks telt.


-Olaug




tysdag 12. februar 2008

Aston Villa - Newcastle

Før kampen:Aston Villa varmar opp.
Første omgong:Michael Owen scora etter 4 minutt på ein fin head.

Andre omgong: Wilfred Bouma scora 3 minutt etter pause, og scorte
sitt første mål for Aston Villa.
Carew scora 2 mål før 90 minutt då forsvarspelaren til
Newcastle,Stephen Carr handsa og Villa fekk straffe.
Eigentleg skulle kapteinen Gareth Barry ta straffa,
men han lot Carew ta straffa for å få ekte hat-trick.
Carew skaut ballen hardt i mål. Dette var Carew sitt
første hat-trick for Aston Villa...

Håkon

måndag 11. februar 2008

Heimkomne frå London


No er Øystein og Håkon vel heimkomne frå London.Dei reiste torsdag og kom heim i ettermiddag.
Framhald følgjer.

søndag 10. februar 2008

Snart sol heile dagen

No er det like før sola kryp over Melshornet og vi har sol heile dagen. Meiner merkedagen er 12 februar. Bildet er tatt kl 12.00.
Vårstemning på Hareid i dag som i går!

laurdag 9. februar 2008

På øvste hylle

Når ein kjøper seg nye tallerkar, seier det seg sjølv at ein må til å rydde. Kjøkeninnreiinga mi går heilt i taket, så øvstehylla er eigentleg ikkje til noko anna enn lager. Sjå kva eg tok fram frå gløymselen! Bukkene Bruse-tallerkane ber preg av slitasje, spesielt fatet. Djupetallerken med kattane hadde eg hos mormor.
Eg fekk lyst til å vise Olaug sitt barneservise også. Det fekk ho til si første jul av mormora og morfaren som hadde kjøpt det i Tyskland. Det er ikkje lagra på øvste hylle.

fredag 8. februar 2008

Omnsteikte grønsaker



Frå skulekjøkenet:
-Ditta e de beste ej he smakt!
- Ej he no likt alt ej, eller, kanskje ikkje dissa pannekakene!
Vi har steikt potetbåtar i omnen tidlegare år, men det er første året vi har steikt så mange grønsaker saman i omnen. Vi serverte det til nakkekotelettar (utan bein) som vi la oppå ved servering. Eg vart positivt overraska. Dette var populært!

torsdag 7. februar 2008

Tankar om tallerkar

Då eg hadde kjøpt krusa og asjettane måndag, tenkte eg at eg kunne skaffe meg fleire asjettar på Christiania Glassmagasin. Eg treng ikkje fleire krus. Borna drikk gjerne av glas. Eg har oppdaga tidlegare at dei køyrer same tilboda som Coop. Då eg kom dit hadde dei rett nok serviset på -30%, men ikkje asjettar og krus, berre frukosttallerkar, middagstallerkar og kaffikoppar. Det var siste dagen det var tilbod, og dei hadde 8 frukosttallerkar att!
Men kva har skjedd med tallerkenstorleikane? Tallerken bak til venstre har eg (vi!)arva av svigerforeldra mine. Det er Figgjotallerkar, sikkert frå 50-talet. Dei kvite tallerkane fekk vi av mamma (og pappa) på tidleg 90-tal. Middagstallerkane våre i iittala er eit par år gamle. (Då kjøpte eg også nytt bestikk, for bestikket vart så smått i forhold til tallerkane).

måndag 4. februar 2008

COOP-kupp

Det er ikkje berre pappa som har slått til på Coop medlemstilbod i dag. Eg studerte katalogen eg fekk før helga, og la min elsk på dette frukostsettet. Populære tilbod er som regel vekke når eg handlar om ettermiddagen, så eg slo det meir eller mindre frå meg. Men eg var heldig! Fata er litt større enn dei vi hadde, og krusa er høge og smale.

Grunnen til at eg ønska meg nye frukosttallerkar, ser de under. Til frukost kan ein risikere at vi sit med kvar sin type fat (Ja, vi har Karius og Baktus og Folk og røvere-fat også). Vi har også kvar sin type kopp eller krus. Dekoren er vekke på enkelte, medan andre har skar.

søndag 3. februar 2008

Ny lydbok

No har eg lese ferdig Nobels testamente av Liza Marklund, og har fire bøker å velge mellom. Trur nok det blir Karin Fossum først.

Denne boka plukka eg med meg i går då eg leverte inn dei tre andre.

Fastelavnsøndag


No har Øystein og Håkon kome att frå Sunnmørshallen der Hareid guttelag slo Brattvåg 6-1. I går vann Hødd junior sin kamp 6-0 over Blindheim. No er dei halvvegs i kvalifiseringa.
Journalisten har seinvakt i dag, d.v.s. frå i går og t.o.m. torsdag. Fredag avspaserer han. Eg sette bolledeig før eg år frukost, slik at han fekk med seg til bya.

laurdag 2. februar 2008

Opp-ned-pærekake

I dag laga eg kaka eg viste oppskrift på forrige helg. Eg laga dobbel porsjon i ei langpanne og serverte den med vaniljeis. Dei to kremfløytepakkane eg kjøpte i går, sparer eg til i morgon. I fjor hadde eg kjøpt berre ein kartong. De kan vel tenke dykk omtrent korleis det gjekk, sidan eg hugsar det i år, meiner eg.

Karakter til kaka: 3(+ ?)
Sukkeret i botnen gjorde pærene for søte etter min smak, og dermed vart kaka altfor søt. Det burde absolutt vore usukra krem til.

fredag 1. februar 2008

Lydbøker


Eg held no på å lese Nobels testamente av Liza Marklund. Onsdag sikra eg meg tre bøker til som eg held på å legge inn på MP3-spelaren. Der er plass til 4 om gongen. Eg gler meg mest til Karin Fossum si bok. "Aldri mer fri " av Liza Marklund, ser eg er ei nr 2 frittståande framhaldsbok. Same kor frittståande den er, eg har lyst til å låne nr 1 og lese den først.

Engelsk pelargonium

Dette er ein av yndlingsblomstrane mine. Den blomstrar inne no, men kan vekse seg til ei buske i løpet av sommaren og blomstre att til hausten.

Serviettsamling

Då eg var lita, samla eg serviettar i ei margarinkasse.
Eg har ei seviettsamling no også, av 20-pakningar. Eg har vanskar med å gå forbi serviettsal. Duniserviettane kjøpte eg på Prix for 10 kr, og så kom eg over serviettar til 7,50 på Nille.

Det er kjekt å ha noko å velje i når ein skal dekke bord. Desse vert fine framover mot vår og sommar.

UFO eller WISP

Då Øystein innreia biblioteket/kontoret sitt, samla han saman alle BBB-reolane våre og flytta dei dit. Vi skulle kjøpe eit nytt møbel i kroken bak TV-en. I desse åra har vi ikkje funne det vi har leita etter. Lakka furu? Hjørne? 132 cm?

Før jul gjekk vi skuffa heim. Den hylla vi kunne tenkt oss fantest berre i kirsebær, ein tresort vi ikkje har skaffa oss enno. "Kanskje vi må til med ny BBB-reol?", ymta eg frampå. "Den kan vi no bygge sjølv." Øystein tok med seg teikning og forespørsel på butikken. Vi vart gledeleg overraska. Hyllene kunne dei kutte slik at måla til høgre vart 132 cm.

Men kva er dette? Kvar er sidehyllene? Ikkje veit vi kva som skjedde under pakkinga. No håper vi dei kjem raskt, slik at hylla ikkje vert ståande midt på golvet så lenge. Ein kan ikkje akkurat elles kalle det ei hastesak.