måndag 18. februar 2008

MRF-sveler

Eg sikra meg Trude Teige si kokebok på Mammutsal for eit par år sidan. Boka fekk heller dårlege kritikkar då ho kom ut. Kanskje fordi Trude Teige hadde hatt suksess med romanane sine og no skulle takast? I tillegg til oppskrifter og mimring inneheld boka ein del stykke som sunnmørskjendisar har skrive. Min favoritt er Are Kalvø når han smakar pizza for første gong: "Eg tok to bitar og svor på at eg aldri skulle ete slikt igjen".
SVELE- Sunnmørs tradisjon på sitt beste.
I 1971 begynte Steinar Slettestøl å steike sveler på ferja "Hjørungavåg" som gjekk mellom Hareid og Sulesund. - Det vart visst ganske populært, seier han sjølv.
De hugsar kanskje "Juleferjå" der Wenche steikte sveler?
(Oppskrift i dette innlegget.)

1. mai 1991. Gro Harlem Brundtland et svele med kniv og gaffel. Det vekte oppsikt.

3 kommentarer:

Besta sa...

For "ikkjesunnmøringar" kan eg opplyse at det er noko som heiter "svelegrep".Kniv og gaffel....? NEI.
Og så finst det Svelekrus som ein visstnok kan få kjøpt. Eg har utan hell prøvd å vinne eit i kryssordkonkurransar i ferjebladet.

Elin sa...

Har du høyrt om Svelekameratane? Eller Svelene? Eg har ein nevø som er med der. Oppskrifta di ser knallgod ut. Denne boka av Trude Teige står høgt på mi ønskjeliste, men ho er ikkje å få tak i her i butikkane i alle fall.

solveig sa...

Må nok grunde litt på den. Spørs om boka er utseld frå forlaget sidan ho har vore på Mammutsal.