torsdag 31. desember 2009

Godt nytt år!


Eg ønskjer alle blogglesarane eit riktig godt nytt år!

Eg kjem attende med "Årets bok 2009" litt ut i det nye året.

Kva et du?


No er mi vesle "Kva et du på julaftan"-undersøking blandt blogglesarane over.  Resultatet overraskar ikkje.  Det er nok flest folk her omkring som les bloggen, og her er det flest som et pinnekjøt.  At mange et to rettar, overraskar heller ikkje.  Det er vanleg å lage til svineribba på same måte som pinnekjøtet, og servert ved sida av.

Om folk har like faste nyttårstradisjonar, er eg ikkje like sikker på!  Men eg legg ut ei ny undersøking. De kan stemme på fleire rettar her.  Dei som ikkje har fast tradisjon på det, kan stemme på det + det dei et i dag.

Til venstre ser de ei kokebok eg fekk til jul.  Eg har ikkje laga noko frå den enno, men kosa meg med å lese frå livet til Ingrid.  Ho fortel både om tida i Fjernsynskjøkkenet, og frå familien sin. Sidan det er snakk om julaftan, skal de få eit lite sitat:

Svineribben vant aldri terreng hjemme hos oss.  Og når jeg tenker på alle de telefonene og brevene jeg har fått om svineribbe opp gjennom årene, så er jeg nesten glad for at det ikke har vært ribbe til jul hos oss. Hvis ribben ikke blir vellykket - altså viss svoren ikke blir sprø - høres det nesten ut som det kan gå på livet løs.  Nesten være skilsmissegrunn.

Ja, ja vi som har eit avslappa forhold til poppa grisehud, synest det kan bikke av og til.  Eg gløymer ikkje eit program frå den norske leiren i "Syden" der heile julaftan gjekk ut på å engste seg over dei spanske kokkane.

Veret nyttårsaftan


Klokka tolv i dag var det to minusgrader.  No har temperaturen krope opp til null.  Ca 20 cm snø i natt.

onsdag 30. desember 2009

Besøk


I dag har vi hatt slektsbesøk.  Det gjekk føre seg på tradisjonelt vis.  Ungane har vore mykje ute i snøen.

Eg må vise fram grauttallerkane mine som i dag vart brukte til suppe.  Dei har seks ulike nissemotiv.  Serviettane har eg hatt liggande i mange år utan å like dei noko særleg, men i dag passa dei godt!

Vi hadde spart litt kransekake og eit par smellbongbongar til dei yngste kom.

De trængte virkelig til vores besøg...... så du hvor sure de var da vi kom, og hvor glade de var da vi gik?

Hvis en av oss dør, sa hun til sin mann, så vil jeg begynne med pensjonat.....

Hvorfor går politibetjentene i Århus altid med en hund? To hjærner tænker bedre enn en.

Hva er i veien med disse eggene, kelner? Spørg ikke meg.  Det er ikke jeg som har lagt dem.

Nokon som lo?

Kjøtsuppe

Når ein ventar mange gjester, og vil bruke tida på dei og ikkje på å stå på kjøkenet, er det greit med mat i ei panne.  Eg er glad i kjøtsuppe.  Det er enkel og lett mat.  Så får ein kanskje lyst på dessert og kaker seinare.

Til kjøtsuppe brukar eg fersk oksekjøt.  Eg hadde sikra meg kjøt med gode bein.  Det gjev best kraft.  Oppi krafta(ca 2 l kokande vatn) har eg 2 kg oksekjøt + 2 ts salt , 3-4 små løk, litt selleri og heil pepar.  Dette får koke eit par-tre timar til kjøtet losnar frå beina.  Eg reinsar kjøtet slik at det ikkje sit att noko feitt på dei. Krafta har eg silt opp i ei høveleg stor panne.

Både ungar og vaksne er glade i kjøtbollar.  Til denne porsjonen brukte eg 1 kg kjøtdeig.  Eg bruker ei vanleg kjøtkakeoppskrift, men erstattar ingefær med muskatnøtt.  I praksis vil det seie 4 ms potetmjøl, 1 ts salt, 1 ts pepar og 1 ts muskatnøtt og 4 dl mjølk, gjerne ekstra lett.

Så er det berre å forme små kjøtbollar og koke dei i vatn tilsett litt buljong.  Dette arbeidet tok frøkna på seg.

Kjøtet og kjøtbollane laga vi i går kveld medan det var fotball på TV.  I dag skrelte eg grønsakene: Poteter, gulrøter, kålrot og purreløk.  I tillegg brukar eg gjerne brokkoli i kjøtsuppe.  Eg har sett det har vorte gjort narr av brokkoli i innherredssodd t.d. på bloggane.  Men her vil eg seie at tidene forandrar seg.  Det må vere lov å bruke nye grønsaker etter kvart som dei vert tilgjengelege.

Veret klokka tolv


I dag kan vi melde om nysnø og minus tre grader.

tysdag 29. desember 2009

Pokalar og premiar


I går og i dag har eg vore meir i idrettshallen enn eg hadde tenkt på førehand.  Det er ekstra kjekt når laga til gutane gjer det bra.  Eldstegutane kom heim med den gjevaste pokalen. 

Yngstemann sitt lag vart slått i finalen.  Men han kom heim med toppscorarpremie; pokal og sportsbag.

Fotballinteresserte kan lese meir her.

Julegåver


Dette er ikkje ei julegåve eg har fått, men ei eg har gitt til frøkna.  Eg har vore spent på om denne serien framleis fengjer.

Eg trur alle jenter på min alder (og mange andre, for der var berre ein kanal) sat klistra til Tv-en og såg denne serien.  Eg trur den gikk på søndagane.  Eg meiner nemleg å ha sett nokre episodar på Eid saman med Strikkemor(o) og Lille Mø.  Dei var litt yngre enn meg, og sat med puter klare fordi det kunne bli nifst.  Heimturen måtte utsetjast til etter "Huset på prærien".  No finst altså denne serien i boksar.  Eg kjøpte berre første sesong med 23 episodar. Der finst i alle fall tre slike boksar til. I går såg vi første episode. Det var eit artig gjensyn.  Sidan historia er lagt til 1800-talet, ser eg ikkje vekk frå at den også kan vere interessant for den oppveksande slekt.

Ti minus


Her er vakkert vinterver med omtrent skyfri himmel.

måndag 28. desember 2009

Gjenbruk


Mykje vert oppdaga ved reine "tilfeldigheiter".  Opphavet til at denne spirekassa frå 80-talet kom i bruk att, var at eit par karar hadde vore i kjøkenskåpet og henta ammunisjon.  Rundt om i hagen begynte det å vekse erteplantar.  Desse vart plukka og gitt til kaninane som åt det som snop.  Så kom eg på at eg hadde ei slik spirekasse i matboda. 

Kanskje nokon lurer på kva den har vore brukt til, og korleis den verkar?  Ein legg erter eller spirar i blaut så lenge det trengs.  Deretter skyl ein vatn gjennom dei to laga to gongar for dag.  Då spirer frøa.  No må det seiast at det er artig å sjå korleis den verkar, men mungbønnespirar  kom aldri  til å utgjere nokon stor del av kosthaldet.  Men kven veit kor tid det vert i skuddet att? 

p.s.
Eg trur nokre tobeinte har lurt seg til å smake kaninmaten.

Romjul med fotballcup


Så er det attende til kvardagen att.  Eller starten på det alle fotballinteresserte i bygda har gledd seg til, nemleg Grendacupen.  Det er ei innandørs fotballturnering for alle som bur på Hareid, eller som kjem heim til jul.  Her er linken om nokon skulle vere interesserte i å følgje med.  Dei to eldste gutane stiller på same herrelag.  Yngstemann stiller i ungdomsklassa.  Laget til frøkna stiller i kaféen, så ho og ein av oss skal ta siste vakta med opprydding tysdag.

søndag 27. desember 2009

Bok 76: Langdryg krim

Då eg fann denne boka tilgjengeleg på biblioteket, vart eg glad, og ho kom øvst på leselista.  Etter å ha lese boka, noko som tok si tid av ulike grunnar, er eg ikkje like begeistra.  Kvifor har eg brukt så lang tid på å lese den?  Fordi den er lang med sine 17 CD-ar?  Fordi eg har hatt lite tid til å lese?  Kjem ein over ein pageturner, finn ein som regel tid til å lese.
Eg fann ei melding på NRK som set ord på kjensla ein sit att med etter å ha lese romanen: Spennende men lang Hole.

laurdag 26. desember 2009

Det mest fotograferte huset i Ørsta for tida?


På vegen heim svinga vi opp i Rystefeltet.  Tek ein første veg til høgre, kjem ein til dette opplyste huset.  Vi reknar med at det er greit å fotografere, for desse vil vel ha oppmerksomheit!

2. juledag


2. juledag har vi vore samla i Ørsta til juleselskap.  Vi har fått hjortegryte og mykje anna god julemat.  Det spørs kor tid vi vert svoltne att.  Besta og Besten er besteforeldre til tre jenter....

... og sju gutar.  Tre av dei var med i dag.

Aprikosfromasj

I går var dagen for å kose seg meg julegåvene.  Eg måtte sjølvsagt prøve ut ei oppskrift frå ei av kokebøkene eg fekk!  Hos oss vert det ikkje laga så mykje dessert elles i året. Men i jula slår vi til!  Eg er glad i aprikosar, så valet fall på Prostindens aprikosfromasj s. 322 for dei som har boka.
I oppskrifta tek ein utgangspunkt i 5 dl fløyte. Der er 250 g aprikosar i oppskrifta, medan der er 200 g i ein pakke.  Eg kjem nok til å gjere om oppskrifta til ein pakke fløyte og ein pakke aprikosar. Men eg valde å følgje oppskrifta slavisk, med eitt unnrak, eg reduserte sukkermengda.  Sukkeret ville eg ha brukt i eggedosisen.

Det er ikkje vanskeleg å lage fromasj.  Det er raskt gjort.  Men det vert ein del oppvask.

Eg starta kvelden før med å slylje og legge i blaut 250 g aprikosar i 7 dl vatn..  Desse kokte eg møyre i vatnet og tilsette 1/2 dl sukker.  Eg moste dei med stavmiksar i staden for å gni dei gjennom ein sikt.  Avkjøl. Ta av ein fløtemugge med aprikoskrem til saus.

Legg 10 gelatinplater i bløyt i kaldt vatn i eit litermål.

Pisk 5 dl kremfløyte til mjuk krem.  Krem til fromasj skal vere mjukare enn til blautkake t.d.

Pisk eggedosis av 5 egg og 1/2 dl sukker.

Vri vatnet ut av gelatinplatene når dei har lagt i vatn ca 10 minutt.  Eg brukar å sette litermålet i vassbad og ta ca 1 ms kokande vatn frå vassbadet til å smelte gelatinen i.  Gelatinen rørte eg først inn i aprikosmosen.  Deretter brukte eg slikkepott og blanda inn krem og eggedosis forsiktig.  Dette vart to skåler fromasj.

Det eg var minst nøgd med, var pyntinga.  Det hadde vore nok med nokre hermetiske aprikosar.  Så kan ein settte muggen med aprikosmos ved sida av.

I kokeboka står det at fromasjen skal serverast til mandelkransar eller fløterullar.  Eg vil seie det slik, dei fleste småkaker høver til, men det trengst ikkje.

fredag 25. desember 2009

1. juledag


I dag er dagen for å slappe av og nyte livet.  Vi har bøker, filmar, kaffi og kaffimat som vi kan kose oss med til langt ut på nyåret.   Ei av kokebøkene er allereie i bruk.  Viss desserten vert vellykka, kjem han nok både på bloggen, og til Ørsta i morgon.

På menyen i dag står det lutefisk og restar frå i går.  Det er framleis mannen i huset som kokar.

Elles kan eg konstatere at vi har fått Noregs mest kjøpte/populære(?) julegåve.  Gjevaren har ikkje vore ute i siste liten.  Dette var noko eg verkeleg ønska meg.

torsdag 24. desember 2009

24 desember: God jul!





No er bordet dekka og vi er klare til tradisjonell julefeiring.  Vi går på den første gudstenesta der det er barnekor som syng.  Mannen i huset kokar medan eg står for borddekking og dessert.  Vi har ingen faste desserttradisjonar.  I år vert det krumkaker med moltekrem.

Sidan det er sol på julaftan, tok eg eit bilde mot sola.  Snø er det ikkje mykje av.  Her er kaldt, fint ver.

Eg ynskjer alle ei god og fredeleg jul!



Kva et du til middag på julaftan?


Eg har laga ei lita "meiningsmåling" til høgre på bloggen min der alle som er innom kan stemme på kva dei et til middag på julaftan. Undersøking er kanskje eit betre ord!?  Om ein serverer fleire rettar, er det berre å stemme på to.

Viss nokon saknar ein rett, er det berre å gje meg eit hint!

onsdag 23. desember 2009

23. desember


Ja, no har vi både vaska golv og pynta tre.  No skal vi sette oss ned og la julefreden senke seg.  Det vert servert gløgg og peparkaker for dei som vil ha. I morgon står det berre litt matlaging og borddekking att.

I år vert kjem mormor og morfar og feirar jul saman med oss.  Så slepp vi å vere åleine på julaftan som dei uttrykkjer det her.  Då dei var små, måtte vi forklare dei at når vi er seks, er vi ikkje akkurat åleine.

No står det att å ønskje alle blogglesarane ei riktig god jul!

tysdag 22. desember 2009

Songleik - fem vers



I eit julehefte kom eg over denne songen som er skriven Gustava Kielland (1880-1889).  Ho vart fødd i Kongsberg.  De kan lese meir om henne på Kongsberg kommune si side.

I juleheftet var songen omsett til nynorsk.  I tillegg til "Deilig er jorden" er dette einav dei få gamle julesongane vi alltid syng på bokmål.  Dei to siste versa har eg høyrt før, men dei vert vel sjeldan brukte. 


1. O jul med din glede og barnlige lyst
     vi ønsker deg alle velkommen;
    vi hilser deg alle med jublende røst
    titusinde gange velkommen!


Ref.: Vi klapper i hendene,
        vi synger og vi ler,
        så gladerlig, så gladerlig.
        Vi svinger oss i kretsen og neier (damene to ganger) og bukker (herrene to ganger).


2. I Østerlands vise, I tre vise menn,
    vi vide hvorhen I vil drage;
    thi vi ville også så gjerne derhen
    og eder på reisen ledsage.


Ref.


3. Så rekker jeg deg nå med glede min hånd,
    kom skynd deg og gi meg den annen,
   så knytter vi kjærlighets hellige bånd
   og lover at elske hinannen.


Ref.


4. Om stormen den tuter og sneen vi ser
    det kan oss dog slet ikke skade
    thi våren og julen oss alltid er nær
    blot vi ere fromme og glade


Ref.


5. Når en gang vi samles i himlenes sal
    og synger om jul med sin glede
    vi takker og jubler i tusinde tal
    for tronen i himlen at trede

Ref.

22. desember


No er krumkakene i boks.  Vi bakte dei etter oppskrifta "eggenes vekt", i dag 268 g.  Boksen har Besta kjøpt til fuglevennen i familien.  Den er stor og god!

måndag 21. desember 2009

21. desember


I dag er eg fint ferdig.

Eg trur eg har kjøpt dei siste julegåvene.  Litt småtteri kan vel bli plukka ned frå hyllene i matbutikkane, men i grove trekk er eg ferdig.  Det siste eg plukka med meg var to posar smultringar, så no har vi kaffimat Ariel!

Eit kakemonster og kompisen hans hadde forsynt seg litt meir frå kakeboksen enn bakaren sette pris på i dag medan ho var på skulen. 

Denne kakeboksen var den finaste eg visste då eg var lita.  No har fuglevennen arva den etter Besta.

søndag 20. desember 2009

Og så vert det julemannar i år og


Mor får sette alle klutar til og vaske og rydde opp etterpå. 
No har eg begynt å orde frampå om ho ikkje vil lære å bake krumkaker.

20. desember


I dag har gjengen henta juletre!

"Vanlig, vanlig"


No er det høgsesong for bordbilde på bloggen min.  Eg er ofte innom nokre fine interiørbloggar der det er sølv og kvitt som gjeld, og for all del ikkje raudt til jul.  Viss dei skulle kome innom bloggen min så ser eg for meg dei to damene i golfbilen.  Så no vil eg berre presisere at mine motiv for å legge ut bordbilde, er heilt andre.  For det første er eg glad i fargar, og dekkar bord som eg liker.  For det andre ser eg på det som familiehistorie og ein dokumentasjon av samtida.

Vi har harr overnattingsbesøk av bror til mannen min med kone og eldste dotter.  Og for dei som vil vite kva vi serverte til middag, så var det svinesteik.  Diskusjonen på førehand var om eg skulle lage ertestuing.  Høyrer det med til svinesteik?  Eg veit at ein av gjestene er svært glad i det, så eg laga ertestuing av ein pakke tørka erter.  Der var så vidt eit par skeier att etter måltidet.  Det viktigaste er vel kva gjestene liker, ikkje kva som strengt tatt høyrer til?

laurdag 19. desember 2009

19. desember


I dag vakna vi til eit lite snølag.  Det gjer at vi får det lysare i den mørkaste tida.  I går var det ikkje lyst midt på dagen eingong her. 

fredag 18. desember 2009

Krim i adventstida


I dag har NRK kutta ut, dvs. gitt juleferie til, dei vanlege fredagsprogramma til fordel for filmatiseringa av Åsa Larson si krimbok frå Kiruna.  Eg har lese dei første tre bøkene i serien og har den fjerde på vent.
Og no er eg spent!

Vi må sjølvsagt også få med oss finalen i X-faktor.
Heia Chand!

Det er ikkje så mange år sidan eg begynte å lese krim.  Det var Henning Mankell sine bøker som gjorde at eg fekk blod på tann.

Måndagane kosar vi oss med den britiske versjonen med Kenneth Branagh i hovudrolla.  Han passar heilt til mitt bilde av Kurt Wallander.  Etter å ha sett Villspor, er eg ikkje i tvil:  Britisk krim er best!  Dei har plukka ut perfekte skodespelarar.  Og i tillegg er historia mykje lettare å følgje.