fredag 18. desember 2009

Krim i adventstida


I dag har NRK kutta ut, dvs. gitt juleferie til, dei vanlege fredagsprogramma til fordel for filmatiseringa av Åsa Larson si krimbok frå Kiruna.  Eg har lese dei første tre bøkene i serien og har den fjerde på vent.
Og no er eg spent!

Vi må sjølvsagt også få med oss finalen i X-faktor.
Heia Chand!

Det er ikkje så mange år sidan eg begynte å lese krim.  Det var Henning Mankell sine bøker som gjorde at eg fekk blod på tann.

Måndagane kosar vi oss med den britiske versjonen med Kenneth Branagh i hovudrolla.  Han passar heilt til mitt bilde av Kurt Wallander.  Etter å ha sett Villspor, er eg ikkje i tvil:  Britisk krim er best!  Dei har plukka ut perfekte skodespelarar.  Og i tillegg er historia mykje lettare å følgje.


3 kommentarer:

Besta sa...

Eg les også mykje krim, det høver for lydbøker. Åsa Larsson er ei av dei eg likar godt, har lese alle bøkene hennar. Henning Mankell er sjølvsagt god, og eg er samd i at den engelske versjonen av Wallander er betre enn dei fleste svenske.Det er berre det at det liksom er Rolf Lassgård som ER wallander.(Sjølv om Kenneth Branagh er vel så god) Og så ville eg gjerne sett att Skåne, no då eg endelig har vore der.

solveig sa...

Rolf Lassgård er for stor og kler ikkje skjeggstubbar. Han drikk for lite, og er rett og slett ikkje begredelig nok. Kenneth Branagh er perfekt i storleik og ikkje så langt frå hjerteinfarkt.

Besta sa...

No har eg sett Solstorm. Nokså deprimerande og dramatisk. Men bra. Trur eg må ha sett andre filmatiseringar av bøkene til ÅL- men eg hugsar ikkje kva for ei det var.