fredag 14. mai 2010

Frå boblejakke til bikini?

OK, det er kanskje å overdrive, men veret har endra seg raskt dei siste dagane.

I dag hadde vi ærend i næraste tettstad, Ørsta.  Sjølv kjøpte eg meg ikkje så mykje der.  Men vel heime på Hareid skulle eg kjøpe mat på Prix då eg oppdaga denne planten.  Det er ein engletrompet datura.  Vert han ikkje flott saman med appelsintreet?  For dei som lurer: Den gamle engletrompeten, kvite lever.  Det gjer også pasjonsblomsten.


Denne vesle tassen fekk vi hit i går.  Han har overnatta på vaskerommet vårt.  No tippar vi at han er på veg frå Ørsta til sin eigen heim hos Amanda.  Vår kanin, Nusse, er faren.  Marlon, den andre kanina vår, er onkelen.  Men veslekanina er prikk lik onkelen som bur i nabohagen.  Morsslekta har vi ikkje kontroll på. 

7 kommentarer:

Besta sa...

Det blei "kjærlighet ved første blikk" då Amanda fekk han. Ho var enig med meg i at han skal heite Honey.Og så spelte vi den gamle slageren frå 50-talet:Kiss me Honey, Honey, kiss me. På You tube, sjølvsagt.

solveig sa...

Fin årstid å få seg kanin no! Skjønn var ho no. Eller var det ein hanne? Olaug trudde det.

Alt godt sa...

Eg lurer på om det er ein datura. Det er ein prydepleplante, og ikkje ein engletrompet. Dei er heller ikkje stauder, så vidt eg veit. Skilnaden på datura/prydeple og engletrompet er at på ein datura står trompetane opp, medan på ein engletrompet heng dei ned med opninga mot marka.

solveig sa...

Du har rett! Begge plantane kan vel få omtrent same pleie, håpar eg.

solveig sa...

Eg reagerte også på at blada var litt annleis. Eg vurderer å kjøpe ei korgpotte til daturaen også. Engletrompeten er så tung at eg må ha hjelp til å bære han, og bæraren sukkar like tungt kvar gong ... Kanskje ei korgpotte med eit fat under vert løysinga.
Framhald følgjer!

Anlen sa...

Bikinien må vel vente nokre dagar enno... Eg ser at det er meldt standard sunnmørsver til 17.mai!

Nydeleg kanin!!

solveig sa...

Berre i ei krå på altanen, kanskje. Karane har i alle fall kasta skjorta!