tysdag 4. mai 2010

Hææærleg i bya for tida

Sist eg hadde eit rettskrivingsinnlegg, gjorde ein blogglesar meg merksam på hææærlegkampanjen.
No har dei gjort det igjen.  Dei spelar vel på "byadialekta".  Alt er herleg med æ i overskriftene.  Men i sjølve tekstane skriv dei herleg.  Så då skulle vel alt vere greitt?
Ikkje for ein norsklærar, nei.  På lærarskulen lærte vi at ein skulle aldri skrive feil på tavla, eller i alle fall aldri la dei stå der.  Då festar orda seg til hjernen vår som feil ordbilde.  (Når eg skriv det med tre æ-ar, reknar eg med at ingen blogglesarar tek skade.)
Men så var det den stakkars butikken med namnet som gjer at han ikkje får vere med i det gode selskap.

P.s.
For dei som vil sjekke herlig i ordlista.

3 kommentarer:

Besta sa...

Det gjeld å vere oppfinnsom når ein lagar reklame-finne ord som festar seg etc. "Elleville dager" er eit slikt reklame uttrykk, men eg synest det blir berre dumt når dei prøver å finne eit liknande uttrykk på nynorsk og endar opp med "Kjempegalne dagar".Leiaren i Ørsta Mållag likte uttrykket-men ikkje eg!Kven/ kva er det som er ville ev.galne?

solveig sa...

Spinnville dagar betre? Dei bør finne uttrykk som eksisterer i dialekta. "steikje fine gardine" t.d.
Men uansett synest eg rettskrivinga kan vere i orden.
Galne? "Sjukkt" og "sinnsjukkt" er døme på dårlege uttrykk/seiemåtar.

Besta sa...

Der er eg enig med deg! Bruk uttrykk som eksisterer i dialekten!
Og viss uttrykka skal bli stadig sterkare..kvar endar vi då.. Sjukt og sinnsjukt høver ikkje som positivt forsterkande uttrykk i det heile tatt. Heller ikkje "drit..."Då er det tross alt betre å bruke "kjempe...." men det er vel oppbrukt for lengst. Det går inflasjon i uttrykka.