søndag 23. mai 2010

Snøgg-gele


I dag sette eg frøkna i sving med å lage gele medan eg laga middag.  Ho kokte opp halvparten av vatnet og rørte ut pulveret.  Etterpå hadde ho i kaldt vatn.  Til slutt hadde ho oppi bær frå frysaren.  I dag vart det bringebær- og blåbærgele. Geleen stivna raskt. 

På baksida av bringebærgelepakken fann ho eit tips om gele med friske bær i stetteglas.  Det vil ho lage til 13-årsdagen.

P.s.
Kvar har det vorte av lettgelepakkane?  Eg finn dei ikkje i butikkane på Hareid.

1 kommentar:

Besta sa...

Eg skal kike etter sukkerfri gele neste gong eg er på butikken. Dei pakkane eg brukte sist de var her hadde eg hatt liggande ei stund. Etter som eg no har kvitta all gammal gele, må eg hamstre inn ny. Gele med bær er noko heilt anna enn berre gele.