laurdag 15. mai 2010

Korpskake

Det er dugnadsdagar for tida.  I dag hadde eg fått eit enkelt oppdrag: Levere ei langpannekake og ei kanne kaffi i kiosken til korpset. Eg høyrer og ser at mange kjøper halvfabrikata for å gjere det enkelt og for å ikkje mislykkast. Rotet vert no det same omtrent.  Oppskrifta nedanfor er enkel, og kaka er populær.  Til barneselskap kan ein pynte den med smågodt.  Sjølv har eg smakt kaka, men den vert for søt for meg.

Kaka er utan egg.


Sjokoladekake m/kefir

(stor langpanne ca 5 l)

11 dl kveitemjøl
5 dl sukker
3 ms kakao
4 ts natron
2 ts kanel
2 ts vaniljesukker

1 l kefir
300 g smelta margarin
1. Set omnen på 200 grader.
2. Ha bakepapir i ei stor langpanne.
3. Smelt margarinen. Avkjøl litt.
4. Bland saman det tørre.
5. Rør inn mjølka. Røra skal bli klumpefri, men ikkje seig.
6. Rør inn margarinen og ha røra i langpanna.
7. Steik kaka i ca 40 minutt på nederste rille.

Glasur:


100 g margarin
2 ms sterk kaffi (Kok kaffi: Ha 2 ts pulverkaffi i ½ dl kokande vatn)

1 ms kakao
1 ts vaniljesukker
250 g melis

1. Smelt margarinen (her kan du ikkje bruke flytande margarin) og ha i kaffi.
2. Sikt i resten av ingrediensane.
3. Ha glasuren på kaka medan ho er lunken.
4. Pynt kaka etter eigen fantasi!

4 kommentarer:

Besta sa...

Denne kaka minner om kvikklunsjkaka som eg i alle år brukte på skulekjøkkenet. Det var det beste ungane visste. Og når dei fekk designe pynten sjølv, vart det ubegrensa med melis etc.Eg laga ein gong ei "fiskekake" ; garn av melisglasur+gelefiskar.Veldig populært. Men eg orkar ikkje ein gong å smake slike kaker.Som du seier:FOR søtt! Mykje for søtt.

Anlen sa...

Den kaka er kjempegod! Men no vert det stort sett berre Toro si langpanne-sjokoladekake her, sidan den er glutenfri. Må ha det til svigerfar:)

solveig sa...

Glutenfri bakst har eg lite greie på. Bra at der finst enkle løysingar. Men eg synest kakemix er ganske dyrt. Ofte skal ein ha meir oppi også. No ser eg dei reklamerer mykje for sukkerbrød.

Besta sa...

Sukkerbrød. Det er jo akkurat like enkelt å lage det sjølv. Sjølv Besta greier det - utan oppskrift.