måndag 31. mai 2010

Brød

Når ein arbeider heime med stillesittande arbeid, kan det vere godt å lette på seg av og til.  Då passar det bra med brødbaking.  Dette flate brødet laga eg på same måte som focaccia.  Eg hadde olje på deigen og trykte det ut med hendene.  Etterpå ruta eg det opp med deigskrapa. Dette er ein lettvint måte å lage småbrød på. I dag hadde eg solsikkefrø og havregryn i deigen.

Så fall eg for freistinga å lage ein focaccia. Den står i omnen no. Studenten kjem fram i halv tolv tida i kveld.  Han har vore i hovudstaden i helga på ACDC-konsert. Han kjem nok til å gjere eit innhogg i yndlingsbrødet sitt.

4 kommentarer:

Besta sa...

Ja, du bakar og du bakar. Det har du alltid gjort. Den tida du gikk på Høgskulen i Volda og budde i kjellarleilegheita vår, brukte du titt og ofte å komme opp med ferske brød, som du laga parallelt med lesinga. Hugsar du det?
I dag vart Nils heilt ferdig med veden. Hels studenten! Og dei andre.

Alt godt sa...

Genialt å dele brødet slik! :-)

Besta sa...

Lagar relativt ofte slike brytebrød. Tar mindre tid enn å trille ut rundstykke.

solveig sa...

Før las eg og baka innimellom. No rettar eller les eg og bakar innimellom. Ein føler seg ikkje så rastlaus om ein gjer noko nyttig innimellom...