torsdag 6. mai 2010

Bytur


I dag kom eg fram til at radiusen på bevegelsane mine siste to vekene, har vore nokså minimal.  Eg følte behov for litt byluft.  Ærendet var som vanleg ein tur innom folkebiblioteket.  Elles vart det shoppa lite.  Butikkane la opp til handel til den 17., ein dato eg til no ikkje har ofra så mange tankar.
I fjor kjøpte eg ei slik krydderpotte med tre ulike krydder i til ei venninne.  For seint kom eg på at eg skulle ha kjøpt ei til meg sjølv og.  Men i dag fekk eg ein ny sjanse.  Alle pottene inneheldt rosmarin og timian.  Dette er krydder ein kan ha glede av heile sommaren.  Timianen overvintrar nok også.  Den tredje planten kunne vere salvie eller oregano.  Sidan eg har oregano både inne og ute, fall valet på salvie.  Det er eit krydder eg ikkje kan hugse å ha brukt.  Så eg tek imot alle tips!

3 kommentarer:

Milena sa...

Timian fraus i vinteren,men eg he den fine potta!:-)'Salvie kan man bruke på pizza,i tomatsaus salviesmør og salviete er bra å drikke nar man er forkjøla,lam med salvie er også godt og ellers i pasta av alle slag.

solveig sa...

Tenkte eg skulle ha potta på altanen foreløpig. Usikker på korleis det gjekk med min timian i vinter, men no har eg uansett ny.
Kanskje det vert bagettar med kvitløk- og salviesmør!

Alt godt sa...

Salvie er også godt til svinekjøt, og eg brukar det alltid i urtesaltet mitt. Det er også godt i rulladar, t.d. med kyllingfilet med skinke og salvie.