laurdag 8. mai 2010

Bok 19: Grei underhaldning

Eg har sett forfattaren, legen som skriv på fritida, på frukost-TV, og fått lyst til å lese bøkene hennar.  No er eg usikker på om bøkene hennar eg serie-bøker, eller om dei har ulike krimheltar. 
Det som først overraska meg, var at handlinga var lagt til Paris.  Orla Os, etterforskaren, er frå Vesterålen og er tidlegare lege og rettsmedisinar.  Ho har gifta seg rikt i Frankrike.  Mannen døyr, men ho held fram med å jobbe i Paris.  Les gjerne meir her.

Etter mi meining er romanen spennande og godt oppbygd.  Eit pluss for god slutt.


1 kommentar:

Besta sa...

Bøkene om Orla Os er ein serie på 3-4 bøker, trur eg, men forfattaren skriv også krim frå Nord-Norge. Du finn fleire av bøkene hennar på bloggen min.
Eg likar dei godt, særlig dei frå Paris. Der kjem ein inn på det som eg før har skrive om:"Franske bøker er ikkje som andre bøker"-og bøkene frå Paris røper den franske tenkemåen.