tysdag 29. april 2008

Congratulations



Dagens geburtsdagsbarn får denne melodien av meg!

søndag 27. april 2008

Slapp søndag

Etter ei hektisk veke er det godt å ha ein dag til å "sløve". Eg har tatt det med ro, lese litt og sola meg litt. Eg har vore nær maskinene for å seie det sånn. Vaskemaskina og trommelen har gått i eitt medan oppvaskmaskina har gått to gongar slik som brødbakemaskina. Tenk kva arbeid vi sparer oss.

Eg anbefaler blogglesarane på det sterkaste å lese Mustafa Can si bok. Den set mykje i perspektiv! Same korleis eg prøver å skildre den, vil det bli feil. De må lese sjølve. Absolutt den beste boka eg har lese i år!

Håkon har lenge ønska seg kano. No har Øystein og han spleisa på ein brukt. Dei tok seg ein padletur medan Olaug var i geburtsdagsselskap.

I selskapet i går fekk Øystein tilbod om å låne 3 sesongkort som dei ikkje fekk bruke sjølve i dag. Han har no tatt med seg ein kompis dit. Audun har sitt eige sesongkort, og Einar slepp gratis inn sidan han er på jobb for lokalavisa.

Olaug og eg sit ved kvar si datamaskin.

Sånn går dagane her!

Tidtakar



Eg har ein fast jobb; tidtakar på Hadarstefetten. Resten av familien brukar å springe. I år var kun dei to yngste med. Olaug sitt lag kom på andreplass, medan Håkon var på andrelaget og kom lenger bak, som forventa.

Vi skulle i selskap på Ishavsmuseet allereie klokka 17, så også den dagen flaug. Dei spurde meg om oppskrifta på eggerøre. Det tok eg som eit hint. Så eg laga eggerøre av 3 pakkar egg før stafettane og tre etterpå, 72 egg til 70 gjester. Eg kom fram til ein lur røremetode, staven på stavmiksaren. Det gav ei utruleg glatt røre utan at ein piska inn luft.

Vanskeleg alder


Fredag var eg i siget. Etter 6 vikartimar som formingslærar, og før guttekamp, fann eg ut at det kanskje ville bli einaste sjanse til å skaffe Olaug maiklede.

Først må ein bestemme seg for kva som er konfirmasjons-/17-mai-kle når ein er 11 år og jente. Eg meiner at grensa for å bruke "juksebunad" er nådd. Dei finst til 12 år, men det finst sikkert 8-9-åringar som treng den storleiken. Vi såg etter finkjole.

Ulsteinvik har fått nytt kjøpesenter, d.v.s. dei har utvida Blåhuset med ørten butikkar. Forrige veke var vi på Amfi utan å finne noko vi lika. På eine kjedebutikken var alt i svart/kvitt. Det freista ikkje å kjøpe ei kvit utgåve av julekjolen for å seie det sånn. På Hareid hadde dei ein brunmønstra kjole i 12-år. No sette vi vår lit til det nye kjøpesenteret!

Etter å ha tråla Blåhuset to gongar, det må nemnast at sprinkelanlegget hadde vore utløyst i den eine barneklebutikken slika at den ikkje kunne opne, møtte vi senterleiaren. Ho sette oss på ein ide vi ikkje hadde tenkt på før: XS! På Bohemian fann Olaug to kjolar ho likte, vi enda opp med ein kvit.

Ingen kan gå rundt berre i kjole i mai. Mora såg for seg ei tynn innejakke og ein raud trenchcoat over den kvite kjolen! Kor ofte finn ein det ein ser for seg? Men jammen hadde dei raud trenchcoat på Amfi. Tilbehøret kjøpte vi også der.

På Hareid har vi fått Floriss blomsterbutikk, og i tillegg til dei nye butikkane på Blåhuset, har vi no fått omtrent det same som i Ørsta! Her skal handelslekasjen stoppast! Ein butikk må nemnast, Bennetton. No hadde dei berre damekle, men dei skal få barnekle til sommaren. For kvar ny butikk og kvart nytt senter som opnar, seier eg, vi kan vel ikkje handle meir, dette kan ikkje gå bra.....

P.s.
Guttelaget vann

fredag 25. april 2008

Gratulerer!

Vi vil gratulere Wenche med ein felles favoritt(?)


p.s
Dei beste versjonane kunne ikkje kopierast.

onsdag 23. april 2008

Tjuverialarmen går!

Eg visste ikkje at matbutikken der eg brukar å handle, har tjuverialarm. Men i dag fekk eg både sjå og høyre. I det eg trilla vogna med tøynetta oppi, forbi kassa, begynte det å pipe og lyse raudt. Eg tok ut netta og rista dei ut over varene og køyrde den tomme vogna forbi enden på kassa utan netta, ny runde med uling.

Korleis vert slikt takla? Dama i kassa tilkallar hjelp. Hjelpa trillar kassa forbi, ingen alarm. Kom hit med den, seier eg og vil vise henne. Nei, det kunne like gjerne vere skorne mine! Eg tok handlevogna og viste henne, alarmen gjekk igjen. Og kva gjer ho? Set vogna på plass!

Heldigvis har kundane, ja ein liten kø vart det sjølvsagt, fått med seg at det ikkje var min feil, men det måtte eg jammen bevise sjøl!

Har ikkje dei butikktilsette lært korleis dei skal takle ein slik situasjon. Er det nok å trekke på skuldrane og riste på hovudet? Kva med ei unnskyldning? Kva med ein kommentar til dei andre kundane som var vitne til opptrinnet?

No sit eg her og er skikkeleg etterpåklok! Hadde eg vore litt meir snarrådig, hadde eg gitt dei klar beskjed om at den vogna fekk dei fjerne, for får eg utløyst den alarmen ein gong til, har eg handla der for siste gong! Då er det ikkje nok å be om unnskyldning (der fekk dei den!)!

Gratulerer!



Vi lar Beatles synge for dagens bursdagsbarn!

Fotballkamp

I dag har vi sett Hødd junior slå Hareid junior på Hareidsmyrane stadion. Audun stod i mål 1. omgang, og fekk prøve seg som spiss heilt på slutten.

Friidrettsfest

Tysdag var det årsfest i friidretten. Dei to yngste er med. Håkon fekk diplom for lengderekorden sin i 12-årsklassa i forfjor. Olaug fekk bronsemerke. Mitt oppdrag var: 20 rosinbollar.

måndag 21. april 2008

Ny nabo

I dag har Olaug og eg vore på barselsvisitt hos naboane. Vi har sett at dei har hatt mykje besøk, så det vart berre ein snarvisitt. Den vesle jenta, som enno ikkje har fått namn, var akkurat så stor som Olaug var då ho vart fødd. Ho er lita og lett som ei dukke, og blid! Ho såg på meg med opne auge og smilte, ikkje berre ein gong, men to, med eit nydeleg smil. Og då vert ho 3 veker på fredag. Ingen i vår familie har smilt så tidleg!?

søndag 20. april 2008

Meir mimring

Survivor: Eye of the tiger.


Det var ein ting som var betre på den gamle Siemens A55-mobilen min - ringetonen. Eg fekk hjelp til å legge inn Eye of the tiger,ein 80-tals klassikar. Så om mobilen skulle ligge i sekken min og ringe, så ville det ikkje bli for pinleg. No har eg Gaute O sin Kjærlighet er mer enn forelskelse, innlagt av Olaug. Så no er det "lydløs" som gjeld.

Hagebilde

I dag gjekk M og eg rundt vatnet i relativt høgt tempo mellom frukost og middagslaging. Med ein slik aktiv start på dagen, kan ein unne seg rolege timar på altanen med lesing og kaffidrikking. Her er nydeleg altanver i dag, d.v.s. sol og vind. Eg har kuleprimula i mange fargar. Eg meiner dei kryssar seg, slik at det vert mange lillanyansar.
Blåveis.
Dette er årets Primula Vulgaris som eg planta ut før påske. No har dei fått ein ny vår.
Kaninsnop: Eg brukar å kjøpe meg persille og ha i vinduskarmen ei stund før eg plantar den ut. Viss ein er flink å ikkje la den gå i frø, vert den fleirårig.

Squash

Eg har dyrka squash, eller skvåsj som det no heiter, i mange år. Det var omtrent før eg hadde smakt det. Sjølve dyrkinga er artig, dei veks omtrent medan du ser på dei. Dei veks seg også ofte altfor store, opp til 4 kg på det verste. Den gule typen stoppar å vekse når den er moden for eting.

Gule skvåsj har eg ikkje dyrka meir enn eit par år. Butikkane sel stort sett berre grøne. Fredag var eg heldig å finne frø på Europris. Eg hadde ikkje tenkt at der skulle vere størst utval i frø, men der var tre reolar. Skåsjfrøa skal eg så 1. mai, litt ompotting vert det nok fram til eg plantar dei ut før 1. juni. Dei kjem då i åker under fiberduk til etter jonsok. Jorda må vere næringsrik, gjerne heimelaga kompostjord eller kugjødselkompost.

laurdag 19. april 2008

Freistande tallerkar

Elevane mine har no begynt på oppgåva eg kallar tallerkenmodellen. Dei får bestille mat for 80 kr (gjerne 1/4 agurk) og skal lage mat og servere det på ein tallerk. Det skal vere 1/5 kjøt/fisk, 2/5 ris/poteter/pasta og 2/5 frukt/grønsaker. Eg hjelpte desse med tomatrosa. Paprikahjartet kom dei på sjølve.
Ei av gruppene skal lage denne retten. Det er ikkje berre i Kunst og handverk eg likar å vere godt førebudd. I dag laga eg denne paprikasausen til kyllinglår og ris. (klikk på bildet viss du vil sjå oppskrifta). Dette blir ein mykje sunnare saus enn pulversausar. Eg synest den var litt søt og mangla salt og pepar. Med ein gul og ein raud paprika, fekk den ein frisk og fin farge.

Ting på gang

Neste veke skal eg vikariere i Kunst og Handverk. Så i går var Olaug og eg på ein butikk i Vik vi kallar Eurosjokk, der ein får mer til overs, og kjøpte garn til tøflar. Tøflane skal tovast, og oppskrifta er enkel, likevel er det greitt å øve seg. Olaug og eg strikkar på skift.

Onsdag såg eg at Øystein hadde liggande ein bestillinglapp han skulle sende til Haugen. Eg var snar å føre på kokeboka eg skreiv om forrige veke. Bøkene kom allereie i dag! Berre ein bestiller for meir enn 200 kr, slepp ein porto. Det er ikkje noko problem når Øystein og eg slår oss saman!

På biblioteket hadde dei fått inn fleire lydbøker eg ikkje har lese, men eg har ikkje kapasitet på MP3-en til fleire enn to.

Elles har eg sett Hareid slå Tjørvåg 8-5 i gutte sjuarkamp i dag. Eg berre nemner det, for då eg begynte med bloggen, trudde eg at det skulle bli meir fotball enn det har blitt. Det spørs no når sesongen startar........

onsdag 16. april 2008

Bokprat

I dag fekk eg kloa i denne boka. Bibliotekaren på skulen vil at lærarar skal lese gjennom bøker som vi kan anbefale til dei elevane vi trur vil like dei. Denne boka har stått på ønskelista mi! Eg har sett eit par TV intervju med fofattaren. No håper eg på altanver med solbriller, slik at boka er på plass på skulebiblioteket måndag.

tysdag 15. april 2008

Solsommaren 1997

Denne sommaren vart det fødd to babyar i familien. Geburtsdagbarnet i april og kusina 7 veker seinare. Medan Eirik sov og åt, var Olaug vaken på dagtid og skreik om kvelden fram til 1. På morgonkvisten roa ho seg. Eit B-menneske var fødd. Til og med etter skulestart skein sola. Onsdagen kom besteforeldra utover, og vi bada på Holesanden.
Smokk? Olaug ville ikkje ha smokk. Her ser ho sitt snitt til å prøve Eirik sin.

måndag 14. april 2008

Gratulerer Eirik!



Vi gratulerer Eirik med 11-årsdagen 15. april!

Måndag, snart helg.

Ein av kollegaene mine har dette til måndagsuttrykk. Og er det ikkje slik det er?
I år har eg alle timane samla frå måndag 4. time til og med torsdag 3. time.
Med ein slik timeplan vert det fort helg!

Blogglesarane har sikkert oppdaga at det kjem få innlegg frå meg i veka. I dag gjer eg eit unntak med bilda eg tok i går og får kalle "Vårteikn i hagen".


Peonane har også begynt å stikke opp!

søndag 13. april 2008

Syngande bier

Søndagskveldane mellom 8 og 9 har vi sett ein sangkonkurranse på TV3 der det gjeld å kunne teksten. Det høyrest mykje lettare ut enn det er. Eg ser at det er eit liknande program på TV2 i turtida mi på tysdagane. No legg eg ut min yndlingsversjon av I will always love you - with lyrics!

I will always love you

Frå A4-familie til....A3?



Etter ei relativt fredeleg veke med 2 born i huset, er no dei eldste vel heimkomne, og vi er tilbake til normalen her i huset.
Vaskemaskina har gått ein gong for dag, ho fekk til og med ein dags pause. I dag er 5. maskina ferdig. Eg syntest eg vaska mykje kle då dei var små, men no er plagga større, og dei trenar og dusjar som aldri før.
Middagsporsjonane er dobla. Denne veka har vi klart oss med familiepakningar.
Måltida - kvar vart dei av? I beste fall kan vi kalle dei flytande. Det er seinvakter, bortekampar og fotballkampar på TV (sett på pizzarestauranten). A4-gjengen et i lag.
Bilen har stått mest i ro. Ingen bilturar over Eidet for meg. Eg har til og med gått og handla eit par dagar! (Fredag køyrde eg til Ørsta...)
Ein får berre vere glad for mikrobølgjeomn og kondenstrommel.
Og sjølvsagt meir liv i huset!

laurdag 12. april 2008

Viruskommentarar

Eg ser at fleire enn eg er plaga med såkalla viruskommentarar, slike som sluttar med look here. Dersom ein har det eg kallar handikaplinje, unngår ein slike fellesmeldingar. Mange bloggar har slike, og eg må innrømme at dei har irritert meg litt. Spesielt dersom eg skriv feil. Men så mange sekund tek det ikkje.

Foreløpig held eg meg til gamleordninga, nemnleg å trykke på søppelkassa.

Ny krim


No har eg lese ferdig Kjærlighetens historie.Så no vert det ei krimbok før eg gir meg i kast med Boktyven.

fredag 11. april 2008

Favorittar

From a distance omsette Andreas B til nynorsk for nokre år sidan, "Frå det høge". Ronald Ø song den med si nydelege olavstedjeliknande stemme. Fantastisk! Må opplevast! Blogglesarane får nøye seg med originalen.

torsdag 10. april 2008

Gammal kokebok


Mi venninne M har skaffa seg ei ny utgåve av Hanna Winsnes si kokebok. Eg tenkte eg ville skrive ein kommentar om at eg meiner det er Norges første kokebok. For å verte meir sikker, tenkte eg at eg ville sjekke på nettet. Der fann eg den eldste utgåva. For den som gidd å sjå, så er her t.d. også tips om korleis du skal fyre opp steikeomnen. Elles forstår ein kvifor boka må tilpasssast ei moderne tid.

Det hadde vore artig å visst kor mange som kjøpte denne boka på 1800-talet!

onsdag 9. april 2008

tysdag 8. april 2008

Kva har du lært i dag?

Dette spørsmålet må alltid ein eller fleire av elevane mine svare på før vi avsluttar ei 3-timars økt på skulekjøkenet. Eg meiner det er viktig å tenkje etter og helst kome fram til at ein har lært noko kvar dag.

I dag har eg lært noko som eg har hatt lyst til å lære lenge: Å lage linkar!

9. klassingane våre har arbeidsveke, såkalla PRYO-veke denne veka. Det gjer at eg får litt tid til å oppdatere meg innimellom ("gratis")vikartimar, ventilator- og komfyrvask. Rydding har det vorte minst av. Hm...

I dag hadde eg ein kommentar til den mest datakyndige på skulen, eller Ped-It ansvarleg, om at eg hadde så lyst til å lære å lage linkar. Det var berre å finne fram, så skulle han vise meg.

No har eg sjølvsagt kome fram til at det er enkelt. Men det visste eg på førehand. Heldigvis var det overførbart til bloggen. Det er no så logisk når berre lyset har gått opp.

Eg veit at det sit mange og småler når dei les dette.........

Hjertebrødet nedanfor er berre for å vise litt av mulegheitene.

Apropos hjertebrød. Eg har prøvd å finne ut, utan hell, kor mykje Omega-3 det er i t.d. feite fiskeslag, linfrø, nøtter, soyaolje og rapsolje. Viss nokon veit kvar eg kan finne desse tala, tips meg!

Hjertebrød


Her finn du oppskrifta på hjertebrød.

søndag 6. april 2008

Kva skal eg lese?

No har eg to bøker liggande på MP3-en, og greier ikkje å bestemme meg for kva bok eg skal lese først og sist. Eg har høyrt 4-5 spor av kvar utan å kome fram til eit svar.

Sist eg var på biblioteket hadde eg lese omtrent alt dei hadde inne, så det vart desse.


laurdag 5. april 2008

Ut i Europa

I går reiste eldstemann til London der han skal begynne på den avsluttande oppgåva på journaliststudiet.
18-åringen reiser til Berlin på språkreise i morgon tidleg. Så komande veke går vi ned i normal familiestorleik....


Illustrasjon:
Pasjonsplanten eg fekk i fjor sommar kjem no med stadig nye blomster.

Varierande ver


Dei siste to vekene har her vore svært varierande ver. Denne tysdagen gjekk vi tur rundt vatnet i + 10 grader, veka før i - 10. I går hadde vi regn og hagl, i dag snø. Innimellom kikar sola fram.

fredag 4. april 2008

Tid for oppgradering.

Huset vårt er 15 år gamalt, og ting treng fornying. No har vi hatt elektrikar opp som har skifta lysrørlampar på kjøken og vaskerom. Fredag skifta han ventilatoren. Plastiken i desse tinga hadde rett og slett smuldra opp.

For å gjere det enkelt og rimeleg, bestilte vi ein ventilator som var heilt lik den vi hadde. Den verkar på kjøken, to bad og vaskerom og skal stå på heile tida. Då vi flytta inn, måtte vi venne oss til at det susa heile tida, sjølv på lågaste stille. Den nye høyrer vi ikkje. Kva er det teikn på? Dårleg hørsel? Andre ting som susar hørge? Heldigvis er skilnaden størst på høgste trinn! Og plastiken ser annleis og sterkare ut!

Frø frå i fjor.

I dag gjekk det opp for meg at vi er komne eit stykke ut i april. Først såg eg frukost-TV der Finn hadde trekt ut på gata med mold og frø, deretter snakka eg med mi venninne M som også har kome i full sving. Då vart eg inspirert!

I fjor sådde eg både isebergsalat og grønkål med stort hell. Ein halv pakke gav mange plantar. Eg kom aldri så langt som til å så plukksalat, så då vert det ein ny sort i år også. Eg har som mål å prøve nye sortar kvart år.

No har torvbrikettane fått lok over seg. Dei får stå på vasken med varme frå oppvaskmasina til dei har spira. Etterpå skal dei få stå lyst og relativt kjøleg i "nyestova"


torsdag 3. april 2008

Nett eller pose?

Dei siste dagane har eg vore på fem ulike matbutikkar i distriktet. Det verkar som alle har fått same opplæring. Ei kort helsing og viss du ikkje rekk å seie
- og så skulle eg hatt to nett!, så kjem det :
- Pose?
I min dialekt er det skilnad på pose(plastpåse) og nett (plastnett). Plastposar er små og gjennomsiktige og heiter gjerne brødposar når du kjøper 100-pakningar. Plastnett eller handlenettt, er store nett du ber heim varer i.

I dag fekk eg spørsmålet av ein kar nordfrå. Alle med andre dialekter får snakke som dei vil. Slagordet på 80-talet var "Snakk dialekt, skiv nynorsk". For meg held det enno.
- Pose?
- Nei, ej he med mej nett!
Og det skal eg halde fram med!

God bok


No er eg nesten ferdig med denne boka. Eg synest den er for kort. Endeleg har eg kome inn i tida, miljøet, familiane og namna, og så er ho nesten slutt.