
Gule skvåsj har eg ikkje dyrka meir enn eit par år. Butikkane sel stort sett berre grøne. Fredag var eg heldig å finne frø på Europris. Eg hadde ikkje tenkt at der skulle vere størst utval i frø, men der var tre reolar. Skåsjfrøa skal eg så 1. mai, litt ompotting vert det nok fram til eg plantar dei ut før 1. juni. Dei kjem då i åker under fiberduk til etter jonsok. Jorda må vere næringsrik, gjerne heimelaga kompostjord eller kugjødselkompost.
2 kommentarer:
Europris he litt av kvart..:-)
Vi har sått skvåsj nokre gonger, men får så stor avling at vi må gi bort mykje. I fjor sådde vi ikkje. Finn ikkje så veldig mykje å bruke skvåsjen til.For eit ord forresten..skvåsj. Huff, seier eg berre.
Legg inn en kommentar