Denne sommaren vart det fødd to babyar i familien. Geburtsdagbarnet i april og kusina 7 veker seinare. Medan Eirik sov og åt, var Olaug vaken på dagtid og skreik om kvelden fram til 1. På morgonkvisten roa ho seg. Eit B-menneske var fødd.

Til og med etter skulestart skein sola. Onsdagen kom besteforeldra utover, og vi bada på Holesanden.

Smokk? Olaug ville ikkje ha smokk. Her ser ho sitt snitt til å prøve Eirik sin.
2 kommentarer:
Eg hugsar at dei grov med gravemaskin hos naboen på hausten det året, og at Eirik sov så godt i den jamne duren at eg måtte ut og sjekke om han levde der han låg i vogna si. Rekorden var fire timar middagslur, og så sov han om natta frå 20.00 - 07.00. Ein drømmetype, med andre ord.
Det var nr 2 som var det enkle barnet her i familien også - alt frå fødsel til han begynte å klatre....
Legg inn en kommentar