måndag 21. april 2008

Ny nabo

I dag har Olaug og eg vore på barselsvisitt hos naboane. Vi har sett at dei har hatt mykje besøk, så det vart berre ein snarvisitt. Den vesle jenta, som enno ikkje har fått namn, var akkurat så stor som Olaug var då ho vart fødd. Ho er lita og lett som ei dukke, og blid! Ho såg på meg med opne auge og smilte, ikkje berre ein gong, men to, med eit nydeleg smil. Og då vert ho 3 veker på fredag. Ingen i vår familie har smilt så tidleg!?

3 kommentarer:

Besta sa...

Dei fargerike babykleda du kjøpte passar sikkert fint til denne jenta.Sjølv om det ikkje er så lett å sjå på bildet er ho sikkert heilt skjønn. Eg hadde ein elev frå Sri Lanka ein gong, og ho var nydelig.Ho heitte Nirosha

solveig sa...

Eg er litt forsiktig med bilde når eg ikkje har spurt. Ho hadde eit nydeleg smil slik som broren på 4.
Kleda var i 74, så då kan ho godt ha sterke fargar.

ariel sa...

Eirik smilte då han var to veker. Amanda venta til ho var seks veker...