måndag 31. desember 2007

Godt nytt år!




Eg vil ønskje alle blogglesarane eit godt nytt år!

Her lagar Øystein middag, pinnekjøt som på julaftan.
Eg dekkar bord og lagar dessert.

Nyttårsforsett

Eg har ikkje nokon sans for nyttårsforsett. Dei fleste veit om side svake sider, og kan ta seg på tak same kva dag det måtte vere. I januar i fjor sette eg meg til å tenke høgt. Eg får lest for lite og gått for lite på tur. Det eg skulle hatt, var ein MP3-spelar slik at eg kunne gå på tur og høyre bøker. Eg hadde ikkje før sagt det, så låg han der, ein raud, fin MP3-spelar. (Akkurat den har klikka, og eg har skaffa meg ei I-pod-liknande sak)
--
Når eg no fekk freistande tilbod frå Bokklubben Nye Bøker, så oppdagar eg at eg har lese over halvparten, det vil seie dei fleste bøker som interesserer meg. Den siste boka eg har lese ferdig er Stieg Larson sin krim "Menn som hater kvinner". Når biblioteket opnar igjen, skal eg prøve å få tak i dei to neste.

søndag 30. desember 2007

Miljønett

Olaug har lenge masa på meg om at ho har lyst til å sy. Eg har vore skeptisk til å sleppe henne til på mi gamle, elektroniske Husquarnamaskin. Så då dei hadde tilbod på Lidl, slo vi til og kjøpte henne ei til jul. Ho sydde fort opp dei stoffbitane eg hadde liggande.

Behovet var stort for eit litt større, passeleg vanskeleg prosjekt. Eg hadde ei holete dongeribukse liggande. Den har no vorte sydd om til eit handlenett. Ho fekk hjelp til klipping og handtaka, elles har ho styrt på sjølv. Kanskje det vert meir dekor seinare.

Dersom nokon har tips om andre ting som ein 10-11-åring kan sy, tips oss!

Hareid i dag


Bildet er tatt presis klokka 12 i dag.

laurdag 29. desember 2007

Kvardagsliv

I dag er det 2. dag av Grendacupen. Verken Kattekvinnene eller FC Goalgetters er utslåtte enno. Cup er Cup som det heiter. Eg har sendt Øystein på kiosk- og vaskedugnad medan eg har gjort ein innsats med vask i heimen.

Bordet eg har dekka står omtrent urøyvd. Eg lagar mat som vert varma i microen når det måtte passe for folk å ete. Duken på bordet kjøpte eg i fjor på sal og angra omtrent med det same. Men i år er eg glad for å ha ein kvardagsduk.

fredag 28. desember 2007

Landbrød




I dag har eg laga landbrød etter inspirasjon frå Viestad.
--
Han skriv:
Denne oppskriften er uhyre enkel, og gir deg muligheten til å finne ut hva din egen innsats betyr. Jeg bruker svært lite gjær, men dette betyr at jeg må ha tid til å vente på brødet. Er du avhengig av at hevingen ikke skal ta så lang tid, bør du bruke litt mer gjær. Her er det viktig å bruke fersk gjær. Det kan vere vanskelig å måle opp 5 g gjær, men her er det ikke viktig å vere så nøyaktig. Jeg kniper en liten bit i hjørnet på en gjærbit og det pleier å holde.
--
1,2 kg hvetemel
300 g finmalt rug
3 ts salt
9 dl lunkent vann, om lag 40 grader
2 ss maltekstrakt eller honning
5 g gjær
--
Bland sammen mesteparten av hvetemelet og alt rugmelet sammen med saltet i en stor bolle. Varm vannet til det er lunkent, rundt 40 grader og bland inn gjær og maltekstrakt.
--
Lag en fordypning i melet og rør inn vannet, litt etter litt, med en sleiv eller med hendene. Når alt vannet er jobbet inn i melet, vil du få en blaut, klissete deig. Elt forsiktig og la stå i en kvarters tid, så melet får tid til å trekke til seg mer fuktighet. Er den veldig klissete, ha i mer mel. Elt i en halvtimes tid (du trenger bare å elte i 2 minutter, så kan du gjøre noe annet i 5 minutter osv, så lenge det er en halvtime fra du begynner til du slutter).
--
Ha deigen tilbake i bollen og dekk med plast. Sett den et sted der temperaturen er stabil og rundt 20 grader. La heve til den er dobbelt så stor. Dette tar mye tid, litt avhengig av tempetaturen. Sist jeg lagde brød, lot jeg den stå over natta.
--
Løft ut deigen, del den i to eller tre og form den til fine avlange brød. Dekk med plast og kjøkkenhåndkle og la heve til de er dobbelt så store. Slå opp brødene en gang til, det vil si at du slår lufta ut av dem. Leg dem godt fra hverandre på et stekebrett og dekk til med et kjøkkenhåndkle (ikke plast den siste gangen).
--
Varm ovnen til den er 220 grader. La brødene heve til de er dobbelt så store. Skjær grunne snitt i toppen av brødene med en tynn, skarp kniv eller et barberblad og sett dem i ovnen. Skru ned varmen til 180 grader og stek i omtrent 45 minutter midt i ovnen.
--
Heilt sidan eg fekk boka i hendene, har eg hatt lyst på dette brødet med røykelaks og eggerøre. Brødet har meir smak enn ein vanleg loff, og skorpå vert nydeleg. No må eg innrømme at eg ikkje gjorde det så omstendeleg som Viestad. Eg brukte kjøkenmaskina og let den kna deigen vel og lenge i 10-tida. Så for vi på handletur. Etter at eg kom heim heldt eg auge med deigen, og i 16-tida var eg fornøgd med hevinga. Igjen fekk maskina gjere jobben. Eg bakte ut to brød. Når eg ikkje brukar former, brukar eg å kjevle eller klappe deigen flat, før eg rullar han saman. Då vil ikkje brøda flyte så mykje utover. Ca 17.15 sette eg brøda i omnen, og 18.00 var dei ferdige.
--
ps. Eg brukte honning og 2 ts salt i mine brød.

Julefest og Grendacup

3. juledag er det julefest med "mat på fat" og dessutan skal det leverast sjokoladeskuffekake til Grendacupen. Eg føler meg av og til litt gniten når eg kjem med skillingsbollane mine. Det er liksom litt enkel og rimeleg mat. Men det skal ofte ikkje meir enn ei rosin til , før nokon "ikkje likar". Og det var nok eitt av dei første fata som vart tomme.


Denne sjokoladekaka lagar eg ofte når eg skal gi frå meg ei kake. Er det nokon som har geburtsdag, kjøper eg inn rikeleg med smågodt, gjerne hjerter til jenter og "daudningehaud" til gutar. (Er det lov?) Kaka er ei surmjølkskake som er kjempeenkel å røre saman.

Sjokoladekake m/kefir

(stor langpanne ca 5 l)

11 dl kveitemjøl

5 dl sukker

3 ms kakao

4 ts narton

2 ts kanel

2 ts vaniljesukker

1 l kefir

300 g smelta margarin

1. Set omnen på 200 g.

2. Ha bakepapir i ei stor langpanne.

3. Smelt margarinen. Avkjøl litt.

4. Bland saman det tørre.

5. Rør inn mjølka. Røra skal bli klumpefri, men ikkje seig.

6. Rør inn margarinen og ha røra i langpanna.

7. Steik kaka i ca 40 minutt på nederste rille.

Glasur:

100 g margarin

2 ms sterk kaffi (Kok kaffi: Ha 2 ts pulverkaffi i 1/2 dl kokande vatn)

1 ms kakao

1 ts vaniljesukker

250 g melis

1. Smelt margarinen (her kan du ikkje bruke flytande margarin) og ha i kaffi.

2. Sikt i resten av ingrediensane.

3. Ha glasuren på kaka medan ho er lunken.

4. Pynt kaka etter eigen fantasi.

Eg har prøvd ut mange surmjølkskaker, og kome fram til at denne er den beste. Eg brukar kulturmjølk, sjølv om enkelte meiner det må vere kefir. Oppskrifta er skriven for nybyrjarar. På skulekjøkenet skal det gå fort, heime steiker eg den oftast på 180 grader 1 time.

Shopping

toalettveske med litt forsjellig
julestrømpe til Nusse
bukser.
I dag har oss våre på salg i Ulsteinvik og kjøpt litt forsjelli

torsdag 27. desember 2007

Vossamat

I Vossamat er det mykje norsk historie. Det er nesten så eg ikkje trur alt kan vere sant.
Kor lenge var det vanleg å ete graut av same fat?
Kor tid vart det vanleg å ete med kniv og gaffel?

Frå årestove til vedkomfyr. Kan det verkeleg stemme at vedkomfyren vart vanleg berre for vel 100 år sidan?

Her er mykje tankevekkande stoff. Kvardagsmaten var temmeleg enkel.

Men skilnaden på fattig og rik var stor.

Mine beste sider



Allereie i tittelen legg Viestad an tonen. Her er mange gode forklaringar og forteljingar. Språket er godt, og han legg vekt på gode overskrifter, helst med dobbelt meining.
Tatt på fersken
Tanta til Beate
Kanskje kommer kongen (Elvismat)
Rått parti
Jeg fikk skokk (om jordskokk og Coop lyngdal og fordommar)
Noe i gjære

Dei som les Magasinet vil kjenne att sidene derifrå. Eg kjøper Dagbladet så og seie kvar einaste laurdag, men klipper sjeldan ut sidene hans. Kanskje vert eg flinkare til det heretter, eller skal eg satse på at han gir ut fleire bøker?

For dei blogglesarane som har boka, vil eg legge inn eit godt ord for landbrødet s.63. Den artikkelen var ønskereprise for eit par år sidan. Eg laga brøda, og dei var berre kjempegode.

I artikkelen "Lørdagsgodt" s. 214 skriv Viestad knakande godt om den norske pizzaen.

Eg kjem nok attende med erfaringar og oppskrifter seinare.

onsdag 26. desember 2007

Smak av krydder


Dette er ikkje berre ei kokebok. Det er ei reiseskildring med mange flotte bilde. Den inneheld fakta om krydder og oppskrifter og ikkje minst skildrar Andreas Viestad opplevingar frå reisene sine. Han krydrar med personlege meiningar.

Eg har fått lyst til Thailand! Der er oppskrifter frå mange land, men Thailand freistar mest. Neste sommar vert det ikkje, då har vi planlagt tre andre feriar. Heldigvis har han kome med tips om stader i Oslo der ein også kan få godt krydra mat. Dit skal vi!

Etter å ha lese kokebøker i fleire timar, fekk eg så lyst til å prøve noko. Sjølv om vi har mykje mat i hus, så har vi ikkje ingrediensar til så mange av desse rettane. Ikkje var eg særleg svolten heller. Så fall augene på ei dessertoppskrift som gjekk igjen i begge Viestad sine bøker. Dessert av appelsin og kanel. Enkelt og greitt. I Mine beste sider var der sukker også. Han understrekar at kanelen må vere av god kvalitet. Eg hadde fått kanel av same type som grautkrydderet til jul og appelsinene var kjempesøte og gode (spanske frå Prix). Høyrest det merkeleg ut? Prøv sjølv! Det var kjempegodt!

Kokebøker



Dei som kjenner meg godt, veit at eg likar å lese kokebøker. Aller helst bør der vere mykje tekst og ikkje berre oppskrifter. I år var eg så heldig å få tre ulike kokebøker, to av dei med same forfattar. Eg har tenkt å "melde" alle tre på bloggen.

tysdag 25. desember 2007

Julaftan 2007



Kunst og handverk

Eg veit det er handarbeidslærarar som les bloggen min, så eg tenkte dei skulle få sjå dette tovahjartet som Olaug hadde laga på skulen (5. klasse).

1.juledag


I dag vakna vi til nydeleg ver. Vi har litt sol her heile året.
Eg fekk ein liten kristtorn av onkel Rolf ein gong vi var i Sula,
kan det ha vore i 1999?
Den trivest i alle fall godt på Hareid!

måndag 24. desember 2007

God jul!


Her på Hareid skal vi snart ete graut.
Vi brukar å gå til kyrkje 14.30 på barnegudstenesta.
Olaug skal ikkje synge i år, men mange av klassevenninnene syng i barnekantoriet.
Ca klokka 17 skal vi ete ribbe, eller pinnekjøt som austlendingane har lært oss at det heiter. Så spørs det kor tid det vert dessert. Øystein og Håkon har plukka molter til moltekrem.
Eg hadde tenkt meg ut å ta bilde av kristtornen vår frå Sula. Det får vente til veret vert betre. Vi har hatt storm i natt, og det er framleis skikkeleg utriveleg ute.
No står det att å ønskje blogglesarane ei riktig god jul!

søndag 23. desember 2007

Julegraut



Vi brukar å ha graut midt på dagen på julaftan, sjølv om både Øystein og eg var vane med brødmat og pålegg. Her i huset er det ingen som kjem svoltne heim frå jobb klokka 12, for å seie det sånn.
--
I dag har eg opna ei lisjejulaftangåve frå mamma og pappa, to nissetallerkar og to krydderglas. Slike nissetallerkar har vi fått av dei for mange år sidan. Ungane åt opp grauten for å sjå kva slags nisse som var i botnen. Den tida hadde eg ein mandel i kvar tallerk for å halde på julefreden. I morgon skal eg ha mandel i ein tallerk. Då vert sjansen for at Audun får mandelen for ørtande gong, redusert frå 50% til 16,66%.
--
Elles har eg eit lite tips for å få ekstra god graut. Då eg låg på føden i Volda etter at eg hadde fått Audun, fekk vi sånn nydeleg graut laurdagen. Dei kom fram til at det måtte vere rømme i den. Berre prøv! Risengrynsgraut kokt med H-mjølk og 1-1/2 dl seterrømme pr liter mjølk vert nydeleg julegraut. Og vi gler oss til å prøve julegrautkrydderet med kanel, kardemomme, sukker og vaniljesukker.

laurdag 22. desember 2007

Brasiliansk fruktkake

I går stakk eg innom ei venninne. Ho hadde funne oppskrifta til Brasiliansk fruktkake på bloggen til mamma. Genial oppskrift, var hennar kommentar. Ho hadde hatt oppi "det ho hadde" og laga den i avlange former. I dag laga eg kaka med det eg hadde (kjøpt inn), paranøtter, dadlar og aprikosar. Forma mi er ca 5 liter og høver godt til dobbel porsjon. Seinare kan eg dele den opp i så store bitar eg vil.

fredag 21. desember 2007

Juletre



I dag har Olaug, Håkon og Øystein vore oppe på utmarksteigen vår og henta juletre.

En gang skal lillebror selv bli stor


Håkon er klar for juleball.

onsdag 19. desember 2007

Som de ser er julebaksten i gode hender her i huset. Olaug likar godt å bake. Berre ho får ein ferdig deig, ordnar ho resten.

For eit-to år sidan prøvde eg å stoppe henne då ho stod klar med gryteklutane og skulle ta ein pizza ut av omnen. "Eg kan å steike pizza eg. Når dokke er på jobb sitte brorane og ser på TV og så steiker eg pizza!"

19.desember

I dag kom Håkon heim att med fuglekassa han snikra i går. Ho er ikkje heilt tørr enno. Naturfaglæraren hans, som var sløydlærar i går, har lova at han skal få ringmerke kjøtmeisungane viss eit kjøtmeispar flyttar inn til våren.
Håkon er svært fugleinteressert. Ugler er spesialfeltet.
Det er juleball på ungdomsskulen i dag. Håkon skal møte 18. til julemiddag. Eg går bort til programmet, ca kl 19.

tysdag 18. desember 2007

Juleverkstad og juleball


I dag har vi hatt juleverkstad på ungdomsskulen. Eg har hatt 2 x 3 timar peparkakebaking. Håkon har laga fuglekasse.


På vidaregåande i Ulsteinvik er det juleball. Øystein og Audun skal dit.

måndag 17. desember 2007

Krim

Inntil for to-tre år sidan hadde eg lese lite krim. Så kom eg over ei bok av Henning Mankell. Etter det skaffa eg meg alle krimbøkene hans i pocketutgåver.

I sommar la vi ferieturen til Ystad. Planen om Mankellsightseeing i open bil, regna vekk, men vi hadde nokre fine dagar på stranda.

Måndagane følgjer vi med Kurt Wallander og dottera på i krimmen på TV 2. I dag var det full klaff for gjennkjenning. Dei gjekk inn i campinghytta vår (eventuelt nabohytta) og leita etter mordaren. Ein av politimennene klatra i den litt skumle trappa til hemsen der ungane låg.

Dei som les lydbøker veit at der er ein del krim å velje i. Og etter at kriminteressa vart vekt, har eg lese mange av dei norske krimforfattarane. Jo Nesbø si "Snømannen" kom inn eit par timar før eg lånte den som førstemann. Elles likar eg godt Staalesen sine bøker.

søndag 16. desember 2007

Søndag 16.desember




Det store spørsmålet når det nærmar seg jul er: Kva ein ha av mat og drikke?
--
Dei siste åra har ungane plukka villbringebær. Dei plukkar litt om gongen som vi frys ned etter kvart. I år vart det to isboksar. I dag har dei blitt til saft som vi skal drikke til julegrauten. Vi skal også lage raud saus til riskremen av denne safta.
--
Eg har også laga ripssaft. Den gidd eg ikkje koke opp med sukker. Eg kjøper solbærsirup og blandar den med. Den må sjølvsagt frysast til ein skal bruke den.
--
Elles lagar eg alltid aniskringler(knutar?) til Øystein og Mor Monsen til meg sjølv.
--
Eit spørsmål vi ikkje får svar på før det har gått ein 20-30 år? Kva vi ungane hugse? Det året vi hadde peparkakehus, eller alle dei andre åra då eg sa "Ikkje i dag", og håpa dei fekk noko anna å tenke på?

laurdag 15. desember 2007

Kvit jul


Hvert skritt teller - men telles hvert skritt?



Eg var kanskje av dei første som skaffa meg skritteljar. Den følgde med eitt eller anna medlemsskap. Og eg har brukt den til å gje meg eit spark bak. Eg har gått til og frå jobb og fritidsaktivitetar, gått til biblioteket. Kombinasjonen med lydbøker har gjort det ekstra motiverande å gå seg ein tur.
--
Men for ca ein månad sidan klarte eg å knuse skritteljaren. Då var det store spørsmålet, skal eg greie meg utan? Det vart til at eg levde lykkelg og makeleg nokre veker før eg såg denne på apoteket for 80 kr.
--
Jauda, eg har vandra vidare, men har det hjelpt? 4000 skritt på ein aktiv dag? Direkte demotiverande vart det. Så fekk eg gå meir systematisk til verks. Eg gjekk 100 skritt, teljaren sa 46. Eg trampa 50 skritt, teljaren sa 41. Eg gjekk i trappa, ikkje det ein gong ville han telje skikkeleg.
--
No har dei fått skritteljaren, også den dei ville erstatte han med, attende på apoteket, med ei sterk oppmoding om å prøve dei ut sjølve! Dei gav meg pengane attende, noko eg sa ikkje var så viktig for meg.
--
p.s.
Eg har kjøpt meg ein ny på Sportsenteret med trugsmål om at han skal få den attende om han ikkje tel skritt. Så no står det att å sjå.

fredag 14. desember 2007

Lefsekost


I dag var vi innom Hyttebutikken i Ørsta. Der kjøpte eg denne kosten til å koste mjøl av takka når ein bakar lefser. Pris? 135 kr.

Peparkakeformer

I dag har Øystein og eg vore i Ørsta og kjøpt gåver til borna her. Desse peparkakeformene kom eg over på Jernia i Ulsteinvik i går.