
Utsikt frå Vestnes.
I dag reiste vi til Molde på det årlege julegåveutvekslingstreffet. Det er også ein tradisjon å vandre ein time eller to på Roseby, kjøpesenteret i Molde. I år kom vi i 12-tida medan det framleis var muleg å finne ledig parkeringsplass.
Ungane finn tonen med ein gong. Dei er såpass ofte i lag at dei kjenner kvarandre godt. I sommar var vi på Ystad og i København i lag. Men aller helst vil dei til Ørebro igjen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar