
Ein av yndlingsrettane til Audun er pasta carbonara. Eg kombinerte det med baking av julekaker. Med 8 egg i carbonaraen, vart det doble oppskrifter av begge kakene d.v.s. ei oppskrift gir ei plate med kaker.
Nøttetoppar brukar eg å lage kvart år. Dei to siste åra har Lidl malt nøttene, så då er det fort gjort å lage desse.
Nøttekyss
150 g nøttekjernar, malne
175 g (3 dl) melis, sikta
2 eggekvitar
1.Bland nøttene og melisen.
2. Stivpisk eggekvitane og skjer inn i nøtteblandinga.
3. Form toppar med to teskeier. Set ei nøtt på toppen.
4. Steik ved 180 grader ca 12 minutt.

Denne oppskrifta har eg fått av kontordama, Oddhild. Framgangsmåten er den same som på nøttetoppane. Eg brukte 5 eggekvitar til dobbel porsjon.
200 g kokosmasse
180 g melis
2-3 eggekvitar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar