torsdag 30. oktober 2008

Full klaff

I dag var det tid for meir kultur, nærare bestemt 6 unge menn som dansa hip-hop. Det var full fres frå ende til annan. I ekstranummeret kasta denne karen trøya til vill jubel, frå jentene.

Etter showet var det autografskriving. Minst ein av deltakarane har vore med på dansefeber, eit program eg ikkje har fått med meg.

Dei mest ivrige fekk bilde av seg sjølv saman med stjernene, men kom då for seint til neste time. Dei får då attsittingskryss. "Det var verdt det", var visst kommentaren frå ei. Sjølv sa eg berre at eg hadde erklært unntakstilstand. -Hæ? Så fekk dei lære eit nytt uttrykk midt i vaskinga.

Etterpå vart kryss strokne. Kor ofte fenger kultur slik?

onsdag 29. oktober 2008

Dagens apropos

Skuffar ikkje

Denne boka var så spennande mot slutten at eg valde å bruke ein time til rydding på skulekjøkenet, berre for å kunne høyre i arbeidstida!

I morgon er det meir kultur, sjølvsagt i 2. timen. Då gjer vi oss ferdig med teorien 1. timen, og så brukar vi 3. time til vask. Det var denne eg førebudde i dag.

Eg trudde sjølvsagt at eg hadde gjeta slutten på boka, men der var ei overrasking til slutt, slik det skal vere. God underhaldning dette!

tysdag 28. oktober 2008



Eg fekk denne på hjernen etter å ha sett ein serie.

søndag 26. oktober 2008

Kriser

Det har vore så mykje snakk om kriser i det siste.
Vi som verken har store banklån, bankinnskot eller aksjar, går vel helst lei av alt krisepratet.

No høyrde eg at ei krise var avblåst, straumkrisa i Midt-Noreg. Det har no kome nok regn til at vi kan slappe av. Så er det dårlege veret godt for noko.

Ei anna krise vi har avverga, er faren for svarte skjermar. No har alle TV-apparata parabol eller boks. For her kunne det bli krise tysdagskveldane. Tenk på kollisjonen mellom Champions League og Grey's anatomy. Då snakkar vi om skikkeleg krise!

Gratulerer!

I dag vil vi gratulere bror min, onkelen på Kongsberg, med dagen!

Bildet er frå sommaren 1990 då keeperen var baby. Bror min vart onkel til fire her før han sjølv fekk to.

10-årsdagar var noko stort i gamle dagar. Då fekk ein ha alle jentene eller gutane i klassa i selskap. Mamma hadde baka to blautkaker. Det var alltid rikeleg med kaker og gele. Eg hugsar enno kor dei åt seg langt inn i andre blautkaka. Og så sprang dei inne.

Året etter, i 1975, feira vi dagen i Volda. Det var premiere på Flåklypa. Vi kom ikkje inn på første forestilling. Medan vi venta, var vi på besøk hos ein kollega av mamma i Volda. Etter at vi hadde kjøpt billettar, møtte vi ein annan kollega av mamma. Då ho fekk vite at bror min hadde fødselsdag, tok ho ein sjokolade opp av veska og gav han.

Slik hugsar eg det.
Ha ein fin dag!

laurdag 25. oktober 2008

Rett i potta

No har det kome endå ein interiørbutikk på Hareid. Han ligg tett i tett med Møbelmagasinet. I tillegg til interiør, skal dei selge bunader.

I Ulsteinvik har dei fått fleire butikkar med interiør. Korleis skal dette gå, seier no eg.

I sommar diskuterte eg dette med ei som driv ein slik butikk.
- Folk hiv ut og kjøper alt i same stil, seier ho.
- Har dei ikkje bryllaupspresangar (dumt spørsmål, sjølvsagt), andre presangar,
og kva med arv, spør eg.

I dag har eg gjort det sjølv. Eg har lenge vore på jakt etter slike orkidépotter. Blomsterhandlaren har lova å ta dei inn for lenge sidan, men no hadde eg sant å seie gitt opp håpet. I dag var eg innom i eit anna ærend og hadde nettopp betalt, då eg såg ein heil stabel med orkidépoitter med hol i botnen og fat under.
Gamlepottene som var heile glaspotter, skal eg nok bruke til noko anna. Kanskje til sand og kaktus. Vi får sjå. Bork hadde eg kjøpt til dei pottene på den andre blomsterhandelen. Det var bork frå døde plantar. Så dagens tips får vere: Kast ikkje bork. Den kan brukast i andre potter. Mi erfaring er at det er vanskeleg å ta knekken på orkidéar. Sjå berre her! Denne såg halvdaud ut med eit gult blad, men der det er liv, er det håp!

Denne orkidéen får vere ei helsing til dagens geburtsdagsbarn!


onsdag 22. oktober 2008

Det er ikkje alle som likar samnorsk

Eit lite apropos til språkdebatten.

Bokmålsforeldra her likar mellom anna ikkje at mark vert til makk.

Nynorsk - eller vår dialekt:
Makk er ålreite dyr.
Mark er jordbruksområde. Det finst innmark og utmark.

Kultur i skulen


Dei siste åra har vi fått fleire kulturinnslag i skulen. I dag var det flamencodans. I tillegg til dansaren var der ein mann på gitar og ein som song. Begge karane heitte Jesus, men berre ein likna.
Spøk til side, dette var ekte vare! Det friskar opp skulekvardagen med slike opplevingar, og ein får lære på ein annan måte.
Lære gjennom å oppleve?

tysdag 21. oktober 2008

Eventyrarar


På 80-talet las eg Åndenes hus. Det var ei fantastisk bok med mykje eventyr i seg.
---
Denne boka handlar om eventyrarar, spanjolane som erobra Chile og Peru på 1500-talet.
---
Dette er ein del av historia eg aldri har gått i djupna på. På 70-talet var pedagogikken at ein skulle kunne litt om alt. Deretter skulle ein fordjupe seg. Eg meiner eg har fordjupa meg i Afrika t.o.m. lærarskulen.
---
Derfor er det spesielt interessant å lese ei bok med så mykje historisk stoff frå Sør-Amerika. Og der manglar heller ikkje eventyr!

måndag 20. oktober 2008

Mange tek utfordringa



Om hausten brukar vi å ha prøve i Mat og helse. I fleire år har vi delt prøva i 2: Fletteloff og teori. Teoriprøva har to delar; ein medan deigen hevar og ein medan loffen hevar.

Elevane får velge mellom 3-flette og 6-flette. Mange har lyst til å lære å flette med 6, og dei aller fleste greier det!

Til 3-fletta deler vi deigen i 4. 1/4 blir delt i 3 og vert til ei tynn flette oppå den tjukke. Den er ikkje så verst den heller!

søndag 19. oktober 2008

Bøsseberarar

Heilt sidan eg trilla småungar for 1 kr timen på 70-talet, har TV-aksjonssøndagen vore ein merkedag. Det vil seie, no har det vel gått meir eller mindre inflasjon i Tv-innsamlingar. Vi har fått fleireTV-kanalar. Det at cup-finalen er flytta til ein annan søndag, gjer vel og dagen til ein mindre festdag, i alle fall for ein del av familien.

Eg trilla altså vesle Idar to timar for dag då eg gjekk i 5. klasse. Ei av kronene skulle brukast til å hjelpe fattige born, helst i Afrika. På fastebøsser kunne ein lese kor langt pengane ville rekke der. Eg hugsar godt at Arill, han som no har eige program på TV2, gjekk med bøsse eit år. Det tok si tid å fylle opp med kronestykke.

Som eg skreiv i går, gir eg pengar til omtrent alle gode formål, anten det er innsamling på dørene eller loddsal i butikk. Men for nokre veker sidan vart eg mistenksam. Nokre damer gjekk rundt med gjennomsiktige bøsser med synlege lappar oppi og samla inn til gateborn i Romania. Eg sa at eg aldri hadde høyrt om organisasjonen deira. Hadde dei internettadresse så eg kunne lese om dei? Ho ymta noko på svensk og peika på ID på jakka. Eg fann nokre kronestykke for å bli kvitt henne. For å seie det sånn, var ho nok ikkje rumenar, heller av Romanifolket.

Eg vurderte å ringe politiet, men gjorde det ikkje. Ein får berre håpe at ikkje fleire let seg lure.
Det er sikkert denne gjengen.

Tilbake til 70-talet. Eg hugsar mormor vart lurt av nokre som samla inn pengar til fattige barn. "Ja,ja," sa ho "Det er no det same om det går til fattige sigøynarborn eller andre fattige born".





laurdag 18. oktober 2008

Tombola


I dag har det vore dagen for frivilleg innsats. Keeperen for med halv ni ferja for å vere med som trenar på keeperskule på Herd. Olaug og eg har selt lodd på for skulekorpset.

Ein lærer noko av alt! Sjølv går eg aldri forbi loddsejarar som sit og sel inne på butikkar. Det er ikkje alle saker eg brenn like mykje for, men det gjer som regel dei som sit der. I dag oppdaga eg at eg då er i kategori med damer, dei fleste litt opp i åra. Det overraska meg også at så mange berre går forbi utan augekontakt. Ein del helsar og går forbi. Ein vert sjølvsagt positivt overraska over enkelte også. Men at berre ca 1/5-1/4 tek lodd, hadde eg ikkje trudd.

Heldigvis var det ikkje så langt mellom gevinstane. Når mødre står med små born og kjøper lodd for 50 kr, då er det kjekt at dei vinn. Ei jente i 5-6-årsalderen var så glad og skjønn der ho gjekk med to innpakka gevinstar. Vi får håpe ho var like glad etter at dei var opna!

fredag 17. oktober 2008

God helg!

For snart ei veke sidan var 300 000-spørsmålet: Kva er ein epifytt. Det første som slo meg var ein orkidé, ein plante som lever på ein annan plante. Så kom alternativ B opp, og eg var 99% sikker.

Så kjem neste spørsmål. Kor tid lærte eg det? Sit det att frå naturfagtimane på Vidaregåande, eller har eg lese det seinare? Det får eg nok ikkje svar på.

I går averterte dei orkidéar til 99 kr, og eg tenkte at finn eg ein i rosalilla, kjøper eg det. I blomsterbutikker lukta det nyinnkomne duftlys, og eg vart freista til å kjøpe eit i same farge.

På biblioteket var eg heldig og fann ei heilt ny lydbok!

onsdag 15. oktober 2008

Fantastisk konsert

Her på Hareid er det stemneveke denne veka. I dag hadde musikkskulen sin årlege konsert. Det var profesjonelt gjennomført frå ende til annan. Olaug var med i ei blåsargruppe.

Dei er flinke å lage grupper, slik at mange får vere med. I tillegg får dei flinkaste spele solonummer. Elles i året har dei konsertar der alle får vere med. Men i dag var det ingen ulydar.

Her er melodien deira:

Lydklipp

Andvake, slik eg ikkje las boka.

måndag 13. oktober 2008

Hell i uhell


Laurdag handla eg inn til skulekjøkenet. Då eg opna frysaren, møtte det meg eit sørgeleg syn. Ikkje noko var frose lenger. Eg rista på ein liten mjølkekartong og oppdaga at der var litt is i han. Dermed tok eg sjansen på å legge m.a. 5 aurar og 3 pakkar kjøtdeig over i ein annan frysar. Frysarmotoren var varm. Kanskje det berre hadde vore eit straumbrot.
---
Søndag var eg bort att for å ta ein aure opp av frysaren og sette fram tørrvarer til måndag morgon. Då var lyset vekke! Ingen sikringar hadde gått! Kva gjer ein då? Etter nærare undersøkingar, fann eg ut at ein av jordfeilbrytarane hadde slått ut. Eg drog ut kontakta på frysaren. Då eg sette den i att gjekk lyset igjen. Diagnosen vart stilt: Jordfeil i frysaren.
---
Heldigvis var der to jordfeilbrytarar i sikringsskapet, slik at dei to kjøleskåpa hadde stått på!
---
Det er merkeleg at slikt alltid skjer i feriar! Men når gale skulle skje, er eg glad at det skjedde på slutten av veka.
---
No har eg bestilt opp ny frysar!

søndag 12. oktober 2008

Positivt overraska


Dette er nok den artigaste boka eg har lese i år!
Hovudpersonen får seg eit kakk i hovudet, noko som gjer at han revurderer livet sitt. Han flyttar ut i marka. Der drep han ein elg som han lever lenge på. Noko av kjøtet byter han i skummamjølk.
Det som er morosamt, er måten han tek oppgjer med det sjølvsagde. Han tek eit oppgjer med "flinkheita" t.d. Skildringane av Barne-Tv og melodiane der, dei er utruleg morosame.
Denne boka bør dei som treng ein god latter lese!
p.s. Forfattaren les lydboka sjølv, og set an tonen frå første setning.

laurdag 11. oktober 2008

Sausen gjer susen


Men kva gjer ein når det er slutt på saus?
---
Når eg set lammesteiker i omnen, begynner eg å lage bruning i ei jerngryte. Bruninga får stå på relativt låg varme. Når bruninga er blitt passeleg mørk, "nøttebrun", sper eg med vatn til ein tjukk saus som får stå å koke lenge. Når steikene er ferdige, har eg sjyen oppi sausen, og det vesle ekstra: Ein kopp kaffi med fløyte. Dette er mormor, Amanda, si oppskrift.
---
No er det slik, at same kor mykje saus eg lagar, rikeleg, trur eg, så vert sausen oppeten. Til restane av lammesteikene steikte eg små halve poteter i omnen saman med ulike grønsaker som løk, gulrot og skvåsj. Bruk t.d. solsikkeolje, salt, pepar og provencekrydder.

torsdag 9. oktober 2008

Men duploen min får du aldri

Duplo har alltid vore min favorittleike. Eg begynte å samle for 20 år sidan. Vi har brannstasjonen, huset og bondegarden til eldstemann. Nr 2 fekk politistasjon og togbane. Tredjemann fekk dyrepark og fleire bilar. Olaug fekk litt småtteri, blomsterbarn, trur eg. Skal tru kor mange timar eg har sete på golvet og leika duplo?

Denne karen kan sitte i timesvis å leike seg. I dag kom også togbana fra. Dei to eldste gutane fekk tretogbane. Den leika dei lite med. Men så kom ein eller annan luring på å lage Thomas-tog som passa til desse togbanene. Desse kjøpte vi i byen. Tredjemann leika rolleleik med toga, og togbanen fekk nytt liv.

Hausttreff



I dag har vi hatt besøk frå Bjørnaset og Ørsta. Det er ikkje alle som er like villege å bli tatt bilde av, så desse jentene får representere gjengen.
No driv eg og venner meg til ny datamaskin. Det er sjølvsagt (Store!) forbetringar, men eg har til dømes ikkje funne ut korleis eg best skal legge inn på bilda i mapper.
Og kva seier ungdommane? Jau; Kor tid skal vi ha oss ny TV?

onsdag 8. oktober 2008

Feriefilm

No har vi kosa oss med film nummer 4 og 5. Nr 6 kjem 15. oktober. Ungdommane gler seg!

Vart riven med


Eg såg at Margrete skulle lese denne boka med elevane, og drog kjensel på framsida.
- Jau, vi har den, seier Øystein.
- Er der ikkje punktum? Det høyrest travelt ut!
- Ta det med ro. Der er komma og stor bokstav!
Og lettlesen var boka. Kanskje nettopp fordi der ikkje var punktum, men og og og. Oga gjer at du vert driven framover i forteljinga.
Boka er så spesiell at det er vanskeleg å uttale seg. Eg forstår godt at folk kallar den genial. Men om nokon seier det motsette, ser eg poenget der også.

Ville du ha blitt døv eller blind?


Det er vel eit spørsmål mange har filosofert over. Biletkunstnaren Peter, som er hovedpersonen i boka, får vite at han vil miste synet innan 6 månader.
---
Så dukkar det opp ein han gjekk i klasse med på barneskulen. Han er augelege og opererer, bokstavleg talt, i Latvia.
---
Kva er Peter villeg å ofre for å behalde synet?
---
Eg likte boka. Det er kjekt å lese noko "filosoferande" innimellom krimbøkene.

tysdag 7. oktober 2008

Bytur

I dag hadde Øystein ærend i byen. Han ville gjerne ha lag på båten, så eg slo følgje. Det vart mest kiking i butikkar og kafebesøk på meg.

Etter 1 1/2 time var eg lei. Då passa det for Øystein å ta ein pause, så vi kjøpte oss kaffi og bringebærgelekake på eit konditori. Eg hadde bestemt meg for å ta 2-båten heim. Fem på 2 var eg på Kremmergården, og såg at eg hadde gløymt tida. I det eg skulle gje beskjed til Øystein, ringte mi venninne M. Ho hadde ein time i byen før ho skulle til tannlegen. Det passa godt at ho ikkje kunne ete, berre drikke kaffi.

Dagen gjekk fort!

Det er mykje ein legg merke til når ein går åleine. Kva skal ein seie om damer på 50+ som utbryt "F.... f..... kor e gler me til å pynte til jul!"? Er det bestemødrene som lærer borna å banne no? På båten får ein høyre halve private samtalar. Menn som har vore lenge vekk heimanfrå, er hyggelege i praten heim att.

Det er år og dag sidan eg har vore i byen (les: Ålesund, eg er av dei som ikkje har anerkjent småbygdene her som byar) No finst alt ein treng i Ulsteinvik og Ørsta. Eg har sagt lenge at vi kan ikkje auke handelen i takt med kjøpesenterutbygginga. Den delen av Grimmergården som Lindex var for nokre år sidan, står nesten tom. Eg trur kjøpesentera på Moa og i bygdene rundt om kring, utarmar sentrum.

måndag 6. oktober 2008

Berre herma

Sidan mange andre bloggar har fått bilde øvst, gjekk eg ut og tok eit fjellbilde. Det viser at her har det ikkje kome snø. Elles er det eit svært dårleg bilde teke i motsol. Det skal erstattast med eit fint haustbilde!

søndag 5. oktober 2008

Dugnadsdagar

Neste år skal 10.klassingane til Polen. I går begynte far og son på dunadsnedvask. Då vart det dugnad i heimen på meg, helgavask.

I dag har eg rydda, på datamaskina. Vi skal kjøpe nytt datautstyr i ferien er meininga. No har vi brent bilde på CD-ar og bestilt papirbilde frå Romatur og konfirmasjon i vår.

Sidan eg ikkje kom meg ut i hagen medan veret var bra, får bilde frå ein park i Roma illustrere dagen. Dette var i ein litt finare bydel. Folk hadde med seg mat og sat på desse stolrekkene. Der var scene som vart brukt til konsertar om kveldane. Sjølv sit eg i halvskyggen og slappar av med ei bok.

fredag 3. oktober 2008

Endeleg!


Endeleg har eg fått lese ferdig denne boka!
---
Som eg har skrive tidlegare, les eg som regel ferdig bøker eg har begynt på. Med denne heldt det hardt.
---
Fleire av kollegaene mine skryter av denne forfattaren. Kun hos ei har eg fått støtte. Vi likar ikkje språket! Begge er vi nynorskmenneske på vår hals, men her vart vi skuffa.
---
Når ein nynorskforfattar skriv eigne bøker, synest eg det er kjempeflott at dialekten skin gjennom. Denne boka er omsett frå fransk. Kan ein omsetjar då farge den så mykje med si dialekt? Det irriterer meg at ho konsekvent brukar "ho" både for "ho" og "henne". Heiter det forresten "støvsaug" i preteritum? Ikkje i mi ordliste.
---
Boka er full av dialogar. Då er det naturleg at setningar ikkje vert fullførte, og ein kan nok tillate seg eit "talespråk". Sjølvsagt venner ein seg til det.
---
I dag las eg dei siste 100 sidene, av 600, medan elevane skreiv "stil". For å gi elevane lyst til å lese, skal lærarane vise at dei er glade i å lese. Vi skal tilrå bøker. Men ikkje denne......
---
p.s.
Omsetjaren skal vere festspeldiktar neste år.

Noveller


Dette er andre novellesamlinga eg har lese av forfattaren. Bikubesong er nok mest kjend og har fått best kritikkar. Men eg må seie at eg likar desse novellene også!
Forfattaren har teke utgangspunkt i ulike songar. Felles kan vere ei kjensle av einsemd? Parforholda i novellene er ikkje lykkelege, for å seie det sånn. Eg likar godt at ting vert sett frå litt uvanlege synsvinklar! "Fantomteikninga" er vel den eg beit meg mest merke i!