søndag 12. oktober 2008

Positivt overraska


Dette er nok den artigaste boka eg har lese i år!
Hovudpersonen får seg eit kakk i hovudet, noko som gjer at han revurderer livet sitt. Han flyttar ut i marka. Der drep han ein elg som han lever lenge på. Noko av kjøtet byter han i skummamjølk.
Det som er morosamt, er måten han tek oppgjer med det sjølvsagde. Han tek eit oppgjer med "flinkheita" t.d. Skildringane av Barne-Tv og melodiane der, dei er utruleg morosame.
Denne boka bør dei som treng ein god latter lese!
p.s. Forfattaren les lydboka sjølv, og set an tonen frå første setning.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Ei fantastisk bok, men oppfølgjaren tok litt av. Eg las denne boka på senga, med hovudet delvis under dyna fordi eg lo høgt av den sære, men likevel lett gjenkjennelege humoren til Erlend Loe. No fekk eg lyst til å lese den ein gong til - som lydbok.

solveig sa...

Oppfølgjar? Det visste eg ikkje? Ser at Doppler er ei typisk særemne-bok.

arieldog sa...

Ja, eg har sett at elevar har brukt den, men ein må vel kanskje vere midtvegs i livet for å forstå den til fulle? Eg hevdar at Loe er den beste til å drøfte mannsrolla i dagens samfunn fordi han gjer det med humor - ikkje med tragiske historier, slik feministane forfattarar gjorde. Han er litt lik Fay Weldon sånn sett. oppfølgjaren heiter "Volvo Lastvagnar"

Besta sa...

Doppler er morosam! Men Volvo lastvagner vart litt VEL. Der er eg samd med Ariel.
Bøker som er enda morsommare, men litt i same stil er Aarto Paasilinnas: Harens år -og Kollektivt selvmord. W. har lese ei tredje bok av samme forfattar som eg ikkje hugsar namnet på.
Ingen ting slår den svarte FINSKE humoren!