fredag 11. juni 2010

Bok 24: Kven veit?

Eg har lese dei bøkene Trude Teige har skrive på nynorsk, og må sjølvsagt innrømme at eg er svært skuffa over at ho ikkje unner oss ein nynorsk krimroman!  Det hadde vore noko!

Trude Teige skriv godt.  Hovudpersonen er journalist og  bevegar seg i eit miljø forfattaren kjenner.  Dette gjer historia truverdig.  I tillegg skriv ho god, og personane er interessante.  Ho set fokus på den behandlinga barneheimsbarn fekk heilt fram på 60-talet.

Sjølve komplottet er greit, men løysinga er det ein på bokmål kallar forutsigelig.  Eit lite minus for klisjéaktig skildra familieliv.

Les gjerne meir om romanen her.

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg hadde ikkje særlig store forventningar til denne boka, kanskje derfor eg likte den så godt. Eg bryr meg ikkje så veldig om å bli overraska over slutten når eg les krim. Det som er interessant er vegen fram. Eit viktig kapittel av historia som blir belyst her. Det kan vere greitt å bruke krimsjangeren for å sette søkelys på samfunnsproblem. Det er mange som gjer det.Kanskje for å få selje meir?

Anonym sa...

Hi there to all, the contents existing aat this website are in fact awesome for people knowledge,
well, keep up the nice work fellows.

My weblog: maid service columbia sc (eureka2103.synology.me)