fredag 25. juni 2010

Bloggarar på shopping

I dag gjorde eit Lappetausa og Strikkemor(o) alvor av å ta seg ein tur gjennom tunnelen.  I fjor vart det berre med pratet.  Besta og Besten, som dei heiter i bloggverda, stilte med lunsj i Ørsta og tok bloggarane med i baksetet til Ulsteinvik.  Der møttest vi på Amfi.  Det viste seg raskt at kusina mi og eg har ganske lik smak både når det gjeld koppar og sko!

Butikkane vi konsentrerte oss om låg i og rundt Krukkehuset.

På Hareid venta sveler og kaffi.  Besta hadde og med rabarbrakake. 

P.S.
Oppskrifta på svelene finn de her.

4 kommentarer:

Lappetausa sa...

Nok ein gong tusen takk for ein strålande dag! Veldig inspirerande, no blir det meir blikk for koppar og kar, ikkje berre stoff og garn! Og svelene er vel dei beste eg har smakt, det er vel meierismøret?

solveig sa...

Der var i alle fall ekte smør i dei! Restane gjekk til kompisane i kjellaren under siste fotballkamp.
Kjempekjekt at de tok turen!

Lappetausa sa...

Håpar du kan få med deg nokre og kome hit ein gong. Utruleg at alle svelene gjekk med på ein dag, ein slik haug er det sjeldan ein ser...
Mors bok har eg lyst å lese. Har du lese Tyskerjentene?

solveig sa...

Den har eg ikkje lese - enno.
Gutar et meir enn jenter ...