fredag 6. juni 2008

Olaug 11 år

Bildet er frå 3-årsdagen. Vi bruker å ta eit geburtsdagsbilde ved sidan av den gule rododendronen. Dette var det første eg fann.

Sommaren 1997 kom Olaug til verda. Det var ein nydeleg sommar. Starten på denne sommaren liknar veldig på sommaren 1997. Vi kan no drøyme.

Vatnet gjekk i 6-tida om morgonen 6. juni. Alle naboane fekk sjølvsagt med seg at sjukebilen henta meg. Dei måtte vente heilt til kvelden. Først rundt 17.30 forstod vi at ho ville ut. Olaug vart fødd kl. 8. Ho var ei lita "dukke" på 48 cm 3000g. Og ei dukke heldt ho fram med å vere, av den sorten dei utstyrer unge jenter dei er redde skal bli gravide med. Ho utmerka seg allereie på sjukehuset. Eg ønska at pleiarane kunne passe henne litt om natta, men det var umoderne, dei kom inn med henne ein time etter at eg bar henne inn til dei. Ikkje mykje hjelp å få. Då ho kom heim var ho litt uroleg på dagtid, men tok ikkje laus før gutane hadde lagt seg. Eg prøvde å trille henne, men det fann ho seg ikkje i. Så det vart ein sommar med mykje hopping på golvet. Sommaren vart travel, men vi fekk vere mykje ute. Olaug vaks og utvikla seg heilt normalt.

I dag skal ho ha eit lite selskap med 10 til bords. Vi har invitert dei klassevenninnene ho gjekk i klasse med, og framleis går i klasse med, i tillegg til næraste nabo på 10. Eg har ikkje begynt verken med baking eller pynting. Faren reiser til Geiranger eit par timar før selskapet. Så det er vel eigentleg berre å hive seg rundt!

10 kommentarer:

Besta sa...

Ho var ikkje heilt enkel første månedane, nei, men du skreiv ikkje at det var på grunn av kolikk. Om nokon skulle vere i tvil.Seinare har ho no vore både roleg og snill!Den dagen ho vart fødd var det akkurat slikt ver som i dag og eg var på skuletur rundt Bjørdalsvatnet.Artig å sjå att alle genserane eg har strikka i årenes løp på diverse bilde.Gratulerer med dagen!

solveig sa...

Då måtte eg dra fram dei tre penicillinkurane eg tok den våren. Dei har fått skulda for plagene til Olaug. Ingen spebarn skrik vel utan grunn. Gutane kunne alltid trøystast, men ikkje ho.

Olaug sa...

Eg var no iallefall søt! haha:P

solveig sa...

Og ikkje har du skrike mykje sidan! På fotballkampen i går hylte ei frå Herd. Hadde du hylt slik, hadde eg trudd det hadde stått om livet!

Milena sa...

Gratulerer med dagen,Olaug!
Du er veldig fine :-)

Olaug sa...

takk :-P

arieldog sa...

Olaug var ein nydeleg baby, men det var mykje skriking, ja. Solveig brukte i alle fall tidlegare å seie at "summen av problem er konstant", og då blir vel Olaug ein fredeleg tenåring?

solveig sa...

Summen av plagene var i alle fall konstante i det svangerskapet. Når kvalmen var over, slutta eg å sove om natta. Så kom plagene eg fekk 3 pennicilinkurar for, m.a. øyreverk. Fødselen var grei, og så kom skrikarungen.
Heldigvis siste ungen som fekk kollikk!!!!

arieldog sa...

Ja, det er vel ofte slik at den siste får kolikk - ein hadde vel ikkje hatt fire viss dei tre første hadde hatt kolikk...?

solveig sa...

Tre første? Det hadde kanskje vorte med to? Eller ein hadde vore optimist og tenkt at neste blir annleis?