

Det vart ein lang dag for utøvarane. Vi hadde fått beskjed om å møte 12.00. Halv eitt kom tidsplanen opp. 80-m starta frå 14.00. Rekruttane sprang 12.30, og så var det ein lang pause. Forrige helg kunne ein gå inn på nettet og finne ut kor tid ein skulle i elden, og så kunne ein legge opp dagen etter det. Nettet er kome for å bli! Eg likar ikkje å kritisere folk som gjer gratisarbeid, men dei har litt å lære frå Dimna.
Vi hadde med Audun innover, slik at han fekk lærekøyre med bestefaren. Han skal køyre opp i slutten av månaden i Ørsta/Volda.
p.s.
I dag hugsa eg kakefata til mamma, men la att fotoapparatet. Eg trur ikkje vi la att noko i Ørsta denne gongen!?
3 kommentarer:
Gratulerer til raske barn! Vi har hatt ein relativt roleg dag pga sykje, og nokon Ørstatur vart ikkje aktuelt.
D e la att eit par sokkar!Dei vil bli vaska og teke vare på.
Det slår aldri feil!
Legg inn en kommentar