tysdag 10. juni 2008

Tid for eksamenar og avslutningar

Denne veka er det ikkje mindre enn tre avslutningar for Olaug. I dag sende eg faren på skuleavslutning. I morgon skal eg på konsert. Det er muleg vi stiller begge på ballett på laurdag, viss det då ikkje står ein fotballkamp eller to i vegen.
---
Keeperen har kome opp i geografi. Eg fekk ei sånn "been there, done that"-kjensle. For 27 år sidan hadde bror min, matematikaren, rekna ut kor stort sannsynet var for at både han og eg kom opp i muntleg eksamen. Var det rundt 1%? Det skulle kome opp ei gruppe frå 1. klasse og ei frå 2. klasse. Og kva skjedde? Han kom opp i naturfag og eg historie. Vi låg i kvart sitt hjørne av bogesofaen og las. Eg hugsar ikkje mykje av sjølve eksamenen. Karakteren vart den same som i standpunkt. Men den kvite, nye blusen min vart gul under ermane og kunne aldri brukast meir. Året etter kom resten av klassa opp i ulike fag medan vi som var oppe året før, fekk fri!
---
Fredag skal eg vere sensor i norsk munnleg for første gong.
---
Bildet er frå Skageflå der Øystein var på "avslutning" med jobben fredag og laurdag.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Eg hugsar godt då de las til munnleg! Det var etter slik eg hugsar det slik at broren vår heldt fram med sannsynsrekninga si ETTER at de hadde kome opp òg. Sjølv kom eg ikkje opp før til engelsk grunnfag, på grunn av "flaks" og sensornekt. Den munnlegeksamenen som var mest spesiell, var på engelsk mellomfag, der vi hadde munnleg eksamen om afrikansk litteratur. Eg skulle snakke om forfattaren Ngugi Wa Thiongo, og personane i boka hadde om lag like kjekke namn å uttale når ein var nervøs...

Besta sa...

Ja, eg hugsa den sannsynlegheits-kalkylen hans. Trur det var langt under 1%. Eg fekk telefon først frå den eine, så frå den andre.R.hadde utstyrt seg godt til pugginga:cola, snop etc.i store mengder.
Eg kunne jo dradd den om eg som måtte opp i ALLE fag...................

Hildegard sa...

Som "utanforståande" tykkjer eg eksamenstida verkar noko slapp i våre dagar. Kanskje eg tek feil?
Som du Besta, var broren min R også opp i alle fag. Hugsar vi måtte gå stille i dørene heime mens han las. Eg var litt heldigare 3 år seinare. Min siste eksamen var i år 2000, 55 år gml., ved høgskulen (BI bankjus)i Førde. Då hadde eg jobba så intenst i 5t, at eg hadde mista målet!
Eidabesta