laurdag 28. februar 2009

Apotek 2

I dag har eg vore på ein liten laurdagshandel, mest for å gå meg ein liten tur. Mamma sette meg på idéen med apoteksåper til 27,90. Handkrem i samme serie stod eg over, og angrar kanskje allereie. Slike pumpekanner er praktiske.

Mi venninne M sette meg på den andre idéen, nemleg georginer. Dei kan kjøpast som plantar, knollar eller frø. For mange år sidan sådde eg sommargeorginer. Første året hadde eg ein heil åker. Det danna seg knollar som eg tok inn om vinteren og lagra som poteter. Heilt til i fjor har eg hatt knollar etter prinsippet "survival of the fittest". Mi vennine M fekk alle dei kvite eit år. Eg likar best fargeblanding. I fjor fraus alle knollane. Eg tok dei ikkje inn i haustferien slik eg brukar å gjere, og så plutseleg kom det ei iskald natt med fleire minusgrader og tok knekken på dei.

No begynner eg altså på nytt. Så får vi sjå kva som skjer.

fredag 27. februar 2009

Magiske øyeblikk



Sommaren 97 gjekk eg og bar på ein baby som ikkje ville sove, berre skrike. Storebrødrene gjekk det alltid an å trøyste då dei var babyar. Olaug var uroleg på dagtid, og når brødrene la seg, begynte skrikinga. Den avtok ut på natta.

Berre ein dag sov ho. Den dagen Diana vart gravlagd sette eg meg framfor fjernsynet med jenta på fanget. Ho sov seg gjennom heile gravferda.

Elton John sin song er eit vakkert minne frå dagen.

P.s.
Korleis eg kom på dette i dag?
Musikk i bilen!

Mamma sin MP3

Dei som har lese bloggen min ei tid, har vel fått med seg at eg har skrytt av kor enkelt det er med MP3-spelar. Mamma fekk seg ein til morsdag, og eg hadde tatt på meg å installere den på eit blunk. Det er no berre å trykke på next, next, next og eit install innimellom.

Ja, ja, no er eg endeleg i mål. I Ørsta hadde eg publikum, og då er det ikkje alltid like lett å tenke. No har eg tatt meg ei økt her heime. Programma vil rett og slett ikkje installere seg! Eg gjekk til og med inn på philips.com for å finne programma for dei som har mist CD-en. Lyset går ikkje opp no heller.

Så spørs det om blogglesarane har fått med seg eit anna svakt pukt eg har, nemleg aversjon mot lesing av bruksanvisningar. Men der står det: Bruk Windows Media Player til å overføre musikk. Kan det bli enklare? Det er same metoden som på den vesle raude MP3-en eg hadde.

No har eg lagt inn på "En plass i solen". Mamma kan no velge seg 3-4 andre lydbøker. Dei ligg på bloggen. Eg er sikker på ho blir svært fornøgd med MP3-en!

Og så kom snøen

Med sid skodde og grått ver har det vore lite freistande å legge ut vinterferiebilde. I går hadde vi rett nok eit glimt av sol. I natt kom snøen. Det er yngstemann sin jobb å moke.



Hvorfor kjøre Skoda når man kan gå da?
Elles vil vi gratulere studenten med ny bil! Vi håper at bilen få eit langt liv og til slutt må gje tapt for elde og slitasje, ikkje ende opp som trafikkoffer.

torsdag 26. februar 2009

Bok 11: Grei nok


Eit tog sporar av. Alle passasjerane vert frakta til høgfjellshotell på Finse der stormen stenger dei inne. Unni Wilhelmsen i rullestol er ein av dei. Kven var i den bakarste "Kongevogna"? Det skjer to drap på hotellet.
---
Komplottet er spennande. Vi får ei Agatha Cristie-kjensle før forfattaren nemner ho sjølv.
---
Boka høver godt å lytte til medan ein vindauge og golv. Klesvask og stryking går som ein leik. Dei er grei underhaldning, men noko stor litteratur er ikkje dette etter mi meining. Les gjerne meir her.

Arvegods


I dag har vi hatt besøk av moldensarar. Då synest eg det er kjekt å dekke på med tallerkar og fat som vi har arva frå svigerforeldra mine. På menyen stod svinesteik og (good)is. Eigentleg burde vi vel hatt blomkålsuppe til forrett og sviskekompott til dessert. Det ville ha vore festmenyen på 50-talet.

onsdag 25. februar 2009

Sjampoar og sånt

Ein av fordelane med å ha fri på dagtid, er at ein rekk å stikke innom apoteket. På Hareid har vi eitt apotek medan dei i nabobyen har heile tre apotek på 5000 innbyggarar. Er dei spesielt sjuke der ute?

I alle fall så ser eg at dei satsar på å selje anna enn medisin. Fram til 14. mars er det halv pris på denne serien. Då kan dei konkurrere i pris med dei merka ein får kjøpt i daglegvareforretningane.

Eg har prøvd ut nokre av produkta og synest dei er deilige! Spesielt godt likar eg bodylotionen. Elles likar eg å skifte lukt på deodorantar og sjampoar. Bruker eg ein sort lenge, kjenner eg ikkje lukta til slutt.

Skulle eg pirke på noko, måtte det vere innpakninga. Eg likar pumpeflasker til lotion og dusjsåper kan godt ha noko å henge etter.

tysdag 24. februar 2009

Feitetysdag

I dag har vi kokt rømmegraut av 6 pakkar rømme og 2 liter heilmjølk. I vår familie er det rømmegraut som høyrer til feitetysdag. I svigerfamilien min var det "erter og kjøt og flesk" som var tradisjonen. Men mannen min har ingen ting i mot å gå over til rømmegraut. Det er noko av det beste han veit.
Det er tungt å røre i store gryter, så eg tilkalte karane etter tur. Berre ei hadde lyst til å røre.

(Dette bildet skulle ha vore rotert) I dag serverte vi berre spekemat "på kanten av tallerken". Elles brukar vi ofte poteter og flatbrød til spekematen. Ein kollega av meg er avhengig av "egghakk" på grauten, så her er tradisjonane forskjellige.
---
På Anlen sin blogg var det ein diskusjon om kva som høyrer til pannekaker. Her på Hareid er det vanleg med søt suppe til pannekaker. I ein diskusjon med venninnene mine var det berre ei som vil ha ertesuppe som eg. Ho arbeider på institusjon. Då eg endeleg fekk litt støtte, spurde eg "Og kva dag i veka serverer ein pannekaker og ertesuppe?" "Tysdag", var svaret. Vi var heilt på bølgelengde. Men eg er usikker på kvar eg har det frå. Er det heimanfrå eller er det i lærebøkene då vi hadde om vekemenyar?
---
Uansett er det ikkje noko som er rett og noko som er gale. Kvar må få ha sine tradisjonar. I leitinga på pannekaketradisjonar kom eg over denne i Fjordamat: "Pannekaker smakar kjempegodt til rømmegrauten. Det er noko vi må ha til", fortel dei frå Luster. "No er og vaflar populært". Vel bekomme, seier no eg!


måndag 23. februar 2009

Bok 10: Nobelprisvinnar

Boka handlar om David, ein professor som legg seg etter studentar. Slike har vi høyrt om før. Han har eit par skilsmisser bak seg, og ei vaksen jente han har lite kontakt med. Så langt føler ein at ein har høyrt det før.

Ein dag skjer det seg for David. Han er 52 år og det vert "sak" av at han har hatt eit forhold til ein av studentane på kurset sitt. David taklar ikkje dette som forventa og vert oppsagt. Han reiser på besøk til dottera.

No skal eg ikkje røpe meir av handlinga. Men eg kan love at det skjer mykje spennande og tankevekkande. Les gjerne meir her.


Forfattaren av boka fekk Nobelprisen i litteratur i 2003. Og etter å ha lese boka, forstår ein kvifor.

Boka er også filma. No spørs det berre korleis eg skal få tak i filmen. Kanskje på biblioteket?

Det er berre å klikke seg inn på hyperkoblingane for dei som er interesserte.

Sjølv veit eg ikkje kva eg skal lese no. Det må bli ein nedtur uansett.




søndag 22. februar 2009

Bollebursdag

Geburtsdagsbarnet feira dagen med å ikkje sleppe inn mål mot Aksla. Blåtrøyene vann med 5 mål. Gåvebordet var prega av DVD-ar, CD-ar og bøker. Sidan det var mykje selskapelegheit på oss i går, vart det enkel kaffimat i dag: Fastelavnsbollar med krem og syltetøy.
Mine eigne geburtsdagar har gått litt i surr for meg, men eg hugsar godt kva eg fekk til 19-årsdagen min, nemleg ei flott klokke. Då var eg ferdig på gymnaset. Klokka gjekk i over 20 år. No har eg mi 3. klokke, også den med dato, noko er eg avhengig av.

Audun 19 år

I dag 22. februar fyller Audun 19 år. Han har feira med kompisar medan foreldra var i 50-årsdag. Mora hadde kjøpt inn til taco (is til dessert og rikeleg med potetgull og brus)og var litt spent på om han greidde og ordne matlaging og pådekking sjølv. Då vi kom heim att stod det fine skåler med tacotilbehør. Dei hadde funne både tallerkar og glas! No klokka eitt driv dei og avsluttar.

laurdag 21. februar 2009

Solsikkebrød

Blogglesarane har sikkert oppdaga at eg likar å lære vekk ting. Eg håper at eg ikkje vert oppfatta som belærande. No likar eg også å lære nye ting. Dagens tips har eg plukka opp på frukost-TV: Når ein bakar runde brød er det lurt å skjere eit snitt rundt brødet. Då hevar det seg utan å sprekke. Berre prøv! Eg gjorde det før i veka. Brød utan snitt sprakk nede medan brød med snitt heva seg fint.


Prikken over i-en

Eg legg ikkje skjul på at eg likar å kjøpe kle på sal, spesielt bestekle. I går kom eg fram til at eg ville "gå igjen" i alle antrekka mine, og tok meg ei butikkrunde. Eg bar heldig og fann meg ei rimelg drakt. Men så var det sko! Alle dei gamel skorne og støvlettane ville bli heilt bygdis att åt den nette drakta. På skobutikken fann eg desse blant nyheitene og fall pladask. "Å, kunne du ikkje ha gøymt dei så eg slapp å bli misunneleg!" var Olaug sin kommentar då ho gjekk rundt i dei med strikkalestar oppi.

fredag 20. februar 2009

Noko i gjære

I morgon skal eg bake brød til eit koldtbord for 50 personar. I tillegg til valnøttbrød satsar eg på gamle klassikarar som focaccia og landbrød. Nokre rundstykke vert det nok også.

No har eg laga deig til Viestad sitt landbrød. Det la eg ut oppskrift på jula 2007. Eg burde sjølvsagt ha laga eit system med kategoriar der det var lett å finne attende til gamle oppskrifter, men her sviktar datakunnskapane.

Kva gjev feriefølelse?

I dag var den store innleveringsdagen i tiande klasse. Men litt humor må ein unne seg i kvardagen. Når alt skal skrivast og leverast på data, er det lett å få orddelingsfeil.

No har eg retta/sett gjennom eit klassesett med bøker. I tilfelle eg får arbeidslyst, har eg med meg heim eit sett bokmålstekstar og to prøvebunkar.

Før brukte eg å seie at helgefølelsen kom med Beat for Beat, spesielt viss huset luktar grønsåpe.

onsdag 18. februar 2009

Gibraltarbilde.

Då eg las den siste Stieg Larsonboka, fekk eg så lyst til Gibraltar.
No har keeperen kome att frå skuletur til Malaga. Dei hadde teke turen til Gibraltar. Kan ein sjå til Afrika?
Valutaen var gibraltiske Pund eller Euro.

Der er ca 20 000 innbyggjarar.

Dei einaste ville apane i Europa finst på Gibraltar.




Bok 9: Lettlesen og underhaldande


Vi vert kjende med forbrytaren i bok, Petter, som seksåring då han viser valdelege tendensar. Han har vorte misbrukt av mor si, og etter ein stygg episode i barnehagen, gir fostermora opp. Han veks opp på ein institusjon.
--
I boka møter vi fleire typar. Eg har fundert på korleis vi greier å halde personane og namna frå kvarandre, noko som lett kan bli eit problem i lydbøker. For det første introduserer ho dei slik at vi ser dei for oss, og for det andre brukar ho konsekvent for- og etternamn.
--
Anne B sparkar litt hit og dit. Vi forstår kva ho vil seie når ho let heimehjelpa stille med ei lang liste over ting ho ikkje kan gjere.
--
Eg likte boka. Ho er godt oppbygd. Les gjerne meir her

tysdag 17. februar 2009

Fin film - men les boka først!


Det seier seg sjølv at når ei bok på 480 sider skal bli til ein film på 1 1/2 timar, må mykje verte vekk på vegen. Filmen tek føre seg livet til Nazneen i perioden før den planlagde flyttinga attende til Pakistan. Der er tilbakeblikk til barndomen, og ho fortel om første tida til Karim. Men søstra sine brev kjem berre så vidt fram.
---
Personane er slik ein har sett dei føre seg. Og tilbakeblikka til Bangladesh viser vakker natur. Eg anbefaler alle å lese boka og sjå filmen etterpå!

måndag 16. februar 2009

Det er dumt å betale for mye!

Torsdag kjøpte vi oss, som tidlegare nemnt på bloggen, ny printer. Den var på eit såkalla kampanjetilbod til 1195,-. Det verka som eit godt tilbod, heilt til laurdag då det kjem i ei avis til 899,-.

Eg veit ikkje korleis andre reagerer på slikt, men eg følte meg snytt. Så i dag tok eg turen ut att. Eg hadde førebudd meg på kva eg skulle seie i tre trinn. Heldigvis var det nok å seie "Hugsar du meg?" og vise kvitteringa. Eg fekk att 296,-, og slapp til dømes å konfrontere dei med slagordet deira.

Pengane fekk bein å gå på i butikken ved sida av. To 25 år gamle kokkeknivar i merket Øyo er sporlaust forsvunne frå heimen. I eit par veker har eg stått med ein filetkniv med stor fare for å skjere meg. Skulle dei gamle dukke opp att, får eg sende dei med keeperen når han vert student. No har eg i alle fall slått til med nye Øyoknivar.

p.s
Det var -20% på knivane.

søndag 15. februar 2009

Bakeplate - litt reklame

I går kom eg og eit par venninner i snakk om slike teflonbakepapir som vi har på skulekjøkenet. Eg fortalde om In Vite brødformene, og om bakeplata som eg har brukt mykje til focaccia. Desse formene vaskar eg kun med papir, og eg meiner ein kan eigentleg late vere å smøre dei.
I ettermiddag fann eg ut at eg ville prøve å bake grove rundstykke utan å ha feitt på plata. Det gjekk heilt fint. Plata er litt smalare enn ei omnsplate, så i dag baka eg 12 store rundstykke. Når eg skal bake til koldtbord, kjem eg til å lage dei mindre.
p.s.
Eg kjøpte dei på Jernia i Ulsteinvik

Bok 8: Eit sterkt kvinneportrett


Denne "leseranmeldelsen" har eg tatt frå bokkilden, og eg berre sluttar meg til det Mariana seier. Ho har gitt den terningkast 6. Boka skal vere filma. Den filmen har eg lyst å sjå!
---
Uten å kunne et ord engelsk, reiser Nazneen fra landsbygda i Bangladesh til London for å inngå et arrangert ekteskap med den mye eldre mannen Chanu. Det er ikke en dårlig mann faren hennes har valgt for henne, men kjærligheten mangler. Nazneen savner liv mellom veggene i leiligheten i Brick Lane.
Uten å kunne et ord engelsk, reiser Nazneen fra landsbygda i Bangladesh til London for å inngå et arrangert ekteskap med den mye eldre mannen Chanu. Det er ikke en dårlig mann faren hennes har valgt for henne, men kjærligheten mangler. Nazneen savner liv mellom veggene i leiligheten i Brick Lane. Mannen hennes er opptatt av å få forfremmelse på jobben, men uansett hvor mange eksamener han tar på folkeuniversitetet, skjer det ingenting. Han takler den engelske hverdagsrasismen dårlig, og blir gradvis mer bitter og til slutt en temmelig patetisk mann. Mens årene går og Nazneen blir mor, utvikler hun seg til å bli en sterk og selvstendig kvinne som er fullt ut i stand til å ta vare på seg selv. En dag møter hun den yngre og radikale Karim, og dette møtet blir skjebnesvangert. Vi får også innblikk i brevvekslingen mellom Nazneen og hennes søster Hasina, som er utstøtt fra familien fordi hun valgte å gifte seg med en mann mot familiens vilje. Det som bergtok meg i denne boka var det sterke og levende portrettet som blir tegnet av Nazneen. Boka er dessuten meget velskrevet, og Laila Goody leste den helt nydelig.
Mariana

laurdag 14. februar 2009

Valnøttbrød II


Brødet til høgre laga eg etter eiga tilpassa oppskrift. Eg elta og heva brødet slik eg brukar til vanleg. Brødet til venstre fekk same behandling, men det var utan olje og egg. Mjølmengda var heilt lik. Eg brukte vekt! "Mitt" brød vart lysare og lettare og smaka betre.

Valnøttbrød
3 dl vatn
1/4 pk gjær
1 egg
2 ms olje, t.d. solsikkeolje
1 ts salt

125 g sikta rug
125 g sammalen kveite, fin
ca 250 g kveitemjøl

100 g hakka valnøtter (Ha i ved forming av brødet).

Valnøttbrød



Ei venninne av meg skal feire dag neste laurdag. Eg har fått i oppdrag å lage brød til koldtbordet. Eitt av brøda ho ønskjer er valnøttbrød.
---
I dag leitte eg fram ei bok frå mammutsalet i fjor for å finne oppskrift. For sjølv om eg bakar mykje, er det mest etter eige hovud. I oppskrifta var det berre vatn, ikkje noko feitt eingong. Så eg tok til å prøvebake. Brødet til vensktre er etter oppskrift, dvs eg brukte berre 1 ts salt til 3 1/2 dl vatn. I brødet til høgre erstatta eg litt av væska med 1 egg og 2 ms solsikkeolje.
---
Brøda skal no få kjøle seg ned, og så skal smak og konsistens vurderast. Oppskrift følgjer.

fredag 13. februar 2009

Politihijab i praksis.

Dette er to britiske politikvinner. Dei har knytt på seg hijaben litt ulikt. Bildet er frå klassekampen i går. Eg har lenge etterlyst bilde slik at vi kan sjå i praksis kva politihijab går ut på.

p.s.
Den nye scannaren var svært enkel i bruk!

Sol heile dagen

I dag er ein merkedag her. Sola har klivra Melshornet! Frå no av kan sola skine heile dagen.

torsdag 12. februar 2009

Vi er i gang




Som tidlegare nemnt på bloggen, driv tinga våre og kollapsar. Det er berre å begynne i ein ende.
---
I valet om kva ein skal kjøpe først, vert vel det ein minst kan klare seg utan først i køen.
---
I dag vart det kjøpt og installert ny printar. Og sidan det snart er Valentine, kjøpte eg like head-set til Øystein og meg sjølv.
---
p.s.
Frå Spania vert det meldt om 20 grader i skuggen.

Mat er beste medisin

I år har eg starta med noko nytt; Prøve om vitaminar og mineral. I den nye læreboka vår er det mykje ernæringslære. Eg meiner at kunnskapen om vitaminar og mineralstoff er svært viktig og vel verd å pugge.

"Ein får meir av det ein fokuserer på", heiter det. I år har eg fokusert på den vesle gulrota om dagen som gjev oss nok betakaroten til å få nok A-vitamin dersom vi et ho saman med mat med feitt i. Til middag får dei skrelle så mange gulrøter som dei har tenkt å ete. Det har aldri gått med eller ned så mange gulrøter.

Vitamintablettar er etter mi meining unødvendig. Forskarane er visst ueinige om kroppen gjer seg nytte av kunstige vitaminar. Tran er sjølvsagt flott. Sjølv er eg svært glad i feit fisk, også som pålegg.

Mineral er ei anna sak. Jern bør eventuelt takast i samråd med lege. Damer kan trenge ekstra kalsium.

Drinken til venstre er laga av ein appelsin, eit eple og ei gulrot. Den inneheld med andre ord ein god dose C-vitamin og betakaroten. Og så smakar den nydeleg!

onsdag 11. februar 2009

Tilbake til gamle høgder?



Det var (minst) ein ferietur på 90-talet vi høyrde denne songen gjennom Norge og Sverige.

Det er kaldt i Europa


Det vert meldt om 20 minusgrader på Dombås i dag.
I Spania ligg temperaturen på 17-18 grader.
Her heime er det eit par minusgrader og snø.

tysdag 10. februar 2009

Årets boksal - sære interesser.




I forfjor fekk eg boka frå Voss til jul. Den var svært lærerik. Oppskrifter vert det som regel nok av. I denne boka fekk ein i tillegg mykje kultur- og mathistorie. Det var då mi interesse for gamle komfyrar vart vekt. Det gjekk verkeleg opp for meg korleis oldemødrene våre har hatt det.
---
No har eg førehandsbestilt to andre liknande bøker, håper eg. Det vil seie, eg håper der er mykje stoff i tillegg til oppskrifter. Eg har mest tru på boka frå Røros;"Dette er både ei kokebok og ei mathistoriebok".
---
Desse bøkene tingar eg usett. Det vert heilt sikkert ein tur innom bokhandelen for å sjå på fleire bøker. Romanar låner eg på biblioteket medan eg likar å kjøpe kokebøker og andre oppslagsbøker.
---
Eg kjem attende med bokmeldingar etter 2. mars.


måndag 9. februar 2009

No er det stille i heimen


I dag tidleg reiste keeperen til varmare breiddegrader med kvart på fem båten. 6. klassingen skulle møte klokka sju ved skulen for å ta buss til ei veke leirskule på Dombås. Begge gledde seg mykje.
--
Medan studenten er i Volda vert konfirmanten einebarn. Han sit på rommet og gjer lekser, og er elles opptatt med rolege syslar. Ikkje skal han køyrast nokon stad heller.
--
Og middag? Det vert fisk sjølvsagt!

søndag 8. februar 2009

Morsdag

I veka som var hadde eg fleire vikartimar. Mykje av dagen i dag har gått med til skulearbeid, både heime og på jobb.

I kveldninga køyrde eg studenten inn i Volda og la turen innom mi eiga mor. Det ergrar med at eg ikkje fekk til MP3-en hennar. Eg måtte nok hatt litt meir tid åleine med han.

Elles kan eg røpe at når eg køyrer bil åleine, høyrer eg ofte på Jørn Hoel. Det vart altså på heimvegen. No har eg ein film å kose meg med. Ovanfor manglar nokre konjakksjokoladar, men vi har no litt att til kaffien.

laurdag 7. februar 2009

Masemamma



I høve morsdagen i morgon får de kose dykk med denne videoen.

Eg meiner sjølv at eg har blitt lite masa på, og at eg sjølv masar lite. No er det ikkje sikkert alle eg bur saman med er samde i dette.

Ungane her har ansvar for å vaske romma sine til helga. Det er ikkje alltid dette har vorte gjort automatisk. For eit par år sidan dreiv ein av dei og vaska søndag ettermiddag etter påtrykk frå underskrivne. Då fekk eg høyre at eg tok frå arbeidslysta når eg masa sånn. OK, då gjer vi ein avtale; Eg sluttar å mase, og du vaskar rommet ditt. Neste søndag kveld seier eg: "ja, no har eg halde min del av avtalen. Er rommet vaska?". Det var det ikkje, så i framtida fekk det heite påminning og ikkje mas.

Hugs mor!
Køyr forsiktig!

fredag 6. februar 2009

Bok 7: Småmorsomt


Dette er boka som kjem etter Doppler. Han er framleis med, men har fått selskap med ei hasjrøykande dame på 92 og ein like gammal speidar.
---
Forfattaren les sjølv. Eg humrar over små vittigheiter, sarkasmer og ironiske utsegn. Eit døme er når Doppler skal køyre lastebil utan sertifikat. Men han hadde hatt moped valfag på ungdomsskulen.
---
Anten treff denne humoren, eller så gjer han det ikkje. Eg liker boka, men meiner Doppler var betre. Les gjerne meir her.

torsdag 5. februar 2009

Oksekjøtval

Denne veka har vi hatt det vi kallar "oksekjøtval" på menyen. Forrige veke laga alle "kjøt i mørket", eller sosakjøt som det heiter her. Denne veka fekk dei velge seg ein rett frå http://www.matprat.no/ . Kvar gruppe vel ein rett og så lagar vi buffé med tre varme rettar på. Det er svært populært. Utfordringa er å passe på å kjøpe inn alle ingrediensane.

I går høyrde eg at krisetidene gav seg eit utslag på matvarer; folk kjøper kotelettar i staden for biff. Det er kanskje derfor dei no sel biff på tilbod i staden for kotelettar!

Retten på bildet heiter Biffsauté. Ein av ingrediensane var rødvin. I parentes står det (kan sløyfes). Eg strauk over kan og skreiv pluss eit smilefjes. Eg forklarte dei at alkoholen ville dunste vekk, men likevel er det ikkje lov på skulekjøken. I dag gav dei seg ikkje. "Jau, eg tok meg ein tur på Polet og prøvde å få dei til å skrive det på Hareid Kommune" seier eg. "Det gjekk ikkje". Slike spøkar er livsfarlege. Det er alltid ein som tek det alvorleg. Så eg var snar å legge til. "Det hadde vore ein effektiv måte å kome i VG på;" Lærer langer alkohol til 14-åringer"". Då kjem dagens: "Du kunne no berre ha skrive det på kyrkja!"

tysdag 3. februar 2009

Bok 6: Også krim


Denne boka har eg hatt liggande på PC-en ei stund. Då eg begynte på ho, hugsa eg ikkje om det var krim eller ikkje.
---
I bokhylla mi har eg alle krimbøkene om Kurt Wallander i pocketutgåve. Det var fleire år sidan eg hadde lese krim. Etter kvart synest eg dei gjekk inn i eit mønster, likevel kjøpte eg alle.
---
I denne boka er helten ei middelaldrande kvinne som vert sjukmeldt frå dommarjobben sin på grunn av høgt blodtrykk og jernmangel. Ho har familiemedlemmer som vert offer i eit massedrap, og begynner med privat etterforsking.
---
Handlinga går føre seg påfleire kontinent. Drapa er mange. Etter mitt syn vert det litt i overkant. Vi følgjer den første kinesaren som vert kidnappa i Kina til Amerika der han vert "jernbaneslave". Vidare går handlinga til Sverige, Afrika og London. Boka tek seg opp mot slutten.
---
Mankell skriv absolutt interessant. Han trekker inn t.d. Palmemordet og problema i Afrika. Ein ide er å flytte 4 millionar (nokre få) kinesarar til ein dal i Afrika der det er god plass.
Les meir her.