laurdag 14. februar 2009

Valnøttbrød II


Brødet til høgre laga eg etter eiga tilpassa oppskrift. Eg elta og heva brødet slik eg brukar til vanleg. Brødet til venstre fekk same behandling, men det var utan olje og egg. Mjølmengda var heilt lik. Eg brukte vekt! "Mitt" brød vart lysare og lettare og smaka betre.

Valnøttbrød
3 dl vatn
1/4 pk gjær
1 egg
2 ms olje, t.d. solsikkeolje
1 ts salt

125 g sikta rug
125 g sammalen kveite, fin
ca 250 g kveitemjøl

100 g hakka valnøtter (Ha i ved forming av brødet).

5 kommentarer:

Elin sa...

Dette såg herleg ut, hadde eg berre hatt valneter i hus! Eg seier det igjen, kan du ikkje lage ei "bok" her på nettet, du har så mange flotte og godt utprøvde oppskrifter. Eg prøvde ei tilnærma verdens beste i jula, frå ein dansk blogg, der krem og creme freche var blanda, har du prøvd det? Litt spennande smak.

Besta sa...

Brøda såg deilige ut og eg har valnøtter i hus. Men eg stålsette meg og bakar no ein porsjon grove rundstykke frå Ingers (slanke-)bok. Godt nok. Praktisk med rundstykke når vi et såpass lite brød,då kan vi ta opp ferske rundstykke til kvart måltid om vi vil.

solveig sa...

Det høyrest friskt og godt ut med creme freche i kremen. Den kan vel piskast. Eg har ikkje smakt det.
Kakebakinga vert lite fornya her.

Anlen sa...

Nam! Eg har veldig lyst til å bake slike, men eg må ete alt sjøl... Dei andre i huset syns ikkje noko om slike klumpar i brødet;)

Takk for korrekt kunnskap om sola si vandring over Melshornet, no har eg korrigert fyrste innlegget mitt!!

solveig sa...

Vi får stole på Jostein....
Og håpe på at vi hugsar det sjølve neste år. Eg vert usikker og må spørje kvart år.