Ja, ja, no er eg endeleg i mål. I Ørsta hadde eg publikum, og då er det ikkje alltid like lett å tenke. No har eg tatt meg ei økt her heime. Programma vil rett og slett ikkje installere seg! Eg gjekk til og med inn på philips.com for å finne programma for dei som har mist CD-en. Lyset går ikkje opp no heller.
Så spørs det om blogglesarane har fått med seg eit anna svakt pukt eg har, nemleg aversjon mot lesing av bruksanvisningar. Men der står det: Bruk Windows Media Player til å overføre musikk. Kan det bli enklare? Det er same metoden som på den vesle raude MP3-en eg hadde.
No har eg lagt inn på "En plass i solen". Mamma kan no velge seg 3-4 andre lydbøker. Dei ligg på bloggen. Eg er sikker på ho blir svært fornøgd med MP3-en!
3 kommentarer:
Det var flott at du har fått det til.Så spørs det berre om du greier å lære meg å bruke den.Eg les heller aldri bruksanvisningar, trykker berre på Next og Ok. Som regel går det bra.
Det lærer du lett! ;-)
Du var flink som klarte det til slutt. Eg blir ofte frustrert når eg skal prøve noko nytt, likar ikkje å lese bruksanvisningar eg heller. Eidabesta
Legg inn en kommentar