tysdag 31. august 2010

Lik pris?

Blogglesarane ventar vel på eit lite livsteikn frå meg?  Det er foreldremøtetid!  Men i dag skal de få eit spørsmål:  Kor stor er priskinaden på ein liter lettmjølk på to ulike matbutikkar på Hareid?

P.S.
Er det rart dei spør om ein vil ha lappen?

måndag 30. august 2010

Bibliotek

I dag køyrde Øystein på juniorkamp i Langevågen.  Sidan eg vart utan bil, sykla eg ein tur på biblioteket.  Eg har levert inn Drømmehjerte ulest.  Etter utallige forsøk på å legge den inn på MP3-en gav eg opp.  Same kor eg vreid og vende, kom spora inn i motsett rekkjefølgje, og eg forstår ingenting!  Ikkje minst fordi eg har fått det til før.

Les meir om Sofi Oksanen her.

Om det vert bakt noko frå bakeboka, vil tida vise.

søndag 29. august 2010

Kva heiter fisken?

Yngstemann har vore på fisketur. Han fekk lange, lyr og ein liten uer til katten.  Kva har han i handa?  Er det ei sild med utståande auge?

Dei fem finaste III

I dag var vi på Alskleiva utan fotoapparat, så blogglesarane får nøye seg med nokre bilde frå hagen.
Eg har trudd dette er ei svart stokkrose.  Det er i alle fall ein staude. 
Eg veit ikkje kva denne heiter.  Kanskje ein blogglesar veit?  Den står ved sida av den svarte.  Det synest eg er ein fin fargekombinasjon.  Dessverre har der vore nokon å ete på blada på begge plantane.  Eg trur det er små snoglar med hus.  Etter at eg har rista litt på dei, har det kome seg.  Om ristinga er grunnen, veit eg ikkje.
Dette er ei Vikingrose.  Den kryp utover.
Stargazer, kjøpt i krukker i fjor, står snart i blomst.
Ashramrose.
Dei rosa astilbene må flyttast til våren, elles vert dei kvelt.
Det var nokon som etterlyste den blå valmuesøstra i albautgåve.  I fjor delte eg den, og flytta mesteparten ein stad dei har omkome.  Eg gav vekk noko av den som eg håper har overlevd.  Der det er liv, er det håp, så denne kjem seg nok til att.

laurdag 28. august 2010

Nytt nyttedyr

I dag køyrde vi Olaug og ei venninne til Sjøholt på øvingshelg med skulekorpset. Det vil seie, eg vart sett av og plukka opp på Moa.  På Åhlens fann vi dette piggsvinet til å børste av skitne sko på.  Eg tippar at ein kan kome til å kippe seg når ein treff på dette rett utanfor døra føe ein vert van med det.
Sist eg såg eit slikt eldfast litermål, slo eg det frå meg.   Noko eg angra på, for det ville vere fint å putte i mikroen til dømes. I dag fekk eg ei positiv overrasking i kassa.  Der var ein eller annan sort dag på Moa i dag, og eg fekk 20% avslag.
Som de veit, er eg motstader av "Kjøp 3 betal for to", men i dag stod Øystein med ein pakke strømper i handa.  Kjøp 12 like, seier eg, så vert paringa eit mindre problem.  Heldigvis valde han same fargen som studenten.  I Oslo var det 12 par for 199.  Det kjøpte eg og la på hybelen.  Før eller sidan vert alle blanda, og den som brettar kle får ein enklare jobb.

fredag 27. august 2010

Bok 38: Frå Tønsberg til Dar-es-Salaam

Eg har tidlegare samanlikna Mehlum med Staalesen.  Dei har begge humor og ironi smetta inn i forteljinga.  Sarkasmane til Mehlum gjer bøkene artige å lese. Boka er skriven i eg-form. Krimhelten heiter Svend Foyn og eig ein St Bernhardshund.

I denne boka reiser han fleire turar til Tanzania der saka har forgreiningar.  Eg skal ikkje gje meg til å forklare mysteriet.  Det kan ikkje gjerast kortfatta.

Boka høver godt som lydbok.
Eg såg at kvar vaksen person i Hareid ikkje låner meir enn to bøker kvar på biblioteket i året! Lån og les!

torsdag 26. august 2010

Sei i tomat- og urteaus

I dag hadde eg verken rømme eller fløyte i hus. Løk og hermetiske tomatar er ein vel heller sjeldan tom for?  Magrare middag enn dette skal ein leite lenge etter.  Oppskrifta er frå "365 middager på en halv time".  Eg følgde oppskrifta, i alle fall nesten.  Eg dobla alle ingrediensane unntatt løken.  Elles var eg litt rausare med urtekrydderet.  I tillegg surra eg ein båt kvitløk saman med løken.

Når det gjeld framgangsmåten, hadde eg og min eigen vri.  Eg hadde alt krydderet unntatt litt av saltet i tomatsausen.  Den fekk surre utan lok for å verte tjukkare.  Før eg hadde i fisken, mosa eg sausen med stavmiksaren.  Då vart sausen fyldig og fin. Denne konsistensen er ikkje berre for barn og dei som er skeptiske til løk.  Prøv sjølve!

2 (1) stor løk
(1 båt kvitløk)
2 ms olje
1 boks hakka tomatar, 400 g
1 ts salt
1/2 ts pepar
1 krm timian
1 krm basilikum

600 g fiskefilet

Finhakk løken og surr han i olje til han vert blank.
Ha i tomatar, salt og krydder.
Lat sausen koke inn litt.
(Mos med stavmiksar)

Skjer fisken i fingertjukke skiver og legg i sausen
Legg på lok og lat fisken trekk ca 10 min.
Dryss på rikeleg med persille eller dill før servering.
Server med kokt ris, kokte poteter eller potetmos og gjerne ein grøn salat til.

onsdag 25. august 2010

Siste tilskot

For nokre år sidan arva vi eit piggsvinhus.  I Ørsta ville ingen flytte inn i det, så vi prøvde å rigge det til etter alle kunstens reglar her i hagen.  Men ingen piggsvin ville bu der.  Så kom vi på at i stadenfor å la det stå tomt, kunne vi la Lucy sove i det om natta.  Det har ho gjort.  Men no har det plutseleg begynt å dukke opp piggsvin.  Denne vesle ungen kom her i ettermiddag.  Kanskje Bolla er ein Børre eller Peggy ein Per?

No håper vi berre at dei ikkje har tenkt å ligge bak eller inni vedhaugen i vinter, for den kjem til å minke.

tysdag 24. august 2010

Mot betre vitande

Vårstaudar skal delast og flyttast om hausten.  Hauststaudar skal delast og flyttast om våren.  Dette veit eg godt.  Men så er det ofte slik at det er om hausten ein ser kvar hauststaudane skulle ha vore.  Desse to flytta eg for å gje plass til Ashramrosa.  Eg er overbevist om at begge har kome til ein betre stad i hagen.  Men flittig vatning og nokre kraftige regnbyger, ser det ut til at dei har tolt flyttinga godt.  Purpursolhatten under har mi vennninne M sådd frå frø.  Stauden over har eg fått av S.  Den veit eg ikkje namnet på, men det gjer kanskje ein av blogglesarane?

måndag 23. august 2010

Bolla

Her er Lucy sin nye venn.  Ho deler i alle fall mat med henne.  Er det dyrevenner blant blogglesarane som veit om det er bra for piggsvinet med kattemat? 

Sjølv håper eg at Bolla og vennen hennar, kanskje vil skal kalle ho Peggy Piggsvin, slurpar i seg det som er av sniglar.  Eit anna spørsmål er om piggsvin et Iberiasniglar?

søndag 22. august 2010

Ettermiddagstur til Eika

Maratonløparen var litt stiv i beina og ville berre gå ein liten tur i dag, så då vart eg med.  Frøkna og han samlar på Hareidstrimpostar.

Motiva er dei same som i fjor.

Vi fekk sjå nokre solglimt, men elles har det stort sett vore 13 grader og regn her i dag.

Handel i Hareid

Eg kan ikkje klage på at uteplantane mine skrantar.  Dei har stort sett fått seg ein ny vår.  Vanlegvis går eg over til å kjøpe noko fint inne på denne tida.  Men så såg eg denne på Floriss i går.  Sukkulentane skal ha lite vatn (stell!), og dei skal takast inn ut på hausten.

laurdag 21. august 2010

Maraton

Då er det berre å slå fast at nokre er sprekare enn andre.

Bilde: http://www.kondis.no/christoffer-i-team-aktiv-mot-kreft.4811389.html

Plante i posten

Ei bloggvenninne sende meg ein liten stikling i posten.  Det store spørsmålet var om han ville oveleve postgangen.  Eg meiner å ha lese at pelargoniumstiklingar gjerne kan tørke litt.  Stiklingen var litt slapp i fisken, men kom seg raskt då han kom i vatn.  Etter nokre dagar i vassglaset sette eg stiklingen i ei potte mold med ein plastpose til minidrivhus.  I går letta eg på posen, og såg til mi store glede at planten både lever og blomstrar.
Kvar liten blomst er som ei lita rose. No får eg merke han godt, for eg kan tenke meg minst ei bloggvenninne som gjerne vil ha ein stikling til våren?

fredag 20. august 2010

Vennleg, men bestemt

Her om dagen lærte eg at mange lærarar med meg går rundt og trur dei er vennlege, men bestemte.  I verkelegheita ser ein kanskje rett og slett sur ut!  Tipset var å sjå seg sjølv i spegelen, og øve medan ein studerer seg sjølv. Ja, ja, det kan vel vere eit tips for fleire yrkesgrupper.

I dag var eg sendt i oppdrag.  Frøkna fekk hjelp av brørne til å kjøpe seg ny mobil førre veke.  Ho var svært nøgd med kjøpet heilt til venninna to dagar etterpå for ut på same butikken og kjøpte seg sameleis til same pris, men fekk med både minnekort og "høgtalar".  Frøkna føler det heile svært forsmedeleg.  Mobilen var kjøpt med eigne midlar.

Faren, som berre er vennleg, stikk innom butikken og får vite det slett ikkje er sikkert at dei har kjøpt same abonnement, og at tilboda kan variere frå dag til dag.

Så måtte eg, som veit å gjere meg både bestemt og morsk, ta med meg den misfornøgde kunden ut att på butikken.  Eg hadde sjølvsagt forsikra meg om at dei hadde kjøpt heilt like telefonar.

Å, jauda, dei hugsa det heile.  Eg oppga namna til dei to jentene, og bad dei sjekke at det dreia seg om same telefonen.  For det var ein eldre bror som var med og kjøpte.   Jau, det var det.  Men så var det dette med dei ulike tilboda på dei ulike dagane! "Det går ikkje an å behandle to kundar så ulikt", hevdar eg.  Her gjeld det å bruke få ord og sjå morsk ut.  Ordet er deira.  Det vart noko kviskring bak disken og på bakrommet.  Dei forhøyrer seg med frøkna og får vite akkurat kva venninna hadde fått.  "Og det var no så merkeleg at ikkje ho hadde fått det og!", sier det idet dei rekkjer henne ei øskje med det som skulle ha følgt med.  Vi takka og smilte stort og forlet butikken som fornøgde kundar.

torsdag 19. august 2010

Bok 37: Nattmannen

Det er ikkje lett å yte romanen full rettferd når ein ikkje har lese nokre bøker med krimhelten før. Som eg har skrive før, er det eit pluss i ein krimroman om krimhelten har eit interessant privatliv.  Samtidig skal det ikkje skugge for handlinga. Den balansen har forfattaren funne.  Men erotiske skildringar vert stilbrot etter mitt syn. 

Denne romanen har to etterforskarar, politimannen og dottera hans som er VG-journalist.  Begge hjelper sjølvsagt til i oppklaringa.

Boka begynner høveleg grotesk: Eit jentehovud vert funne på ein trestake midt i Larvik sentrum.  I byrjinga synest eg boka var litt tam og klisjéprega. Eg er framleis usikker på om eg likar journalisten si rolle oppklaringa. Ho inneiar eit forhold til ein tidlegare klassekamerat som har innpass i det kriminelle miljøet i byen.

Men boka tek seg opp når William Wisting reiser til Afganistan.  Saka har forgreiningar i mange land.  Oppklaringa er spennande og logisk!

Sove ute

Dei yngre blogglesarane lurer kanskje på korleis det går med Lucy?  Vi er i alle fall samde om at vi har fått ein original katt. 

No når det er så varmt og fint i veret, skal ho lære seg å vere ute om natta.  Dette er ho ikkje spesielt interessert i, så ho finn seg ulike metodar for å få kome inn i varmen att.  Ein av dei er å stå utanfor vindauga.  Ein kveld klatra ho i sprossene på stovevindauget rett på godstolen min.
Ein av dei første dagane sat ho utanfor kjøkenvindauget og såg fornærma ut.  Men etterkvart har ho funne seg i å vere ute.  Sjølv om ho har lurt seg til å sove i telt og snike seg inn vindauge som står på gløtt.  Framleis trivst ho godt i høgda.  Ei natt låg ho på altarekkverket.  Kanskje ho drøymde om den tida ho låg på knaggane?

Nattlivet har gitt henne ein ny ven som vi kallar Bolla. Ho har prøvd ut eit piggsvin som leikekamerat.  Den heilt store responsen manglar.

Lucy veks for kvar dag.  I går miste ho ei lita hjørnetann.

onsdag 18. august 2010

Sei i karri

Eg har bladd litt i denne kokeboka og funne fram ein typisk 80-tals-rett, nemleg sei i karrisaus.  Det å ha karri i sausen vart vel rekna for heller eksotisk den tida seibiff var det ein laga av sei. Eg trur ikkje ungane her i huset hadde smakt retten før, men det glei ned på høgkant.  Eine seifileten min viste seg å vere lyr, noko som ikkje forringa retten.  Som kommentar til oppskrifta i boka, må eg berre nemne at det er heller upedagogisk å skrive som punkt tre eller fire: "Halvtin dypfyst filet". Det burde stå som førebuing!  Punkt ein er å sette på poteter eller ris ...



Sei i karri
ca 600 g seifilet
3 ms kveitemjøl
2 ts salt
1/4 ts pepar
1(++) ms margarin eller smør til steiking

2 1/2 dl matfløyte (eg blanda kremfløyte og heilmjølk)
1-2 ts karri

1-2 løk
1-2 ms margarin eller smør til steiking

Vend fiskestykka i blandinga av mjøl, salt og pepar.
Brun fiskestykka pent i steikepanna.
Steik løken i ei lita steikepanne ved sida av.
Rør ut karrien i fløyte og hell over fisken.  Legg på bruna løk.
Lat retten trekke i ca 5 minutt.
Server med kokte poteter eller kokt ris og ein grøn salat til.

Retten er rask å lage. Poteter og fisk vart likt ferdig. Så denne lagar du på ein halv time som boka lovar.

tysdag 17. august 2010

Frysartips II

I førre frysartips tok eg eit atterhald om at eg ikkje ville gje tips som eg ikkje ville følgje.  I dag kjem eg med nokre nye tips etter tipsrunde frå lesarane.  Det er ikkje det at eg ikkje vil følgje desse tipsa.  For å vere ærleg går det helst ut på at eg ikkje maktar å følgje alle.

Middag
Mykje kan frysast.  Viss du lagar fiskegrateng t.d, er det ikkje mykje meir arbeid å lage rikeleg og fryse ned i former.  Lasagne og pizza er også kjekt å ha på lur.  Om ikkje anna kan ein lage nokre pizzabotnar til seinare bruk. Viss ein har gjester i fleire dagar, er det lurt å kjøle ned, gjerne i vassbad, og fryse restane så raskt som muleg.

Når det gjeld nedfrysing av middagar, gjeld det å ha ein plan og merke maten godt.  Bruk den innan rimeleg tid.  Elles vert den lett liggande for lenge og dermed kasta.

Bakst
All gjærbakst kan frysast.  Søndag baka eg 40 rundstykke av 1 kg grovbakst blanda med 1 kg kornbrødblanding.  Sidan eg har brødbakemaskin, frys eg ikkje ned så mykje brød.  Eg synest det er greit å ha nokre oppsorne brød frå butikken på lur. 

Ein bloggar brukar å fylle eit ekstra sukkerbrød og fryse ned når ho er i gang.  Då er det berre pyntinga som står att. 

Til jul frys eg gjerne ned smultringar og lefser.  Kven som har baka dei er ei anna sak.  Eg likar også å ha litt søt gjærbakst i frysaren, men det vert helst til jul.

Anna
Ein blogglesar gir oss tips om å klippe opp fryse ned grasløk frå hagen.  Det har eg gjort, om ikkje kvart år.  Det er eit "must" i eggerøre.

No skal eg ut på tur.  Blogglesarane må gjerne hive seg frampå med fleire tips, så kan det bli frysartips III.

måndag 16. august 2010

Klar?

Då har vi lagt første planleggingsdagen bak oss.  Eg har rigga til skulekjøkenet.  Alt må vekk frå benkar, bord og vegger om våren og fram att til skulestart.  No står berre handling og bestilling av matvarer att.  I morgon skal eg planlegge teorifaga som er engelsk og norsk på tiande.

I fjor fekk eg tak i gule måleskeier slik at eg har nok ut mi karriere.  Eg hadde berre eitt raudt sett.  Men på Moa fann eg både raude og grøne førre veke. 

Koppen over fekk eg av bror min.  Den skal eg ha på lærarrommet.  Nærare forklaring på kor praktisk den er, trengs vel ikkje.
I ettermiddag har eg vore tilskodar på Hareid KGB.  Det er lenge sidan eg har sete der og sveitta.  Her var 27 grader klokka fire.  Det ser ut som Norway Cup har sett fart i småjentene.  I dag vann dei stort over Haddal, og frøkna skåra to av måla.

søndag 15. august 2010

Brødbakemaskin - focaccia


Ei brødbakemaskin kan også brukast til å lage ulike deigar.  I dag kjem ei oppskrift på focacciadeig og tips til framgangsmåte.

Studenten må nok begynne i butikken.  Eg anbefaler fersk gjær til deigar viss du veit du kjem til å bruke han.  Elles må du ha ein vanleg, gjerne billeg olivenolje - ikkje extra virgin.

Oppskrifta er tatt frå skulekjøkenboka "Kokebok for alle".

Focaccia
1/2 pk gjær
3 dl lunka vatn
(1 ts sukker)
1/2 ts salt
2+1 ms olivenolje
ca 7 dl kveitemjøl

Fyll (oppå):
2 ms olivenolje
1 ts grovt salt
ca 1 ts tørka rosmarin

Smuldre gjæren i bakemaskina (1 ms tørrgjær kan erstatte frisk gjær).
Ha i vatnet og resten av ingrediensane.
Set på deigprogrammet. Program 9? Sjekk at det vert ein fin klump.
Når brødet er elta, heller du over, og gjerne under, den eine matskeia med olivenolje.
Maskina skal pipe når deigen er ferdig.
Lat deigen gli ned på ei plate med bakepapir eller litt olivenolje.
Sjekk gjerne bilda her.
Form brødet flatt og lat det heve ca 20 minutt.
Stikk hol med fingrane og hell olivenolje over. Dryss på salt og rosmarin.
Steik midt i omnen ca 20 minutt på 220 grader.

Lykke til!
P.S.
Bruksanvisninga til denne maskina ligg her.
Viss nokon av blogglesarane har denne brødbakemaskina, må dei gjerne kome med tips.

Dei fem finaste...

... var ei utfordring for ei stund sidan som eg sa eg måtte kome attende til fleire gongar.  Å avgrense det til fem er vanskeleg.  Her kjem dagens åtte bilde:
Ashramrosa er dronninga i hagen no.
Klematisen er på det finaste.
Oransje kaprifolium.
Dei rosa liljene står berre i knopp.  Eit par oransje blomstrar.
I pottene er det også mykje fint.  Pasjonsblomsten hadde berre ein blome i dag. 
Daturaen har fått ein ny vår.
Agurkurten har sådd seg sjølv fleire stader.  Ein ser tydeleg kvar det er best jord.
Det har vore varmt og vått i det siste.  Ideelle forhold for skvåsjen. 

laurdag 14. august 2010

Frysartips

I pedagogikken heiter det at ein ikkje skal gje andre råd enn dei ein vil følgje sjølv.  No har eg rydda og vaska to frysarar, og kjem her med nokre gode, håpar eg, råd om kva ein bør fryse og kva ein ikkje bør fryse.

Bær
Frys gjerne ned rips og andre bær til dessertar og kaker. 
Å fryse ned bær- og frukt som ein skal safte og sylte seinare, verkar som ein god idé, men mi erfaring er at det er lurare å fryse ned rørte bær og gjerne også saft.  Sur saft kan ein fryse og blande i litt kjøpt solbærsirup for å få litt sukker i.  I fjor laga eg søt  saft i saftkokaren som eg hadde på 3/4 fulle flasker og fraus.

Fangst
Alt som ein fiskar og skyt sjølv, er sjølvsagt greit å fryse ned.

Kjøt

Svinekjøt er rimeleg og tilgjengeleg ferskt heile året.  Frys ned minst muleg.

Lammekjøt er rimeleg i sesongen og kan derfor løne seg å fryse. Lammelår kan tinast og brukast også til gryterettar.  Så det kan det vere lurt å sikre seg om hausten og før påske til 59 kr pr kg.

Oksekjøt varierer også i pris.  Og ikkje minst kan det vere vanskeleg å få tak i.  I vinter hadde dei fersk oksekjøt med bein til 89 kr kg.  Dette har eg angra på at eg ikkje sikra meg meir av til suppekjøt.  Biffkjøt finst heile året og er best ferskt.

Kalkun er rimeleg til jul.  I fjor kjøpte eg eit par som eg tina litt og delte opp.  Det løner seg.  Eg kom vel til at du betalte det samme for ein heil kalkun som for filetane.  Då hadde du lår du kunne steile og bein til kraft. 

Kylling kjøper eg ofte frosen.  Kyllinglår er enkel og rimeleg middag.  Kyllingfilet er også å få kjøpt rimeleg. Her gjeld det å ikkje kjøpe meir enn ein et etter kvart.

Is
Eg som regel nokre boksar is i frysaren i tilfelle nokon skulle stikke innom på ein kopp kaffi. Ispinnar kjøper eg berre når eg ventar besøk av born.

Grønsaker
I ein stor familie går det ein del grønsaker.  Med unntak av grøne erter, vert det brukt lite frosne grønsaker her.  Men det høver godt for einslege og små familiar.  Dersom eg får stor skvåsjavling, brukar eg å raspe oerskotet og fryse ned i 400 g-porsjonar.  Desse brukar eg i t.d. lasagne og bolognese.

Anna
Kva anna fyller ein så frysaren med?  Ein kan gjerne rive osteskorper og fryse ned før dei myglar. Desse osterestane kan ein bruke til pizza t.d. Anna mat kan ein og berge.  Eg frys aldri ned middagsrettar eller fløyteskvettar.  Då lagar eg heller resterettar som t.d. vaflar. Fløyte og rømme er godt å putte i supper og fiskerettar eller rett og slett i risgraut. Middagsrestar går som regel med til kveldsmat, eller til middag neste dag.  I dag fekk han som ikkje et fisk, lasagne frå i går. 

No står det berre att å følgje sine eigne råd.  Blogglesarane må gjerne supplere med eigne erfaringar!

Bildet over er av dagens middag - halvlaga.  Grønsaker i botnen.  Seifilet som er krydra og salta.  Sitron og meierismør høvla med ostehøvel.  Ha folie over og steik ved 200 grader ca 40 minutt.

Dagens fangst på biblioteket

I dag fann eg ei MP3lydbokutgåve av ei bok eg ser mange liker.  I tillegg plukka eg med meg eit par heilt nye kokebøker.  Eg meiner eg har sett i alle fall den eine på sal.  Kanskje eg melder dei seinare.  Ved første augekast ser eg at den til venstre har mange (49) enkle oppskrifter på enkle fiskerettar.  Bøkene er likt lagt opp.  Der er god plass til eigne oppskrifter innimellom.  Dei ville kanskje passe godt for unge kokkar.  Eit stort minus, meiner eg, er at der ikkje er bilde av dei ferdige rettane.

fredag 13. august 2010

Brødbakemaskin

Studenten orda frampå at han kunne tenkt seg ei brødbakemaskin.  Eg synest å hugse at eg har lova dei det når dei flyttar heimanfrå.  Så då vi var i Oslo, kjøpte eg ei og sette på hybelen hans.

Kvifor bruke brødbakemaskin?
Eg meiner det løner seg på mange måtar.  Eit godt brød er dyrt.  Kneipp er billeg, men ikkje særleg grovt, og det inneheld mykje salt.  Kva feitt som er i det, veit eg ikkje.  Når du har godt brød, går det mindre pålegg.

Ei slik maskin til 899,- (El-kjøp på Sogn), sparer ein fort inn att.  I tillegg til brød kan ein bruke bakemaskina til å lage deigar.  I dag fekk han eit lynkurs i focaccia før han reiste.

Bruksanvisninga til mi maskin er god, og oppskriftene lette å bruke.  Oppskriftsheftet til denne, som også ligg på nett, er dårleg tilpassa norske forhold.  Så her legg eg ut den enklaste oppskrifta som ein kan begynne med.

Grovbakstbrød
3 dl lunka vatn
1 1/4 ts tørrgjær
3/4 ts salt
2 ms olje, t.d. raps eller solsikke
7 1/2 dl grovbakstmjøl

Ha alt i bollen.  Bruk standardprogram 1.  Sjekk at deigen ser fin ut.

Bok 36: Eit anna liv

Dette er ein av yndlingsforfattarane til forfattaren i familien.  Han las denne på svensk då vi var i Sverige.  Sjølv plukka eg den med meg lydboka frå biblioteket då vi kom heim.  Eg har brukt lang tid på den.  Det er nok helst ein kombinasjon av at eg har vore sosial og arbeidd lite.

Forfattaren fortel om livet sitt fram til han slutta å drikke.  Han fortel om oppveksten utan faren som døde då Per Olov var liten.  Mora er strengt religiøs.  Ho er lærar, så økonomisk greier dei seg godt, sjølv om ho tener dårlegare enn sine mannlege kollegaer.

Vi følgjer livet til forfattaren.  Han skriv om seg sjølv i tredjeperson, noko som gir oss, og sikkert han sjølv, litt avstand til stoffet.

Er det noko som tilseier at akkurat han skulle bli alkoholikar?  Dette filosoferer han ein del om sjølv.  Er det i genane? Kor tid vart han det? Vi følgjer han gjennom behandlingane etter den såkalla Minnesota-modellen. 

Eg synest dette er den mest interessante delen av boka.  Her legg han ikkje noko mellom.  Han saboterer det første opphaldet, og meiner seg overlegen.  Men til slutt får han hjelp på Island. Også her prøver han å rømme frå opplegget, men vert henta av politiet.

Noko AA vil han ikkje høyre om.  Han er totalavhaldsmann, ikkje tørrlagt alkoholikar. Kanskje verdiane frå oppveksten sit i?

Eg likte boka, sjølv om eg fann ho noko langdryg innimellom.  Les og vurder sjølv!