Her om dagen lærte eg at mange lærarar med meg går rundt og trur dei er vennlege, men bestemte. I verkelegheita ser ein kanskje rett og slett sur ut! Tipset var å sjå seg sjølv i spegelen, og øve medan ein studerer seg sjølv. Ja, ja, det kan vel vere eit tips for fleire yrkesgrupper.
I dag var eg sendt i oppdrag. Frøkna fekk hjelp av brørne til å kjøpe seg ny mobil førre veke. Ho var svært nøgd med kjøpet heilt til venninna to dagar etterpå for ut på same butikken og kjøpte seg sameleis til same pris, men fekk med både minnekort og "høgtalar". Frøkna føler det heile svært forsmedeleg. Mobilen var kjøpt med eigne midlar.
Faren, som berre er vennleg, stikk innom butikken og får vite det slett ikkje er sikkert at dei har kjøpt same abonnement, og at tilboda kan variere frå dag til dag.
Så måtte eg, som veit å gjere meg både bestemt og morsk, ta med meg den misfornøgde kunden ut att på butikken. Eg hadde sjølvsagt forsikra meg om at dei hadde kjøpt heilt like telefonar.
Å, jauda, dei hugsa det heile. Eg oppga namna til dei to jentene, og bad dei sjekke at det dreia seg om same telefonen. For det var ein eldre bror som var med og kjøpte. Jau, det var det. Men så var det dette med dei ulike tilboda på dei ulike dagane! "Det går ikkje an å behandle to kundar så ulikt", hevdar eg. Her gjeld det å bruke få ord og sjå morsk ut. Ordet er deira. Det vart noko kviskring bak disken og på bakrommet. Dei forhøyrer seg med frøkna og får vite akkurat kva venninna hadde fått. "Og det var no så merkeleg at ikkje ho hadde fått det og!", sier det idet dei rekkjer henne ei øskje med det som skulle ha følgt med. Vi takka og smilte stort og forlet butikken som fornøgde kundar.
4 kommentarer:
Av og til føler eg faktisk at eplet har falle veldig nær stammen.
Eg kan pgså vere veldig "bestemt" i somme situasjonar.
Hjelpe med å være vennleg men bestemt,eg tar den ganske ofte på butikkane,he he.... og det går som regel greit.
Til mamma; eg deiv vel ei viss opplæring.
Til TP; ein kjem langt med å vere vennleg og bestemt. Eg har til gode å ikkje bli høyrt!
Eg er som regel meir bestemt enn vennlig på butikkane; det virkar det også.Fekk t.d. 1500 kr i avslag på ei oppvaskmaskin!
Legg inn en kommentar