Eg har tidlegare samanlikna Mehlum med Staalesen. Dei har begge humor og ironi smetta inn i forteljinga. Sarkasmane til Mehlum gjer bøkene artige å lese. Boka er skriven i eg-form. Krimhelten heiter Svend Foyn og eig ein St Bernhardshund.
I denne boka reiser han fleire turar til Tanzania der saka har forgreiningar. Eg skal ikkje gje meg til å forklare mysteriet. Det kan ikkje gjerast kortfatta.
Boka høver godt som lydbok.
Eg såg at kvar vaksen person i Hareid ikkje låner meir enn to bøker kvar på biblioteket i året! Lån og les!
4 kommentarer:
Eg skal innrømme at eg går litt i surr når det gjeld krimromanar og forfattarar. Men eg meiner at det er Jan Mehlum eg likar.Har truleg lese denne boka også, men må sjekke bloggen min for å vere sikker. No les eg Min kamp 2. Knausgård kan SKRIVE så det er ei fryd å lese. Språket hans er litt gammaldags og på ein måte poetisk.
Det er han med St Bernhardshunden! Skulle ha skrive det i innlegget ...
Eg ser av bloggen at eg har lese denne boka, men ikkje skrive noko om den.Eg likar denne forfattaren , detektiven Sven Foyn og hunden Hulda.(Mykje betre enn VV)
Som krim, ja. Men sikkert verre å filme.
Legg inn en kommentar