fredag 27. august 2010

Bok 38: Frå Tønsberg til Dar-es-Salaam

Eg har tidlegare samanlikna Mehlum med Staalesen.  Dei har begge humor og ironi smetta inn i forteljinga.  Sarkasmane til Mehlum gjer bøkene artige å lese. Boka er skriven i eg-form. Krimhelten heiter Svend Foyn og eig ein St Bernhardshund.

I denne boka reiser han fleire turar til Tanzania der saka har forgreiningar.  Eg skal ikkje gje meg til å forklare mysteriet.  Det kan ikkje gjerast kortfatta.

Boka høver godt som lydbok.
Eg såg at kvar vaksen person i Hareid ikkje låner meir enn to bøker kvar på biblioteket i året! Lån og les!

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg skal innrømme at eg går litt i surr når det gjeld krimromanar og forfattarar. Men eg meiner at det er Jan Mehlum eg likar.Har truleg lese denne boka også, men må sjekke bloggen min for å vere sikker. No les eg Min kamp 2. Knausgård kan SKRIVE så det er ei fryd å lese. Språket hans er litt gammaldags og på ein måte poetisk.

solveig sa...

Det er han med St Bernhardshunden! Skulle ha skrive det i innlegget ...

Besta sa...

Eg ser av bloggen at eg har lese denne boka, men ikkje skrive noko om den.Eg likar denne forfattaren , detektiven Sven Foyn og hunden Hulda.(Mykje betre enn VV)

solveig sa...

Som krim, ja. Men sikkert verre å filme.