onsdag 31. desember 2008

Nyttårsfeiring

I dag kom snøen! Det er ein fordel med snø når det vert sendt opp rakettar.....
Til middag har vi pinnekjøt og mor som på julaftan. Til dessert vart det hermetiske plommer (gåve) med krumkaker og krem.

I dag får de ikkje sjå vindauget mitt. For det første har den over 20 år-gamle sjuarma lysestaken takka for seg. For det andre har julestjernene tapt seg. Eg som har skrytt av at mine brukar å leve til påske.

Vi er heime "åleine" i dag også. Ungane fer hit og dit. Vareteljing klokka 11 i morgon tidleg legg nok ein dempar på mi rangling. Konfirmanten skal vere med og tene pengar til Fredsreise til hausten.

Godt nytt år!

Eg vil ønskje alle blogglesarane eit godt nytt år!

Før jul vurderte eg å legge ut denne videoen, men synest den var litt brutal. Dessverre har den vorte meir aktuell i løpet av jula.


tysdag 30. desember 2008

Romjulsmoro

Her på Hareid er innandørsturneringa i fotball 4. og 5. juledag det heilt store. Studentar og andre som er heime på juleferie deltek. Begge laga som gutane her var med på, rauk ut i semifinalen.





Fisk! Rimeleg, sunt og godt!

Dette er ein populær måte å lage til fisk på her i familien. I dag fileterte eg ein ørret/aure frå Prix til 25 kr. kiloen. Torsk og sei eignar seg godt og vert saftig og god.


Nedst i forma legg eg grønsaker. I dag hadde vi tomatar i skiver, purreløk i ringar og gulrøter i små stavar. Så legg eg fiskefiletane oppå. Eg skjer (meieri!)smør med ostehøvel og legg oppå fiskefiletane. Til slutt krydrar eg med fiskekrydder, salt og pepar. Dekk med folie og steik ved 200-225 grader i ca 45 minutt.

Smøret smeltar og trekkjer gjennom fisken og ned til grønsakene.

Server med poteter.

søndag 28. desember 2008

Ting og tang












Eg veit ikkje om det berre er eg som finn ting til meg sjølv når eg er på julegåvehandel?
---
Silikonunderlaget fann eg på Nille. Eg var litt skeptisk på om det ville ligge i ro på benken, og om det ville bli lettvintare å vaske dette enn kjøkenbenken. Det siste kjem sjølvsagt an på kva kjøkenbenk du har. Min er begynt å bli gammal. Det er ofte meir arbeid med reingjeringa enn med bakinga. Underlaget eignar seg godt til kjevling og brødbaking. Det ligg ikkje heilt i ro når eg trillar rundstykke med begge hender. Men likevel, reinhaldet er kjempeenkelt anten ein tørkar av det eller vaskar det i oppvaskvatn. Eg tek ikkje sjansen på å vaske det i oppvaskmaskina.
---
Bakeplata kjøpte eg på Jernia. Den er i same merke som dei nye brødformene mine. Her også er reinhaldet kjempeenkelt. Eg kjem til å bruke det mest til bakst som vert best utan bakepapir som til dømes focaccia.
---
For begge desse produkta gjeld det; hald kniven langt unna!
---
Innimellom baking og middagslaging har eg kosa meg med te og bok. "Kose seg" er kanskje ikkje rette ordet for denne boka. Ho er ikkje noko for sarte sjeler.

4. juledag kl 12


laurdag 27. desember 2008

Kvardag og julefest



For oss vaksne er det vel litt "dagen derpå" i dag. Huset har behov for ein innsats i form av t.d. støvsuging og klesvask.

For ungdomane er det nok "dagen før dagen". Grendacupen begynner i morgon.

Eg har ein merkeleg vane/uvane. Eg brukar så og seie aldri hugselapp når eg handlar. Når eg går ei runde på Prix, veit eg kva eg skal ha. Det er sjeldan eg gløymer noko. Men same idé kan dukke opp to dagar på rad. Det kan vere 5 år sidan sist eg kjøpte ei flaske eddik, men då kan eg kjøpe eddik to dagar på rad. Denne jula har eg kjøpt dobbel dose av to ting, grøne erter og H-mjølk. Ertene står seg. Det er verre med 6 liter H-mjølk. Heldigvis går mjølka ikkje ut på dato før den 30. I dag vart det graut og spekemat med mandelpoteter til middag.

Fantasien er ikkje så god når det gjeld "mat på fat", så det vert skillingsbollar i dag og.

fredag 26. desember 2008

Musikk i bilen



Når vi køyrer bil er det kvar sin veg å sitte framme og bestemme musikk. Etter eit par ABBA-låtar bad eg om nåde. Då vart SmokieCd-en tatt fram. Den vekker mange minne. Eg meiner eg hadde kassetten med bilde av gruppa utanpå. Musikkvideoar såg vi vel ikkje før på 90-talet då vi fekk oss parabol og VH1.

2.juledag

I dag var nesten heile gjengen samla i Ørsta. Søskenbarna finn tonen med ein gong. Dei små leikar seg fint medan dei store spelar spel. Vi vaksne får prate og kose oss.

Berre eit skår i gleda, til skrekk og advarsel, knivsliping fører til skarpe knivar som......

torsdag 25. desember 2008

Hareid 1. juledag

Ikkje kvit jul i år heller....

onsdag 24. desember 2008

God jul!

Då vil eg ønskje alle blogglesarane ei riktig god jul. Vi er det ungane kallar "åleine på julaftan" dvs. "berre" oss seks. Til middag serverer vi pinnekjøt og Brudevollmôr medd rabbestappe og poteter. Til dessert vert det krumkaker m/krem og hermetisk frukt i år.

tysdag 23. desember 2008

Kransekakevitsar

Kva er det som er så artig med kransekakevitsar? Hattane?

Smellbonbongane?


At dei som les dei ikkje alltid forstår dei? Eller er det rett og slett vitsane?
Døme:
Har dere sekksual-opplytsning på skolen? nei bare vanli takbelysning
Jeg er sikker på at min mann er meg utro. Ingen av barna ligner på ham.
Er det guffent å være regnskapsbud? Neida! Alle steder er folk venlige mot meg og ber meg inderlig om å komme igjen en annen gang.
Kone, jeg trenger en ny hobby, jeg begynner at male igjen. Utmerket, du kan starte med kjøkkenet.
ps.
Eg er ikkje ansvarleg for rettskrivingsfeila.....



23.desember




I dag har vi hatt julegåveutvekslingtreff her hos oss. Vi er no 18 med stort og smått. Fotoapparatet mitt har visst stilt skarpt på duken, så eg håper Margrete har skarpare bilde!


måndag 22. desember 2008

No har vi vaska golva

I dag har vi kosa oss med å førebu slektstreff i morgon. Etter at vi hadde sett karamellpuddingane i omnen, handla vi mat og litt småtteri. Desse striesekkene fann vi på Nille. Gjett kvar dei skal!

Sidan keeperen skulle på trening, vart det bytur på oss også. Blogglesarane har kanskje fått med seg at eg ikkje har støtta veldedige prosjekt når eg har kjøpt julegåver i år. Så i dag slo eg til med rettferdige roser, til meg sjølv.
No er nok kjøtet til suppa ferdigkokt i panna til høgre. 15-literspanna bak kjøpte eg på eit kupp i haust. Ho er like vid som pinnekjøtpanna, men dobbelt så høg.
Då gler vi oss til i morgon!

søndag 21. desember 2008

Krumkaker


Det har vorte ein tradisjon at eg lagar krumkaker medan Øystein og ungane hentar juletre. Krumkaker står seg ikkje så godt som andre småkaker.
Eg laga ein enkel middag slik at vi skulle få lyst på dessert. Dette er vel den minst mislukka krumkakeskåla fylt med vaniljekrem (nærma seg "best før", krem og hermetiske aprikosar.
Oppskrifta eg brukar er den same som Wenche på TV2, lik vekt av egg, sukker, meierismør og mjøl. Mamma kjøpte to jarn og gav meg det beste. Det steiker tynne krumkaker i motsetnad til det vi har på skulen. Kunsten er å ha i passeleg røre slik at den ikkje kjem ut for kanten. Alle eventuelle bevis på at det har skjedd er no oppetne.

laurdag 20. desember 2008

Årets bok


Eg har lova blogglesarane å kåre årets bok.

Sidan det snart er julaftan, kan det hende at nokon er ute etter gåvetips også.

Akkurat no held eg på å lese Mengele Zoo som er kåra til "Folkets favoritt". Likevel tek eg sjansen på å kåre Mustafa Can si bok "Tett inntil dagene" til den beste boka eg har lese i år. Det er ei fantastisk bok. Les meir om boka her om de vil.

fredag 19. desember 2008

torsdag 18. desember 2008

Juleball

I dag har mor og son vore på juleball.
Bildet over er frå i dag. Bildet under er frå i fjor under tittelen "En gang skal lillebror selv bli stor". I år ser de at han er blitt "større enn mor.




onsdag 17. desember 2008

Fleire former

Denne forma var visst svært populær blant innbyggjarane på Flø, fekk eg høyre.

Peparkaker

Når ein driv med matlaging på jobb, er det ikkje alltid ein er like opplagd til å bake når ein kjem heim. Men i år slepp eg visst unna med deiglaging både her og der.

I dag tidleg laga eg to store deigar til lussekattar, noko forseinka sidan tentamen og juleverkstad kom i vegen. Men 100 lussekattar forsvinn på eit blunk i kantina.

Pageturner


Bokkilden omtalar romanen som "ein spennende pageturner av en roman".
---
Kva tyder pageturner? At romanen er så spennande at ein berre må bla om til neste side?
I går gjekk ein eksta halvtime etter tysdagsturen for å få høyre meir.
---
Jo Nesbø har funne seg ein ny hovudperson. Han er headhunter og kunsttjuv. Her vert mange overraskingar undervegs. Viss eg skulle gitt eit lite minus, måtte det vere for litt uappetitlege episodar undervegs. 6- med andre ord.

tysdag 16. desember 2008

Juleverkstad


I dag har vi hatt juleverkstad/aktivitetsdag for over 200 elevar på ungdomsskulen. På skulekjøkenet har eg hatt ansvar for peparkakebaking. Deigane laga eg i går. På teoriromet styrer to lærarar marsipangruppa. I tillegg kokar ein gjeng 10-andeklassingar graut saman med to lærarar. Grauten sel dei i matfriminuttet.
---
Rundt om på klasseromma er det ulike formingsaktivitetar. Elles tek vi i bruk gymsal og treningssenter. 9-andeklassingen her i huset har hatt 3 timar spinning og 3 timar hallaktivitet.
---
I år gjorde vi ein ny vri; Middag på hotellet klokka 14.30. Det var godt å sette seg til duk og dekka bord etter ein aktiv dag!

søndag 14. desember 2008

Tragedie

I dag fekk eg telefon om ar korpskonserten vert avlyst.
- Har det skjedd noko? var min første reaksjon.
Eg fekk vite at det har vore ein dødsbrann i Herøy.
Hareid kyrkje vert opptatt.
Han kan ikkje seie meir.
Det fer mange tankar gjennom hovudet.
10-klassejentene "mine" har kjærestar frå Herøy.
Ein treng ikkje spekulere lenge i våre dagar.
Gutane får vite namna på MSN.
Jenta er tidlegare elev.
Dette er ufatteleg trist.
Kvifor må slikt skje? Og kvifor så nær jul?

Siste Staalesen


Lydboka lever opp til forventningane.
---
I denne boka får alle som vil hindre barnevernet i å gjere jobben sin, sine pass påskrivne. Nokre par har slått ring om ein familie som slit. Det forlengar problema i familien og får uante konsekvensar.
---
Varg Veum er best på lydbok. Alle lydbokskeptikarar bør starte med Staalesen sine bøker opplesne av Lasse Lintner. Han les bøkene med den forteljarstemma dei fortener. Bøkene er skrivne i eg-form. Filmane får ikkje fram sjela til Veum. Det gjer Lintner. I tillegg gjev han dei andre personane i boka karakter i form av ulike dialektar.
---
Eg synest språket i bøkene er det beste. Staalesen er ein meister i samanlikning. Ein kunne sikkert skrive ei avhandling om som-bruken hans. Eg storkosar meg over sarkasmer og artige samanlikningar.

laurdag 13. desember 2008

Julestrid og førjulstid


Den nye julestria no for tida trur eg må bli alle arragementa før jul. Gutane har hatt fotball som fritidsaktivitet, og då ligg aktiviteten til 2 dagar i romjula, Grendacupen.
---
Men dei som er medlemar i korps og kor har det travelt. Mora eg sat saman med på musikkskulekonserten i dag, hadde låkt i kjevane av for mykje korsong. Kanskje ho syng om natta og, tenkte eg for meg sjølv.
---
I dag fekk alle som hadde lyst opptre. Dei hadde sett saman ein del grupper heldigvis. Likevel tok det nærare 2 timar. Eg tok det som rein avslapning. Mange er sjølvsagt veldig flinke!
---
Seinare på dag køyrde vi Olaug til Brandal der ho åt julemiddag med korpset.
---
P.s.
I dag hadde eg gløymt fotoapparatet. Bildet er frå konserten i oktober.

fredag 12. desember 2008

Krigsskade


De har sikkert sett reklamen der folk blir skada fordi dei ikkje har puter å slåst med. Reklamen har mint meg på at puta mi har blitt noko utsliten. Det var ei dyr pute i si tid, men butikken eg kjøpte den i har flytta for mange år sidan, så det må ha vorte nokre år sidan.
Prinsessbutikken i Ørsta ligg på ruta mellom tannlegen og Amfi. Onsdag slo eg likegodt til med den dyraste, dess meir sparer ein når det er halv pris. Og ei god pute er avgjerande for nattesømnen.
I går vakna eg litt stiv i nakken, men det gjekk fort over. I dag tidleg kunne eg berre snu hovudet nokre få grader mot høgre. Midt på dagen kom eg på syndaren; den herlege, mjuke dunputa!
No spørs det. Skal eg leite fram att den gamle, flate, eller skal eg satse på at nakken venjer seg til gode dagar, eller rettare sagt; netter.
p.s.
Nakken har kome seg etter nokre timar på jobb og ein gåtur der eg fekk varme i heile kroppen.

torsdag 11. desember 2008

Nobelprisvinnar.


Eg skreiv særoppgåve på gymnaset om Sigrid Undset, Kristin Lavransdatter og Olav Audunsønn. Bøkene fascinerte meg dengong. I 10-ande meinte vi at det kunne vere kjekt å sjå ein film før jul Vi har to dobbeltimar i norsk, så vi kan sjå filmen i to eller tre delar.
---
Då eg var ung, kunne eg ikkje forstå kvifor ho ikkje ville ha Simon Darre. Var han fetladen? Det er i alle fall ikkje Jørgen Langhelle som spelar Simon i filmen. I 1995 var eg einig med meg sjøl, og enno irriterer det meg at ho er så naiv.
---
På førehand var eg litt skeptisk på om filmen ville fenge gutta i 10B. Men her er nok dramatikk foreløpig! Dei religiøse sidene av filmen er eg spent på om nokon får med seg.
---
Det er artig å møte att handlinga av ei bok ein las då eg var 18 og såg filmen til då eg var 32. Som 45-åring trur eg at eg ser endå fleire element i historia.
---
Sigrid Undset fekk Nobelprisen i litteratur for bøkene om Kristin Lavransdatter og Olav Audunsønn i 1928. Eg meiner dette er bøker som held seg.

tysdag 9. desember 2008

Fruktkake

Denne kaka bakte eg to av i fjor. Mamma la den ut på sin blogg i fjor, men det er det kanskje mange som ikkje har fått med seg. Kaka er kjempegod og relativt sunn. Sidan det er same arbeid og rot med store kaker som med små, dobla eg oppskrifta og brukte ei stor form.

Bland saman i ein bolle:
4 dl kveitemjøl
3 dl sukker
2 ts bakepulver
2 ts (ekte!)vaniljesukker

Pisk lett saman 6 store egg og slå over det tørre. Bland saman.
I mamma si oppskrift stod der med slikkepott, eg brukte Kenwooden.

Oppi dette har du 1 l paranøtter og 1 kg tørka dadlar utan stein eller anna tørka frukt.
Du skal ikkje dele opp nøtter og frukt.

Eg brukte:
3 pakkar paranøtter a 200 g (19,90 pr pakke på Spar)
3 pakkar dadlar
2 pakkar aprikosar

Steik 1 time ved 150 grader.

Når kaka er ferdig, bør den pakkast i folie og leggast til modning, står det i oppskrifta. Eg var snar og gøyme kaka i går kveld. I dag tidleg pakka eg den inn og la den i frysaren. Modninga får vi ta att i jula når folk ikkje er så hekne. Klok av skade:2 av vørterbrøda mine forsvann i løpet av kort tid. Men så er det no noko spesielt med "varmt hvetebrød".



måndag 8. desember 2008

Kvalitetskrim


Blogglesarane har kanskje fått med seg at eg likar å lese om journalisten Annika Bengtson. Denne boka vart kanskje vel infløkt når det gjeld sammenhengar og intriger. Ein skal henge godt med når ein les den som lydbok.
I denne boka har ho borna annankvar veke og er dermed fri til å reise på småturar ut i verda. Thomas meiner han no har fått hovudansvar for ungane. Privatlivet hennar er ei bok i boka......
Terningkast 5 frå meg!

søndag 7. desember 2008

Kva sa presten i dag?


...At for den summen ein spytta inn for å redde dei som har spelt med pengar for å bli rike, den såkalla finanskrisa, kunne ein ha avskaffa fattigdomen i verda.
Av 100 verdborgarar er det 1 som har PC og 30 som kan lese.
Elles var det ei flott lysmesse der konfirmantane tok del . Berre ei oppgåve vart forsømd. Ingen samla inn offeret som skulle gå til nye konfirmantkapper.

Vørterbrød (fire runde)


100 g margarin
2 1/2 dl sirup
2 flasker vørterøl
1 1/2 pk gjær+
1 kopp lunka vatn
1 kg fint (sikta) rugmjøl
ca 1/2 kg (7 1/2 dl) kveitemjøl
1 ts salt
1 ts anis (malen)
1 ts allehånde
2 pk rosiner
Pensle med sirup i vatn (lunka)
Steikast ved 175 grader i 50 minutt.
Eg brukar å lage 3 avlange brød.

Når dagane vert korte

Det største problemet her er ikkje at nettene er så lange, men at dagane vert for korte. Fredag begynte middagen på hotellet med Utdanningsforbundet klokka 18. Sjølv om eg slutta å undervise klokka 14, skulle det både handlast til skulekjøkenet og til helga. I tillegg må ein smette inn middag til familien og hårvask.

I dag må vi dele oss. Korpskonserten i Leikong Kyrkje klokka 18 kolliderer med lysmessa i Hareid kyrkje klokka 19.
---
Eg møtte på ei forkava fembarnsmor her ein dag og drog den at "Det er nesten godt når det kolliderer når det er så mykje". "Ja, du må ikkje snakke", svarer ho,"Men er det fire ting, då vert eg handlingslamma og vert heime. Saknar dei meg tre plassar, kan dei like godt sakne meg fire."
---
Det er lenge sidan eg har innsett at eg ikkje rekk å lage "alt" til jul. Kva skal ein prioritere? Sju slag d.v.s. småkaker, eller det ein likar? Eg kom fram til at eg har mest lyst på vørterbrød og gjærbakst. Det er ikkje så stort resultat på ein fridag, men i tillegg til dette skal alt det usynlege husarbeidet gjerast. Det vil seie det viser godt viss ein ikkje gjer det. Så no er uniformsbuksa passeleg sid, klesdungen har minka og middagen står på bordet til keeperen kjem heim. Dei vann innandørsturneringa i dag. Då vi andre sette oss ned og åt middag låg dei under 0-3 og då vi hadde ete ferdig, hadde dei vunne 4-3.
p.s.
Eg kjem attende til mormor si oppskrift på vørterbrød.

laurdag 6. desember 2008

Gåveutveksling i rosenes by

I dag har vi vore på den årlege julegåveutveslingsturen til Molde. Tradisjonen tru måtte vi innom Roseby, kjøpesenteret som har fått namn etter byen. Der var ikkje verande. Vi hadde eit par erænd. For det første måtte vi kjøpe ei uniformsskjorte til korpsmusikaren. Vi stod 10 minutt i kassakø. Det var lite freistande å gå på andre klesbutikkar. Men billeg var der! Eg har ikkje opplevd så mykje halv pris i desember før.
Over Ørskogfjellet var det skikkeleg kaldt vinterføre. Konfirmanten stod for musikken.
På heimturen insisterte eg på å høyre Norsktoppen. Frå ferieturane har eg fått med meg at den no er om laurdagane i sekstida. Men norsktoppen i 2008 kan ikkje måle seg med Norsktoppen på 70-talet. Eg hugsar då eg fekk meg kassettspelar med opptaksmulegheiter. Den kjøpte eg meg for konfirmasjonspengane, og eg hugsar godt at den kosta 2200 kr. Det var ein formue. No får ein vel tilsvarande for under 1000-lappen.
Det var to program ein måtte følgje med for å få bra songar på opptakskassettane. Det var norsktoppen og..... Ja, kva heitte det andre programmet vi høyrde?

torsdag 4. desember 2008

Kor gammal er gjæren?








I går hjelpte eg nokre damer frå K-gruppa med lefsebaking på skulekjøkenet. Ei hadde med seg deig med mykje smør og sukker. Dei var det hornsalt i. Vi andre baka etter Anna Bjåstad si oppskrift. I den er det både gjær og bakepulver.



Eg meiner at den oppskrifta må vere ganske ny. Den er også å finne i ei Espelid-bok. Alle var samde om at den oppskrifta var god å kjevle ut. Når vi bakar med 9. klassingane fungerer den godt. De finn den på bloggen på november i fjor.

I boka "Ta kaka" kan ein lese mykje om baketradisjonar, men eg finn ikkje tidfesta gjæren. Idun har selt sidan 1883.

Poteta gjorde det lettare å halde gris. Hadde ein gris, hadde ein smult. Jerngryta kom på slutten av 1700-talet. Smultbaksten var den første småkakebaksten.

Den eldste julekaka var vørterbrødet. Det kunne steikast i jerngryte med lok. Rosiner og krydder hadde ein tilgang til sidan tidleg på 1700-talet. Det var rug som var det kornslaget ein hadde tilgong på.

No skal eg ikkje trøtte blogglesarane med meir historie i dag, berre sitere ei av damene i går: "Eg er forundra over at det går an å sitte lenge og snakke om lefser."