I dag får de ikkje sjå vindauget mitt. For det første har den over 20 år-gamle sjuarma lysestaken takka for seg. For det andre har julestjernene tapt seg. Eg som har skrytt av at mine brukar å leve til påske.
Vi er heime "åleine" i dag også. Ungane fer hit og dit. Vareteljing klokka 11 i morgon tidleg legg nok ein dempar på mi rangling. Konfirmanten skal vere med og tene pengar til Fredsreise til hausten.
3 kommentarer:
Dokke får ha ei fin feiring sjøl om det er nokre som ikkje er heime;) Eg er glad for at eg ikkje skal opp på varetelling i morgon tidleg!!
Godt nytt år!
Det var i alle fall eit fint dekka bord! Her hadde vi svineribbe med skikkelig SPRØ svor+ hermetiske kirsebær(frå Hareid) med krem ! Einaste nyttårsforsettet eg har er å komme tilbake til normalt kalori-inntak. Godt nytt år!
Godt nytt år!
Legg inn en kommentar