laurdag 20. desember 2008

Årets bok


Eg har lova blogglesarane å kåre årets bok.

Sidan det snart er julaftan, kan det hende at nokon er ute etter gåvetips også.

Akkurat no held eg på å lese Mengele Zoo som er kåra til "Folkets favoritt". Likevel tek eg sjansen på å kåre Mustafa Can si bok "Tett inntil dagene" til den beste boka eg har lese i år. Det er ei fantastisk bok. Les meir om boka her om de vil.

3 kommentarer:

Besta sa...

Ja, denne boka er god ! Eg har nemlig også lese den.Den er enkel og grei å lese,og gir oss ei gripande skildring av korleis det er å forlate landet sitt og leve som flyktning i eit framandt land. Eg vil tilrå alle som ikkje har lese den å gjere det!

Elin sa...

Då prøver eg meg på biblioteket i morgon, tusen takk for tipset!
Eg var ganske oppdatert på bøker før, men dei siste åra har eg ikkje funne roen til dette, og det er beklageleg. Det er ikkje nok å lese eit par sider om kvelden før augene dett igjen. Må prøve å finne ut av dette, kanskje med denne boka!

solveig sa...

Og mora si historie/skjebne er berre utruleg. Eg las den i papir, men for dei som ikkje finn roa er lydbok eit alternativ. Golvvask og krumkakesteiking t.d. krev lite tankearbeid. Aller helst likar eg å gå ein tur med bok på øyret.