fredag 27. juni 2008

Örebro here we come!

I morgon tidleg set vi kursen mot Örebro, Sverige. Ungane gler seg til Skandinavias flottaste badeanlegg. Det vert same reiserute som før. 1. stopp Trollveggen, 2. Dombås, 3. Mc Donalds på Lillehammer osv.

Heime passar to myndige menn huset, og naboane har heimeferie. Viss ikkje, trur eg at eg ville ha tatt ei lengre bloggpause slik eg ser andre gjer om sommaren, slik at ikkje folk kan følgje med dei.

Eg er tilbake om vel ei veke!

Vi har blitt begava

Vi har fått mange nyttige og kjekke gåver i det siste. I dag har eg arbeidd meg gjennom denne gåva produsert av http://www.saapesalg.com/. Nye klutar og såper gjer det kjekkare å vaske. Ein kjenner til slutt ikkje lukta dersom ein brukar same parfymen heile tida. Men eg ville lyge om eg sa at eg vart like inspirert av såpene som av brødformene.

Framleis favoritt

Torsdag for ei veke sidan plukka eg inn 5 peonar i knupp. Framleis blomstrar dei. Eg har dei ståande oppå omnen i stova no når vi ikkje fyrer, så får vi nyte dei mest muleg.

torsdag 26. juni 2008

Dei nye tinga frå 80-talet

I dag ringte eg til Ulsteinvik for å høyre om MP3-spelarane hadde kome. Nokon bomtur hadde eg ikkje lyst på i det fine veret. Jammen hadde dei skaffa MP3-spelarane! Dei var med i ein stor annonse på baksida av Vikebladet, så eg hadde kommentarar klar i tilfelle det motsette hadde vore tilfelle... Så no er bilferien redda! Dei to i baksetet slepp å høyre på foreldra sin musikk!

Dei gullelokserte brødformene mine som var flotte på tidleg 80-tal, har eg no innsett har sett sine beste dagar. Når eg har laga karamellpudding, har eg smelta sukkeret rett i formene. Brøda har begynt å sette seg fast i formene. Derfor har eg laga brød i langpanna i det siste. Sidan eg først var i Saunesmarka, stakk eg innom Jernia og kjøpte 3 slike former. Eg synest det var kjekt med ny fasong. No går det berre to former i steikeomnen om gongen, men som de ser, kan eg lage større deig enn den på 1,1 l væske som eg gjorde. Eg kan nok trygt lage deig på ca 1,3 l væske og 2 kg mjøl. Det er høveleg i Kenwooden. Sleppbelegget var kjempegodt! Først smurde eg med margarin, så prøvde eg å spraye olje. Begge deler gjekk heilt flott! Formene er dessutan heilt "reine" etter bruk, så med jamn bruk ser eg ingen grunn til å vaske dei i tide og utide.

onsdag 25. juni 2008

Meir om spesiell bok

Klikk deg inn her om du vil lese bakgrunnsinformasjon om boka under!

Spesiell bok

Eg har fått høyre at dette er minst ein lektor sin favoritt. Kanskje fordi hovedpersonen er ein desillusjonert lektor? Dette er ei kort og spesiell bok. Absolutt verd å lese!

Gratulerer Audun!

I dag kan vi gratulere Audun med sertifikat!

I gårkveld tok han bussen inn i Ørsta for å få ekstraundervisning med morfaren. I dag køyrde han opp. Vi andre oppheldt oss i Starevegen medan Øystein hadde eit par ærend i bygda. Erlend skulle til helsesøstra i Volda, så vi møtte Margrete og dei yngste borna.

Vi har mimra om då vi tok sertifikat, og som vanleg hugsar vi ulikt!

tysdag 24. juni 2008

Gratulerer Einar!



Einar svergar sjølv til det han kallar husmannskost. No er han ingen grautelskar, så vi har feira dagen med tradisjonsmat, kjøtkaker og tilslørte bondepiker.

Veret i Örebro

Nokon har begynt å følgje med på veret i Örebro. De finn også anna informasjon på denne sida.

måndag 23. juni 2008

Varg Veum

No har eg sett filmar, lytta til lydbøker og lese bøker om Varg Veum: Konklusjon?

Varg Veum er best på lydbok! Lese på bergensdialekt, får ein Staalesen sin sarkasmar og språklege blødmer slik dei skal vere.

Filmane er absolutt grei krim! Men Varg er for pen og manglar dialekt. Det visste vi på førehand. Også at filmane er lagt til vår tid. Heilt flott så lenge ein ikkje har lese bøkene. Men vi likar Varg, og Floberg er flott som Hamre. Eit sammansurium av dialektar gjer at ein lurer på om filmane er laga for utlendingar! Eg trur ikkje eg har lese dei første bøkene. Dei som har gjort det meiner dei er omskrivne. Først i siste scena i tredje filmen tyr Varg, og Hamre, til flaska.

Jonsok

Øystein fekk ei flott Astrup-bok til geburtsdagen sin. Eg har alltid likt bileta hans. Kanskje vi legg turen innom museet seinare i sommar? Eg har vore der, for over 20 år sidan.

Eg har vore skeptisk til jonsokfeiring i heile dag. Ei dame eg møtte i Vik hadde sett på yr.no at det skulle bli opphald frå 18-20. Det står att å sjå. Vi har nettopp ete ei stor panne med rømmegraut. Keeperen og journalisten (med eksamen (ein intern vits på Hareid)) har sett kursen mot Høddvoll.

Ærendet vårt i Ulsteinvik i dag var å skaffe dei to yngste MP3-spelarar til ferien. Som tidlegare nemnt på bloggen, er eg av dei som tek imot reklame i posten. Omtrent kvar veke dumpar det oransje reklameaviser ned i postkassa med gode tilbod. I dag fekk vi sjå kva som skjer når ein vil slå til på eitt av tilboda; "Nei....... dissa he'kje oss fått inn.... "(Febrilsk leiting etter annan ekspeditør)Nei.... "No reiser eg på ferie fredag og håper at de får dei inn til då!" seier eg for å kome dei i forkjøpet om at dei i det heile tatt skal selge desse. I fjor var eg innom fleire butikkar nedgjennom Gudbrandsdalen for å få tak i ein. Det var i den konkurrerande kjeden.

No får vi sjå om dei får inn MP3-spelarane til torsdag som lova. Eg bad dei legge til side 2 stk. Viss ikkje er det svært freistande å be dei om å slutte å sende ut tilbod i posten!

Gratulerer Øystein!

Vi har feira dagen (og feriestart) litt på førehand. Kompisane kom med dette bildet i A4-format.

søndag 22. juni 2008

Min sommarhit

Eg ser der ligg ute ei oppfordring på bloggar om å kåre "din sommarhit".
Denne hugsar eg godt frå min barndom (11 år i 74), og den har fått ein ny dimensjon etter at eg begynte å forstå teksten.

Eg fann også ei ny utgåve av songen med tekst.


Midtsommar - eller Sonja og eg

Midtsommarbuketten skal vere i alle slags fargar, og ein kan blande inn ville blomster, las eg i avisa. Eg omtrent røska inn desse blomstrane frå hagen i høljregn i går. I dag har det skine opp så pass at vi fekk grilla grillmaten som var i ferd med å gå ut på dato.

laurdag 21. juni 2008

Forseinka gratulasjonar

Det har vore ei travel veke med avslutningar, blåtur, og ikkje minst opprydding. Men no har vi fått ferie og går snart ned for landing, håpar vi.

Eg kom over dette bildet av strikkemor(o) då Olaug ville sjå barndomsbilde av meg. Og då nyttar eg høvet til å gratulere med overstått!

fredag 20. juni 2008

Eit lite apropos til vaksne born.

Dette er nok det siste bildet som er tatt av farmor og hennar born.

Margrete 40 år

Vi gratulerer så mykje med dagen i dag!

måndag 16. juni 2008

Ungdomslitteratur

Hermann stod på pensumlista til elevane eg skulle vere sensor for. Eg var litt lei meg for at eg ikkje hadde lese den. Heldigvis hadde ikkje læraren valt å lage oppgåve om den. Etter briefinga dagen før var eg innom biblioteket. Når boka låg der, såg eg på det som ein "styrelse". Herleg enkel å høyre! Oddvar Hellan er ukjend opplesar for meg. Han les heilt tilforlateleg.

søndag 15. juni 2008

Grei krim

No har eg lese ut denne krimboka. Eg har slite ein del med spanske namn. Kanskje det seier noko om hjernen min?

Eg kan også skulde på at det er ei bok i ein serie. Viss eg les ei bok til, kjenner eg helten.

Kanskje eg skal gjere som mamma; Skrive til lydbokforlaget at dei må legge ved ei namneliste, eller kanskje berre ein link på internett, slik at ein kan få ordbilde av namna!

Gratulerer!


Vi gratulerer Hilde med denne videoen!

Vakker musikk



Eg må innrømme at eg måtte inn på YouTupe for å finne ut kva musikk "tantungane" likar. Om gruppa ikkje var så kjend for meg, så var melodien det!

laurdag 14. juni 2008

Om å kjenne seg att....




What Solveig Means



You are the total package - suave, sexy, smart, and strong.

You have the whole world under your spell, and you can influence almost everyone you know.

You don't always resist your urges to crush the weak. Just remember, they don't have as much going for them as you do.



You are well rounded, with a complete perspective on life.

You are solid and dependable. You are loyal, and people can count on you.

At times, you can be a bit too serious. You tend to put too much pressure on yourself.



You are relaxed, chill, and very likely to go with the flow.

You are light hearted and accepting. You don't get worked up easily.

Well adjusted and incredibly happy, many people wonder what your secret to life is.



You are very hyper. You never slow down, even when it's killing you.

You're the type of person who can be a workaholic during the day... and still have the energy to party all night.

Your energy is definitely a magnet for those around you. People are addicted to your vibe.



You are friendly, charming, and warm. You get along with almost everyone.

You work hard not to rock the boat. Your easy going attitude brings people together.

At times, you can be a little flaky and irresponsible. But for the important things, you pull it together.



You tend to be pretty tightly wound. It's easy to get you excited... which can be a good or bad thing.

You have a lot of enthusiasm, but it fades rather quickly. You don't stick with any one thing for very long.

You have the drive to accomplish a lot in a short amount of time. Your biggest problem is making sure you finish the projects you start.



You are deeply philosophical and thoughtful. You tend to analyze every aspect of your life.

You are intuitive, brilliant, and quite introverted. You value your time alone.

Often times, you are grumpy with other people. You don't appreciate them trying to interfere in your affairs.


Kva skal ein seie? Det avnittet med hyper kan de i alle fall sjå vekk i frå!

Dans på roser

M og eg brukar å gjere blomsterkjøp i Kvalsvika kvar vår. I år var vi litt seint ute, så vi bestemte oss for å ta turen ut på planteskulen på Nerlandsøya først. Vi er flinke å støtte kvarandre. Begge enda opp med 4 rosebusker.
Sidan eg har planta opp i dei fleste krukkene mine, vart det ikkje til at eg kjøpte så mykje som vanleg på gartneriet i Kvalsvika. Flittig Lisene var 25 kr stk. God nok grunn til å kjøpe dei! Hengepetuniane skal eg plante i krukka eg fann på hageavfallsplassen. Slike hengepotter som på bildet under, heng der i stort utval. Det er berre vanskeleg å velje! Men uansett kva du vel, flotte er dei, og til 198 kr.
Vidare går turen til byen Fosnavåg. Første stopp er kaffi og ostekake. Deretter oppsøker vi omtrent same butikkane som i fjor. På eit glasmagasin fann eg 4 frukosttallerkar på sal. M viste meg ein Hadelandvase ho har ønska seg eit år. Den var på sal, så eg meinte ho måtte slå til. Ein skikkeleg "Fordi du fortener det"-dag. Og kor mykje pengar vi sparte! (Hm..)
Vel ein time etter heimkomsten, møttest vi att på den årlege ballettframsyning. Det var ein times tettpakka program. Ein ser at det ligg mykje øving og hardt arbeid bak.

fredag 13. juni 2008

Omsnudde roller

I dag har eg vore sensor i norsk som andrespråk. Det var både kjekt og interessant, og ikkje minst travelt. Det var full konsentrasjon frå byrjing til slutt.
Då eg kom heim og opna ytterdøra lukta det grønsåpe og heile huset var reint!

Denne videoen tek eg med som eit lite apropos til mamma sin blogg.
Vinnaren av årets talentkonkurranse i England.

torsdag 12. juni 2008

Heimedag

Elevane mine har hatt heimedag i dag medan 10. har hatt munnleg eksamen. Vanlegvis er vi på skuletur, men den gjorde dei unna forrige veke i fineveret, heldigvis. Eg hjelpte til under eksamenen. No er eg spent på om alle har gjort det dei skal, og om klassestyrarane får inn rapportane. Det var dei som bestemte at det skulle vere heimedag.

Oppgåva elevane fekk var tredelt:
1. Lage middag.
2. Gjærbakst.
3. Vekereingjering av kjøken.

Eg trur det har vore mykje positiv aktivitet rundt om i heimane!

onsdag 11. juni 2008

Kanskje det vert konsert



Denne dama kjem til Molde 17. juli. For to år sidan var Øystein og eg på Sting-konsert. Det var ein flott konsert på ein flott dag.

tysdag 10. juni 2008

Litt humor

Det er sjeldan eg ser videoar saman med elevar. Ein gong eg var vikar skulle dei ha framføring om humor, og ei jente viste denne videoen. Var det berre eg som lo og kosa meg? Ikkje så rart sjølvsagt. Kva veit dagens ungdom om Bee Gees?

Tid for eksamenar og avslutningar

Denne veka er det ikkje mindre enn tre avslutningar for Olaug. I dag sende eg faren på skuleavslutning. I morgon skal eg på konsert. Det er muleg vi stiller begge på ballett på laurdag, viss det då ikkje står ein fotballkamp eller to i vegen.
---
Keeperen har kome opp i geografi. Eg fekk ei sånn "been there, done that"-kjensle. For 27 år sidan hadde bror min, matematikaren, rekna ut kor stort sannsynet var for at både han og eg kom opp i muntleg eksamen. Var det rundt 1%? Det skulle kome opp ei gruppe frå 1. klasse og ei frå 2. klasse. Og kva skjedde? Han kom opp i naturfag og eg historie. Vi låg i kvart sitt hjørne av bogesofaen og las. Eg hugsar ikkje mykje av sjølve eksamenen. Karakteren vart den same som i standpunkt. Men den kvite, nye blusen min vart gul under ermane og kunne aldri brukast meir. Året etter kom resten av klassa opp i ulike fag medan vi som var oppe året før, fekk fri!
---
Fredag skal eg vere sensor i norsk munnleg for første gong.
---
Bildet er frå Skageflå der Øystein var på "avslutning" med jobben fredag og laurdag.

måndag 9. juni 2008

Fotball, fotball og meir fotball.

I dag har Håkon spelt kamp mot Åheim, 4-4. Juniorlaget vann 6-0 over Volda. Eg prioriterte hagearbeid. Siste hand måtte leggast på krukkene. Skvåsjen skal ut, men ikkje i steikane sol, og ikkje i kuling. Åkeren er luka og klar. Finn eg fram fiberduken, vert det vel relativt trygt å plante han ut.

No er det fotball i stova. Håkon har fått på seg Nederland-T-skjorta. Eg har tre DVD-ar eg gler meg til å sjå!

laurdag 7. juni 2008

80 m i Ørsta


Både Håkon og Olaug hadde meldt seg på 80 m i Ørsta i dag. Olaug fekk sølv. Håkon var sikra gull i og med at han var den einaste i si klasse som stilte. Han sprang frå både 13-åringen og 15-åringen og kom inn på ei god tid.

Det vart ein lang dag for utøvarane. Vi hadde fått beskjed om å møte 12.00. Halv eitt kom tidsplanen opp. 80-m starta frå 14.00. Rekruttane sprang 12.30, og så var det ein lang pause. Forrige helg kunne ein gå inn på nettet og finne ut kor tid ein skulle i elden, og så kunne ein legge opp dagen etter det. Nettet er kome for å bli! Eg likar ikkje å kritisere folk som gjer gratisarbeid, men dei har litt å lære frå Dimna.

Vi hadde med Audun innover, slik at han fekk lærekøyre med bestefaren. Han skal køyre opp i slutten av månaden i Ørsta/Volda.

p.s.
I dag hugsa eg kakefata til mamma, men la att fotoapparatet. Eg trur ikkje vi la att noko i Ørsta denne gongen!?

fredag 6. juni 2008

Rosa og raudt

Vi pynta med raudt, rosa og grønt i dag. Fruktspyda med jordbær, druer, kiwi og pære, var populære. To jenter skulle vekk i helga, så det vart ein gjeng på åtte. Tre av dei toler ikkje kiwi. Eg trudde det var ein sjeldan allergi, men det smittar vel litt. Olaug visste om det, så vi kjøpte pærer til nokre av spyda. Elles spanderte eg tre peonar (av 4).

Flaggans dag



I høve svenske flaggans dag, tok eg fram denne handduken frå Ekelund. Eg trur mamma har kjøpt den i Sverige. Den passar i alle fall godt no fram til jonsok.

Kanskje blir det vannkrig....

Anders hadde dei kjekkaste gebursdagane for 10-15 år sidan. Han vert vel 21 år i desse dagar. Nederst på invitasjonane stod det alltid "Kanskje det blir vannkrig". Heime sat to småbrødre og var misunnelege. For nokre år sidan fekk Håkon ein slik invitasjon frå Vebjørn i klassa. Han sukka, endeleg får eg kome i ein sånn geburtsdag!

Olaug laga invitasjonar for ei veke sidan. Vi synest det var optimistisk å skrive "Ta med bikini". Men det vart ståande. Her er det 26 grader, og eg trur det kjem til å bli større behov for drikke enn mat. Vi har kjøpt iste og laga isbitar i tillegg til store mengder brus.

Det står att å sjå om det vert vasskrig!

Olaug 11 år

Bildet er frå 3-årsdagen. Vi bruker å ta eit geburtsdagsbilde ved sidan av den gule rododendronen. Dette var det første eg fann.

Sommaren 1997 kom Olaug til verda. Det var ein nydeleg sommar. Starten på denne sommaren liknar veldig på sommaren 1997. Vi kan no drøyme.

Vatnet gjekk i 6-tida om morgonen 6. juni. Alle naboane fekk sjølvsagt med seg at sjukebilen henta meg. Dei måtte vente heilt til kvelden. Først rundt 17.30 forstod vi at ho ville ut. Olaug vart fødd kl. 8. Ho var ei lita "dukke" på 48 cm 3000g. Og ei dukke heldt ho fram med å vere, av den sorten dei utstyrer unge jenter dei er redde skal bli gravide med. Ho utmerka seg allereie på sjukehuset. Eg ønska at pleiarane kunne passe henne litt om natta, men det var umoderne, dei kom inn med henne ein time etter at eg bar henne inn til dei. Ikkje mykje hjelp å få. Då ho kom heim var ho litt uroleg på dagtid, men tok ikkje laus før gutane hadde lagt seg. Eg prøvde å trille henne, men det fann ho seg ikkje i. Så det vart ein sommar med mykje hopping på golvet. Sommaren vart travel, men vi fekk vere mykje ute. Olaug vaks og utvikla seg heilt normalt.

I dag skal ho ha eit lite selskap med 10 til bords. Vi har invitert dei klassevenninnene ho gjekk i klasse med, og framleis går i klasse med, i tillegg til næraste nabo på 10. Eg har ikkje begynt verken med baking eller pynting. Faren reiser til Geiranger eit par timar før selskapet. Så det er vel eigentleg berre å hive seg rundt!

onsdag 4. juni 2008

Lettlesen bok

Kva er det med denne karen? Kva vil han med denne boka? Hemne seg over "Norges komikerdronning". Han gjer henne sjuk, uberegneleg, uappetitleg, men også tiltrekkande. Ligg det eit hemnmotiv bak? Han vart no dregen fram kvar einaste fredag i ein periode! Kven hemna kven?

Romanen er variabel. Du kan sitte og kose deg og humre i eit øyeblikk før den i neste kaittel vert uappetitleg eller "intetsigande". Eg likte starten på boka best.

Varme dagar

Varmen gjer at ting skjer fort i hagen. Den første peonen har sprotte ut. Dei fylte sortane vert så tunge at dei treng støtte. Denne har eg plukka inn og støtta opp med ein pinne og ei klemme. Vi skal pynte med den på fredag.

Eg er aller mest glad i dei lysrosa peonane. I fjor plukka eg ein stor bukett og gav til naboen min som passa engletrompeten, før eg reiste på ferie. Ho fekk dei medan dei stod i knupp og hadde hatt glede av dei lenge. I år håper og trur eg dei kjem tidlegare.
Desse små liljeblomstrane held no på å sprette ut.

søndag 1. juni 2008

Fleire hagegleder

Honningknoppurt må som namnet seier, innehalde honning!
Kvit valmuesøster. Både denne og den blå skal plantast om i betre jord i år etter blomstring.
Løytnanshjerte.
Peonen. Denne har de sett før. Eg ventar i spaning!
I dag var det heller kjølig på Høddvoll. Regnskyllane i går kveld hadde ikkje fare pent med rododendronane. Bakken er full av små einslege, men den har fleire knuppar, så vi får sjå.