Viser innlegg med etiketten fotball. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fotball. Vis alle innlegg

tysdag 30. desember 2008

Romjulsmoro

Her på Hareid er innandørsturneringa i fotball 4. og 5. juledag det heilt store. Studentar og andre som er heime på juleferie deltek. Begge laga som gutane her var med på, rauk ut i semifinalen.





laurdag 2. august 2008

Fotball


Norway Cup handlar sjølvsagt først og fremst om fotball. Gutelaget til Hareid vart utslått i A-sluttspelet i 1/16-delsfinalen. Det finst Hareidslag i 11-fotball som har gjort det like bra i A-sluttspelet, men ikkje betre. Så vi er godt nøgde med det sportslege.

søndag 18. mai 2008

Fotballsøndag

Her er guttelaget som Øystein trenar.

I dag spelte dei mot Stranda. Trenar, foreldre og spelarar frå Stranda oppførte seg pent så lenge dei leia. Då stillinga var 1-4, fekk Hareid fart på seg og tok att Stranda mål for mål. Sluttresultatet vart 4-4.

Eg skriv ikkje fotballreferat, men som mor legg eg merke til at der er gode vinnarar og dårlege vinnarar, gode taparar og dårlege taparar. For gjengen frå Stranda var nok uavgjort eit stort tap, etter oppførselen å dømme.

laurdag 29. mars 2008

Avspark

I dag har Olaug spelt på Jets innandørsturnering på Hareid. Mora var og såg på.

Faren køyrde Håkon og ein kompis til Volda på sonesamling.

Audun var med Hødd til Bergsøy.

Journalisten har pendla mellom to hallar. Resultatet kjem vel i avisa på måndag.

søndag 27. januar 2008

Fotball

Øystein har hatt eit stramt program denne veka. No har Håkon og han nettopp kome heim frå Sunnmørshallen etter å ha slått MS IL 4-2. I går skulle han køyre på Hødd Junior, men der dukka det opp spelarar med bil, så han vart ikkje med. Elles har Øystein trena guttelaget 2 dagar og vore på 2 møte. Ein fotballfri dag altså. Både Hareid og Hødd junior vann sine kvalifiseringskampar i går.