fredag 12. november 2010

Brødhistorie

Denne veka har eg kome heim att sist kvar dag.  Andre har laga middag, og eg har berre baka eitt brød i maskina for å halde liv i surdeigen. Når vi driv med lefsebaking, er det interessant å lese litt bakehistorie.  I denne boka kan ein t.d. lese kva ei bestyrerinne på ein  "husholdingsskole" skriv:

Gammel vane er vond å vende
Det er nok dessværre saa, at man endnu ikke forstaar den Kunst at bage et godt Ovnsbrød, det bliver gjerne for tungt og ufordøyeligt, og det er ikkje for ingenting at Turisterne klager jammerlig over det Brød, som de oftest faar på Landsbygden.  Befolkningen selv lider ogsaa derunder; de paadrager sig ofte Kardialgi og andre Maveonder, og saa foretrækker man heller at kjøbe sit Brød færdigbagt end at have det Bryderi at bage det selv og løbe Risikoen ved at faa et daarligt Brød.

Slik kan det ikkje halde fram meiner ho.  Til det er brødbaking alt for viktig.

Brødbagning i Hjemmene maa blive mer almindelig ; man faar lære sig til at bage et sundt og godt Brød.

Husmødrene var flinke med kakebakst, så ho meinte dei måtte lære seg å bake brød heime.  Året er 1898.  Dårleg korn, eller rettare sagt korn med dårleg bakeevne, fekk skulda.  Folk heldt fram med å lage flatbrød og hellebrød.

1 kommentar:

Besta sa...

Trur det var mange på landsbygda som ikkje hadde steikomnar til å steike brød i. Kan hugse at mamma fortalde om noko dei kalla grytebrød som dei steikte i gryter i grua. Trur ikkje besta i Innvik hadde steikomn før dei flytta på Geilemyra, men det er eg ikkje sikker på.
Mora til Besta, mi oldemor, budde på Breim.Mamma fortalde at ein gong hadde mannen hennar vore på Sandane der han hadde kjøpt brød hos bakaren. Dei gøymde han på lasset då han for heim, så ikkje naboane hans skulle sjå kor lettsindig han hadde vore.Det gjekk nok mest i flatbrød, graut o.l.