søndag 30. mars 2008

Ny krim

I dag gjekk eg meg ein times tur mellom frukost og middag, ein kort periode med tenåringar i hus. Måltida vert noså fleksible. Turen gjekk til Lys og Lyst på Bigset og heim, og eg fekk høyrt ein heil CD(nr 4 av 6)

Eg har ikkje lese noko av Kim Småge sidan eg las Nattdykk på 80-talet. Dobbeltmann har fått dårleg kritikk i Dagbladet, men eg har no tenkt å gjere meg opp mi eiga meining. Det er no forfriskande med ei ung dame som helt istadenfor gamle gubbar som drikk. Felles for alle er vel eit dårleg kjærleiksliv?

laurdag 29. mars 2008

Avspark

I dag har Olaug spelt på Jets innandørsturnering på Hareid. Mora var og såg på.

Faren køyrde Håkon og ein kompis til Volda på sonesamling.

Audun var med Hødd til Bergsøy.

Journalisten har pendla mellom to hallar. Resultatet kjem vel i avisa på måndag.

fredag 28. mars 2008

Grovbrød


I går sat eg og oppdaterte meg på brødbaking. Då kom eg over ein "ny" nettstad: http://www.brodogkorn.no/.
Der viste dei korleis ein kunne bake skilpadder og krokodiller.
I dag fekk eg lyst å prøve!

Eg laga brøddeig av ein liter væske, og sette i gang.
Både Håkon og Olaug såg kva eg styrte med, og fekk lyst til å lage sitt eige brød.
Håkon bestemte seg fort for å lage "eit perfekt brød med frø på", og Olaug laga ein kylling.
---
På skulen driv vi med eit undervisningsopplegg som Signe og eg klekka ut då L06 kom. Det vart m.a. lagt vekt på å "skape og utvikle", "lage produktinformasjon" og "reklamere for eit produkt". Elevane får no lage si eiga brødoppskrift (med sterke føringar - det sikrar at det vert vellukka), dei bakar brødet og dekorerer brødposen i tillegg til å teikne brødmerke og skrive anna merking på posen. Når dei har førebudd dette, går det fint på 3 skuletimar med innlagt måltid. Halve klassa lagar brød og resten lagar middag etter tallerkenmodellen.
---
Veit de forresten kva som er definisjonen på "grovbrød"? Jau, det skal vere minst 50% grovt mjøl i det. Det daglege brødet meiner eg bør vere 75% grovt. Elevane sine brød skal ligge mellom 50-75% grovt.

http://www.brodogkorn.no/ fann eg også påskebrød frå mange land, litt seint for i år, men eg sette dei i permen til neste år. Kanskje det vert ein ny vri på påskelunchen?

Uhyggestemning

No har vi to norske TV-kanalar som viser nyheiter heile dagen. Det har sine sider å sjå nyheiter heile dagen. Men det er greit å kunne følgje saker når det stadig skjer nye ting. No er det nok, og har nok vore, ei heilt spesiell stemning i Ålesund.

I tillegg har dei kome til ein konklusjon i Borboun Dolphin-saka. Der kjenner vi litt dei ramma. Det var uhyggelege timar og dagar, spesielt medan det enno var håp.

Eg hugsar at vi høyrde om rasulykka på Rise. Men det som har gjort mest inntrykk på meg, er nok snøraset som gjekk ikkje så langt frå oss. Det var medan eg gjekk på Gymnaset. Eg meiner eg jobba den laurdagen medan dei leita etter borna. Då også vart folk evakuerte, og mange flytta frivilleg. Vi såg berre mørklagde hus rundt oss. (Var det då straumen var vekke i to døgn?) Slik er det nok mange som har det i Ålesund no. Men medan vi kunne puste letta ut då rasfaren var over, vil nok dei vere meir redde for grunnen under seg.

Radioteater

No har eg nettopp høyrt radioteateret sin oppsetting av En nødvendig død av Jan Mehlum. Det som var greit med det, var at det var lett å halde stemmer frå kvarandre. Det var skrive for å lyttast til. Men eg irriterte meg litt over at mysteriet var så overtydeleg. Ein forstod forstod løysinga tidleg, og så måtte det seiast eit par gongar til om de forstår. Omtrent som på amerikansk film.
No har eg lese om boka høyrespelet har tatt utgangspunkt i, og forstår sjølvsagt at det hadde vore kjekkare å fått med seg heile handlinga.

Elles må eg seie at eg har sansen for vittigheitene i språket til Jan Mehlum. Helten er advokat med ei tenåringsdotter. Kanskje ikkje så originalt, men, men. Eg kjem absolutt til å lese fleire bøker av han om eg kjem frampå dei!

Gratulerer med dagen!

I dag fyller mamma 68, og ho ser ikkje ut til å vere ein dag over 63!

Sidan dette går ut på nettet, får eg forklare at det er ein intern spøk i familien å trekke 5 år frå ikkje-runde tal. Eg er ikkje den første som gjer det for å seie det sånn.

måndag 24. mars 2008

Søskenbarn

Denne påska har alle søskenbarna på morssida møtt kvarandre, om ikkje alle på ein gong.
Erlend 4 år. Yngst i ein flokk på 4.
Vebjørn, snart 2 og Eivind snart 6. Dei veks mykje mellom kvar gong vi ser dei.
Jentene, Olaug, Ingeborg og Amanda, stiller alltid opp på bilde og smiler pent.
Karane mine, Einar, Håkon og Audun, er i ein alder dei ikkje likar tradisjonelt oppstilte bilder. Dei vil helst avfotograferast i fotballdrakt.
Eirik vert påverka av dei store gutane, men tanta greier å lure fram eit smil.


søndag 23. mars 2008

Dåp 23.03.08

Det kjem nok ulike bilde og versjonar av Ingeborg sin dåp. Dette få bli dagen sett med tanta sine auge. At ho valde å døype seg i Kilsfjord kyrkje i 1.påskedagsgudstenesta, gjorde både dåpen og gudstenesta spesiell. Då presten fortalde at ho døypte seg på 15.årsdagen sin, gjekk det eit sukk gjennom forsamlinga. Eg er sikker på at både familien og kyrkjelyden er glade for at Ingeborg tok dette valet.
Presten, Kjell-Roger Isene, heldt ei flott preike. Hadde det vore lov å gje terningkast på preiker, skulle han fått terningkast 6 for innhaldet av meg. Organisten gjorde noko så originalt som å flette inn "Happy birthday" i postludiet, som i alle fall dei observante lyttarane høyrde.
Besteforeldra var fadderar.
I starten kom Ingeborg gåande inn medan Amanda bar dåpsvatnet.

laurdag 22. mars 2008

Påskeaftan

Tante Helga kom med dette påskeegget med ein stor pose godteri i. Eit slikt egg som ungane har ønska seg i mange år. Eg har fylt det med mellom anna sjokolade eg har hatt liggande på eit bord i "nyestova" sidan jul. Andre her i huset forstår ikkje at det går an å gløyme at ein har sjokolade.

Alle ungane fekk kvart sitt påskeegg fylt med sjokolade og marsipan. Om nokre år er det kanskje nok å fylle det store?

fredag 21. mars 2008

Langfredag

For eit par år sidan spurde eitt av borna her:
- Ska'kje oss på langfredag?
- Ka du meina?
- E'kje butikkane opne om kvelden?

Seinfredag og langope, er det rart borna vert forvirra?

Sol og skitur

I dag kom vi oss på ski på Eidet. Det var nydeleg sol, men det bles kraftig. Vi fann oss ein rasteplass i ly av nokre grantre som i si tid vart planta for at harane skylle finne ly.
C- og D-vitamininntak.
Vinterkamuflasje.

torsdag 20. mars 2008

onsdag 19. mars 2008

MONSTER-SUDOKU

Siste innan sudoku? Denne fann eg i VG i dag. Ei artig utfordring, kanskje.
Feilen med denne og mange andre sudoku, er at rutene er altfor små!
Eg likar å prøve med på dei vanskelege, men då må det vere plass til
ni tal i kvar rute!

tysdag 18. mars 2008

Kake frå kjendisboka.

Kake i 4 lag.
- eggedosis med 2 ms mjøl nederst.
- eit lag med sjokolade blanda med smør, melis og eggeplomme
- 1 pk fløyte piska til krem
- marengs med brunt sukker
- peanøtter og ev. riven sjokolade på toppen (eg sette ei skål med peanøtter ved sidan av)
Min dom: Denne kaka har himmelsk i namnet. Men eg må innrømme at den vart for søt for meg..................

Besøk frå Molde


På menyen stod det lammelår. Viss nokon ein gong skulle spørre meg om kva som er yndlingsretten min, eit standardspørsmål i portrettintervjua i Vikebladet/Vestposten, ville eg ha svart lammelår. I dag steikte eg to lår på 175 grader.

Og så får eg ta med mormor sitt tips for god, brun saus.
- Begynn å lag bruning når du set steika i omnen. Brun den sakte og kok sausen lenge i jerngryte. I tillegg til sjyen har du ein kopp kaffi med fløyte i sausen, det gjer susen.

Poker




Når halvstore søskenbarn møtest, er det kjekt å spele ulike spel. I dag stod det poker på programmet.

måndag 17. mars 2008

Vinter?

I dag fekk vi nokre timar snø med hyttebygging og anna snøleik. Så kom regnet.

søndag 16. mars 2008

Not without my daughter

Denne gjorde eit sterkt inntrykk på meg på 80-talet ein gong. Det var den tida bøkene heitte "Den brennende sengen" t.d. Kan eg ha lese boka som ei framhaldsforteljing i eit vekeblad?

For ei vekes tid sidan dukka det opp nye TV-kanalar her, TV-Norge, TV2 Nyhetskanalen og TV2 Filmkanalen. På den sistnemde gjekk filmen i dag. Sally Field spelte hovedrolla og Alfred Molina (Kva kontinent har ikkje han kome frå? Alt frå grekar til søramerikansk skurk og her iranar) ektemannen. Filmen svarte heilt til forventningane.

Frå vår til vinter

Gårsdagen var eit godt eksempel på at ein bør gripe dagen. No snøar det tett ute. Blæs gjer det også. Bildet er tatt klokka halv tre, mellom bygene.

laurdag 15. mars 2008

Hagedag

I dag kom eg meg ut for å styre litt i hagen for første gong i år. Det er mykje tørt som skal vekk, og faktisk er det litt ugras å finne. Desse primulaene får kanskje nytt liv ute?
Eg hadde løkar i ei potte til. I år som i fjor fann eg tulipanar i Ulsteinvik. Ein kan sjølvsagt dyrke dei fram sjølv, men då må ein kome på det litt i forkant. I fjor tenkte eg at det neste blir vel at dei fyller utepotter med ulike løkar, så slepp ein det og. I år har eg sett slike samanplantningar både i Ulsteinvik og på Hareid. Lettvint skal det vere! Og kvifor ikkje?
I dag har eg lese dei tre siste CD-ane medan eg har styrt både ute og inne. Måndag skal eg levere lydboka inn att. Denne gongen tok eg ingen sjansar. Den nye MP3-en stoppar og slår seg på att midt i eit spor dersom eg set på pause og den slår seg av. Det er ein fordel når spora er på 15-20 minutt som på denne boka.

Gledeleg overrasking!

For eit par-tre veker sidan kasta eg eit par krysantemer. Eg måtte ha noko å ha i pottene og fann eit par kaktusar inne på Øystein sitt kontor. Til mi store overrasking og glede, ser eg at det ikkje er novemberkaktusar som eg har ein 15-20 stykker av, men dei to påskekaktusane eg kjøpte i fjor. Dei har vakse seg større og står med "tusen" knoppar. Følg med, det kan kome framhald!

Makro





Mi venninne M har kjøpt seg ein nyare modell av mitt fotoapparat og kan forteje at hennar apparat har 3 makroinnstillingar. Kor mange har eg? Godt spørsmål. M er flink å lese bruksanvisningar. Eg vil helst lære ved å gjere, men innser at det er ei tåpeleg innstilling. No trur eg at eg har to innstillingar på mitt apparat. Den eine med makroteikn og den andre med ein S ved sidan av makroteiknet. I dag tok eg desse bilda, og ser at ein bør vere nøye med bakgrunnen!

fredag 14. mars 2008

Munkar



I dag steikte vi munkar etter oppskrift frå kona til Jagland i kjendisboka. Dei var gode, men for søte, sjølv om eg reduserte sukkermengda. I staden for vaffeljernet, kan ein no ta med munkejernet på altanen utover våren.

Ulykkesdag

Onsdagen fekk ein skikkeleg irriterande start. Det starta med at MP3-spelaren var heilt daud. Det var ikkje muleg å få kontakt med han. Og det midt i "livstid". Boka hadde eg lånt av mamma då ho var her og berre lagt inn på MP3-en.

For dei som ikkje har MP3-spelar kan eg opplyse om at ein har to val. Ein kan legge boka inn på MP3-en eller på MP3-en og datamaskina. Eg hadde sjølvsagt berre lagt boka inn på MP3-en. Så fekk eg berre sykle på jobb utan bok på øyret. Der hoppa kjeda av sykkelen! Eg måtte leie sykkelen. Det skjedde dagen før også, så no er det vel ikkje håp. Dessutan har eg sykla på eitt gear sidan i haust.

Sykkelhuset (Ein gong ho ringde meg trudde eg Audun var innlagd) opnar ikkje før etter påske. Lite å gjere med.

Etter middag hadde eg bestemt meg. Biblioteket neste. Eg la fram problemet. Papirutgåve eller lydbok, det kunne vere det same berre eg får med meg slutten. Nei, lydbok måtte det vere, meinte ho, og det kunne ho skaffe før påske. I dag, fredag, var boka komen! Snakk om sørvis!

Så var det MP3. På El-kjøp hadde dei ikkje ein einaste MP3 med 4GB. Men ei ny utgåve av creative 2MB til 499. Eg sjekka konkurrenten. Ikkje gamlemodellen til 800 kr der, slik eg har sett avertert. Nei, vel, eg fekk kjøpe den med berre 2GB då. I kassa skulle dei ha 999! Nei, då skal eg ikkje ha den, sa eg. Enden på visa var at eg fekk den for 499. Det var det den var verd etter min meining. Torsdag hadde konkurrenten same med 4GB til 999.

Seljaren forstod sjølvsagt ikkje kva eg skulle med 4 GB, ein ung kjekk kar. Eg likar å ha 4 bøker på igongen. Han ville selje meg I-pod sidan eg hadde så høge krav forstod eg, men då må eg ha eigen PC. Det hadde han til halv pris. Ja, ja, i vidare irritasjon, eller eigentleg ikkje, det var vel eit greit kjøp, sånn sett, sette eg meg ned for å lære meir. No har eg funne ut korleis eg kun lagrar bøker på PC-en, for seinare å legge dei inn på MP3-en. Eg kunne det på den første MP3-en eg hadde, men denne har eiga programvare.

No har eg nettopp gått meg ein tur og høyrt CD nr 8!

torsdag 13. mars 2008

Pianoflytting




Då vi arva pianoet for ca 6 år sidan, tok vi det inn nede og sette det på rommet til Audun. I haust ville han ha seg ny seng, og vi flytta pianoet inn på Einar sitt rom sidan han var i Bodø. No treng han større arbeidsplass, og det vart eit spark bak for oss til å få ordne med kran. Eg trur bilda får tale for seg.